Nyheter

Svensk forsvar har sin første operative satellitt

Det svenske forsvaret har for første gong sendt opp ein satellitt. Den skal brukast til å kartlegge militære mål i Russland, melder eit svensk nyheitsbyrå.

I BANE: Den svenske satellitten skal gå i låg bane rundt jorda og ta bilete i høg oppløysing, ifølge det svenske forsvaret.
Publisert Sist oppdatert

Klokka 9 søndag morgon blei ein overvakingssatellitt skoten opp i rommet frå Vanderberg romstasjon i USA.

Denne er eigd av det svenske forsvaret, og er den første operative satellitten deira i rommet, skriv Försvarsmakten i ei pressemelding.

Oppskytinga blei gjort med ein Falcon 9-rakett frå SpaceX, og er ein av omtrent ti som er planlagt til dei komande åra, heiter det vidare.

Måla er blant anna å kartlegge militær mål i Russland, ifølge det svenske nyheitsbyrået TT.

– Dette gir oss eit betre bilete av operasjonsområdet vårt, inkludert område som er vanskeleg å overvake som Arktis, seier den svenske romfartssjefen, flåteadmiral Anders Sundeman, i pressemeldinga.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

– Dette skapar betre føresetnader for Sveriges og Natos forsvarskapasitet, og bidreg til vår emne til å oppdage og nedkjempe truslar på lange avstandar.

Sverige har byrja å bygge eit operasjonssenter for romfart, der det svenske luftforsvaret kan bruke satellittane til å produsere eit situasjonsbilete.

Satellitten som blei skoten opp søndag skal driftast av Planet Labs, og ta bilete i høg opplysing frå ei låg jordbane.

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at flåteadmiral Anders Sundeman er forsvarssjef i Sverige. Det rette er at han er romfartssjef. Endringa blei gjort måndag 11. mai klokka 09.40.

Powered by Labrador CMS