arendalsuka

Ekspert på innsyn refsar forsvaret

Forsvaret fekk kritikk under debatt for sak om to lovbrot: – Urovekkande at forsvarssjefen ikkje opptredde slik han pliktar, seier innsynsekspert. Forsvaret seier dei har gjort utbetrande tiltak.

EKSPERT: Advokatfullmektig og innsynsekspert Vegard Venli under Forsvarets forums openheitsdebatt på Arendalsuka.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene

ARENDAL (Forsvarets forum): Under Forsvarets forum sin debatt om openheit i Forsvaret, blei ei Sivilombodet-sak frå 2024 tema. Innsynsekspert og debattant Vegard Venli meiner denne og andre saker viser at Forsvaret har ein veg å gå, når det kjem til openheit.

Brukte åtte månader på innsyn-krav

For tre år sidan søkte ein HV-soldat om innsyn i alle saksdokument knytt til at Forsvarsstaben etterbetale feriepengar til tilsette i Heimevernet. Ifølge reglane for innsyn skal det ta opp til tre dagar å få svar.

Ei gransking frå Sivilombodet viser at det tok åtte månader:

– Det er eit alvorleg brot på offentleglova. Det går lang tid mellom kvar gong eg ser så alvorlege eksempel på trenering, seier advokat og spesialist på offentleg innsyn, Vegard Venli til Forsvarets forum.

Han viste til saka under debatten på Arendalsuka.

KRITISK: Vegard Venli har jobba 20 år som journalist i mellom anna NRK, Dagbladet og Aftenposten. I dag jobbar han som advokatfullmektig med spesialisering i offentleg innsyn.

Forsvarsstaben braut tidsfristar

Sivilombodet er sett ned av Stortinget for å sjekke om offentlege organisasjonar følger lover, regler og det Stortinget har bestemt. Sivilombodet refsar Forsvaret for fleire ting i granskinga.

Det eine er at det tok åtte månader før innsynskravet blei svara på.

Forsvaret får også kritikk for at dei ikkje har svart Sivilombodet innan fristane dei fekk, under granskinga av saka. Det står blant anna i utsegna:

«Forsvarsstabens gjentatte anmodninger om utsatt svarfrist, fristoversittelser og utilstrekkelige svar på henvendelsene herfra, strider mot Stortingets forutsetning om at ombudets henvendelser skal prioriteres». 

Kritisk til Kristoffersen

Sivilombodet skriv at dei kontakta forsvarssjefen direkte:

«I brev 7. juni 2024 til forsvarssjef Eirik Kristoffersen avslo sivilombudet anmodningen om ytterligere utsatt svarfrist.»

Innsyns-ekspert Venli er kritisk:

– Vi har ein forsvarssjef som, trass i eit personleg brev frå Sivilombodet, ikkje opptrer slik han har plikt til og som ombodsmannen ber om. Det er urovekkande og alvorleg. Sjølv etter at forsvarssjefen blei personleg tilskriven, braut Forsvaret tidsfristen, seier advokaten.

Han har også omtala saka på heimesidene til advokatfirmaet Venli Homestad. Sjå tilsvaret frå Forsvaret lenger ned i saka.

Desse lovene blei brotne

Ombodet meiner dei åtte månadene svaret tok er brot på Offentleglova § 29 og Forvaltningslova § 11 – veiledningsplikta. Venli meiner Forsvaret gav blaffen i Stortinget.

– Eg meiner saka vitnar om ein total mangel på respekt for Stortingets ombodsmann. Då manglar du ei evne til å innrette deg i tråd med norsk lov og ein så utruleg viktig funksjon som Sivilombodet spelar i sivilsamfunnet, seier den tidlegare journalisten og no advokatfullmektig til Forsvarets forum etter debatten.

Meiner Forsvaret har jobb å gjere

Venli har halde ei rekke foredrag om innsyn og Offentleglova og sat i Presses offentlighetsutvalg. Han meiner at åtte månader for å svare på innsynskrav ikkje står i samsvar med det Forsvaret seier om openheit:

– Når dei på nettsidene sine skriv at dei er opptatt av openheit, er det eigentleg ingen realitet idet. Når du ikkje etterlever den openheita som Stortinget har bestemt at du skal ha.

Forsvaret: – Tek på alvor og har utbetra 

Aleksander Hage er pressevakt i Forsvaret:

– Forsvaret er godt kjent med denne saka frå 2024, og vi tok kritikken på alvor. På bakgrunn av kritikken vi fekk frå Sivilombodet den gong innførte Forsvaret tiltak for å betre saksbehandling knytt til innsynsbegjæringer, svarar han og fortset:

– Vi styrka blant anna bemanninga slik at vi har fleire som jobbar med innsynsbegjæringer. Vi er også i prosess med å innføre eit nytt arkivsystem som vil gjere saksbehandlingane meir effektive, seier Hage som svarar på vegner av Forsvaret.

Nationen har tidlegare omtala saka (bak betalingsmur).



























Powered by Labrador CMS