Forsvaret får ros for å ha blitt meir opne. Samtidig er lovekspert kritisk: – Grovt når Forsvaret brukar åtte månader på å svare, seier Vegard Venli.
DEBATT: Frå venstre: Stine Barclay Gaasland, Daniel Osen, Sunniva Berggreen Kaalaas, Vegard Venli og Heine Sandvik Brekke, journalist i Forsvarets forum.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
ARENDAL (Forsvarets forum): Korleis står det til med ytringsfridommen og openheita i Forsvaret?
Annonse
Det var tema for Forsvarets forum sin debatt under Arendalsuka tysdag. Sjå diskusjonen i videovindauget lenger ned i saka.
Kritisk
Vegard Venli har jobba i 20 år som journalist, blant anna i NRK og Aftenposten. I dag jobbar han som advokatfullmektig i Venli Homestad, med spørsmål om innsyn og Offentleglova.
Under debatten trakk han fram at Forsvaret har fått kritikk i 2025 av Sivilombodsmannen, blant anna for brot på Offentleglova:
– Forsvaret fekk eit spørsmål om innsyn i reglar om feriepengar. Denne skulle dei ifølge lova bruke maks tre dagar på å svare ut. Det tok åtte månader og enda med durabeleg kritikk av Forsvaret frå Sivilombodsmannen, seier Venli.
– Strukturelt problem
Venli viste til tre andre nyare saker hos Sivilombodsmannen som handla om manglande innsyn hos Forsvaret. Han meiner det er ein veg å gå når det kjem til innsyn:
EKSPERT: Vegard Venli blir rekna som ein av dei fremste ekspertane på Offentleglova og ytringsfridom i offentleg sektor.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Dette er ganske alvorleg og vitnar om eit strukturelt problem i Forsvaret, som har halde ei rekke foredrag om ytringsfridom og innsyn i offentleg sektor.
KOM-SJEF: Stine Barclay Gaasland er stedfortredende kommunikasjonssjef i Forsvaret og oberstløytnantFoto: Jo Straube, Forsvarets forum
Forsvaret: – Vil ha debatt
Stine Barclay Gaasland er stedfortredende kommunikasjonssjef i Forsvaret:
– Eirik Kristoffersen har vore forsvarssjef i seks år og er veldig tydeleg. Han oppmodar alle tilsette til å aktivt ta del i debatten. Så er det opp til ein sjølv om ein ønsker å uttale seg. Vi forventar at alle sjefar er aktive og tek den rolla, sa Gaasland under debatten.
INNSYN: Sunniva Berggreen Kaalaas har sendt over tusen begjæringar om innsyn til Forsvaret.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
Forsvarsjournalist: – Har blitt betre
Sunniva Berggreen Kaalaas har bakgrunn som befal i Forsvaret og har jobba fem år som journalist i Forsvarets forum. Ho har sendt over 1000 innsynssøknader til Forsvaret.
– Det skal Forsvaret ha, særleg leiinga: Det har definitivt blitt meir ope enn det var. Leiinga er veldig tydeleg på at Forsvaret skal vere ope. Det eg er redd for et at det ønsket leiinga har, ikkje har spreidd seg i resten av organisasjonen.
TA ORDET: Daniel Osen skriv doktorgrad, jobbar i Forsvaret og meiner langt fleire bør ta ordet i Forsvaret.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Forsvaret er ope
Daniel Osen er oversersjant og doktorgradsstipendiat i prestasjonspsykologi. Han sa fleire gongar frå scena at Forsvaret er ein open organisasjon:
– Det er svært viktig at tilsette i Forsvaret torer å snakke med journalistar. Det kan vere at det vil vere ubehageleg. Men eg er tilhengar av at det er nettopp den tyngste steinen vi skal løfte, sa Osen.
Han seier det norske forsvaret praktiserer ein større grad av openheit samanlikna med blant andre Danmark. Han kom også med ein kronikk i Forsvarets forum om dette på tysdag.
DEBATTLEIAR: Journalist i Forsvarets forum, Heine Sandvik Brekke, var ordstyrar og debattleiar.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum