Saka er oppdatert måndag 13. juli med ein ettersendt kommentar frå Forsvarsdepartementet.
Annonse
I fjor donerte 92 panservogner og 187 småvåpen til Ukraina.
Det kjem fram i den årlege rapporten som regjeringa leverer til FN gjennom våpenhandelsavtalen (ATT).
Denne skal sørge for openheit i verdshandelen av konvensjonelle våpen, og gjeld forsvarseigd materiell som kryssar Noregsgrensa.
Til saman fekk Noreg levert våpen av andre til ein verdi av 5.5 milliardar kroner.
Mykje av det Forsvaret sende ut var donasjonar, og ikkje inntektskjelder.
Vi går igjennom det viktigaste på lista, og tek eit blikk på den breiare industrien.
Dette har Forsvaret sendt
Kartet under viser med piler kvar det norske Forsvaret har sendt våpen i løpet av 2025. Dette gjeld berre dei som har kome heilt fram.
Det einaste vi ikkje veit mottakarlanda til er missil. Vi veit at dei blei sende, men ikkje kor mange, kvar dei er eller kva dei kosta.
Ukraina fekk det aller meste av eksportmateriellet.
Dei tok imot:
33 Iveco LMV M189 Eit lett multirolle-køyretøy
26 M113 APC og XA-186 SISU Pansra personellkøyretøy
18 XA-185 Sisu Forsvarsambulansar
12 NM204 og M125A2 Bombekastarvogner
3 NM-189 Ingeniørpanservogner
Ukrainarane fekk også eit skjerma antal81 mm bombekastarar, og eit skjerma antal F-16 jagarfly, heiter det i rapporten.
IVECO: Dette multirollekøyretøyet blei kjøpt av Forsvaret i 2006 til bruk av norske styrkar i utlandet.Foto: Forsvarets forum
M113: Noreg har brukt dette personellkøyretøyet, som skal vere verdas mest produserte panservogn, sidan 1964.Foto: Forsvarets forum
SISU: Sanitetsbataljonen nytta Sisu XA-185 frå 1995 til 2021. Då blei dei erstatta av ombygde Patria Pasi XA-203N.Foto: Frederik Ringnes,Forsvaret
NM-189: Denne ingeniørpanservogna er ein norsk modell bygd på understellet til ein Leopard 1.Foto: Torgeir Haugaard, Forsvaret
BOMBEKASTAR: Modellen til bombekastarane Ukraina har fått er ikkje oppgitt, men den på biletet skyt ammunisjon av same storleik.Foto: Karelius Heitmann, Forsvaret
F-16: Noreg sendte også jagarfly av typen F-16. Det på biletet er tyrkisk, og deltok i øvinga Ramstein Flag på Ørland flystasjon i juni.Forsvarets forum
Oversikta over mindre våpen er ikkje like detaljert. Det står at Ukraina fekk 187 «handvåpen og lette våpen», og ti tunge maskingevær.
Dei andre store systema som gjekk ut av Noreg i 2025, var F-16 som blei selt til Romania, og ei Leopard 1 stridsvogn som blei gitt bort til eit museum i USA.
Sjølv om antalet jagarfly og prislappen er skjerma i rapporten, har regjeringa publisert at det dreiar seg om 32 fly, til prisen 388 millionar euro. Dette svarar i dag til 4.4 milliardar kroner.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
Dette har Noreg teke imot
Den andre vegen har regjeringa delt konkrete tal på kor mykje ting har kosta. Den melder at Forsvaret kjøpte våpen av fire land i fjor.
Desse våpena kom fram, med prislapp denne gongen:
12 sørkoreanske K9 og K10 køyretøy 750 millionar kroner
Fem amerikanske F-35 kampfly 4.5 milliardar kroner
9501 tyske automatgevær 200 millionar kroner
900 belgiske maskingevær 55 millionar kroner
Forsvarets forum har kontakta både Forsvarsdepartementet (FD) og Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar, som har laga rapporten.
Vi spurte kvifor ein har skjerma prisar på materiellet, blant anna frå F-16-salet til Romania. Det har regjeringa sjølv opplyst om på sine nettsider.
– Av tryggleiks- og operative omsyn kommenterer vi ikkje detaljar om militære donasjonar utover det som allereie er offentleg kommunisert av norske styresmakter, seier pressevakt i FD Frank Lynum.
Kvifor opplysingane frå den offentlege pressemeldinga er unnlatne i ATT-rapporten, svarar ikkje FD på.
K9 VIDAR: Artillerisystemet Noreg får levert frå Sør-Korea består av K9 og K10.Foto: Krister Sørbø, Forsvaret
FLEIRE KAMPFLY: Noreg fekk levert fem slike i fjor, heiter det i rapporten.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
AUTOMATGEVÆR: Det står ikkje i rapporten kva for automatvåpen Noreg kjøpte frå Heckler & Koch, men HK416 er Forsvaret sitt hovudvåpen.Foto: Henrik Sataøen, Forsvarets forum
MINIMI: Heller ikkje maskingeværmodellen frå belgiske FN Herstal er spesifisert. Men i 2022 bestilte FD denne, Minimi 7,62 MK3, til Heimevernet.Foto: Forsvarets forum
Det store bildet
Ser ein på forsvarsmateriell frå sivile leverandørar og sivile produkt til militær sluttbruk, ser kartet heilt annleis ut.
I fjor eksporterte norske bedrifter forsvarsmateriell til ein samla verdi på 19 milliardar kroner.
Ukraina kjøpte materiell for nesten tre milliardar kroner, men framleis langt mindre enn USA, som kjøpte for fem.
Det er nødvendig for den norske forsvarsindustrien å eksportere mykje, meiner leiaren for Forsvars- og tryggingsindustriens foreining (FSI), Torleiv Opland.
– Det er ein heilt spesiell bransje der du ikkje kan sikte deg inn på å vere nest best. Det å vere nummer to i krig er ingen god plassering, seier han.
FSI: Foreiningsleiar Torleiv Opland seier våpeneksporten til Noreg har auka.Foto: Forsvars- og sikkerheitsindustriens foreining
– Du må levere verdsleiande teknologi og produkt for å henge med, og då treng ein utlandsmarknaden. Så det at vi har ein så eksportretta industri, på 80 prosent altså, det er veldig viktig for Noreg.
Noreg informerer mykje meir enn mange andre land om kva det kjøper og sel av våpen. Dette meiner Opland kan vere ein fordel.
– Det er noko som eigentleg kan tydeleggjere at vi har ein leiande forsvarsteknologi med den avskrekkinga som ligg idet, seier han.
– Så det hadde i grunnen berre vore ei ulempe dersom det var skikkeleg dårleg?
– Ja, men då hadde vi truleg ikkje fått selt det, ler han.