Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
ARENDAL (Forsvarets forum): Førre veke blei Ukraina ramma av rundt 70 ballistiske missil. Dei var skotne frå Russland, men mange av dei er laga i Nord-Korea, hevder president Volodymyr Zelenskyj, ifølge BBC.
Annonse
Ukraina sin ambassadør seier dei er negativt overraska over kva dei fann i vrakrestane:
– I dei nordkoreanske missila fann vi store og viktige delar som er produsert av selskap i EU og USA. Eg har eit spørsmål: Verkar dei vestlege sanksjonane når det er slik, spør ambassadør Oleksiy Gavrysh.
Han deltok i ein panelsamtale i Arendalsuka arrangert av Den Norske Helsingforskomité.
MISSIL: Bildet viser russiske RS-24 Yars ballistiske missil under ei militærparade i Moskva i 2025.Foto: Alexey Maishev, AP, NTB
– Missila kan nå Noreg
Ambassadør Gavrysh seier at dei same ballistiske missila som bombar Ukraina, kan nå Noreg.
– Eg vil minne om at russiske ballistiske missil kan nå ein tredjedel av Noreg, seier ambassadøren.
Han ønsker at Noreg legg press på EU og USA for å hindre sal av delar som ender opp i russiske eller Nordkoreanske ballistiske missil.
Etterlyser konsekvensar
Darya Kuzmina er leiar av sanksjons-avdelinga i den ukrainske tenketanken StateWatch. Ho har granska og ettergått omgåing av sanksjonar.
– Vestlege selskap bør ha avdelingar som sjekkar kor komponentane ender opp. Om delane blir selde til Tyrkia, Emiratane og Hongkong, er det stor sjanse for at dei blir selde vidare til Russland, seier Kuzmina.
GRANSKAR: Darya Kuzmina granskar korleis vestlege sanksjonar mot Russland verkar. Og korleis dei har hol i seg eller blir omgått.Foto: Øystein Windstad, Forsvarets forum
Ho meiner det må svi å bryte eller omgå sanksjonar.
– Det må få konsekvensar for selskap som omgår eller bryt sanksjonane. Om det ikkje har konsekvensar, vil eksporten til Russland fortsette, seier sanksjons-eksperten.
Samtidig som ho er kritisk til omgåing, seier ho at sanksjonar gjort rett har stor effekt.
– Vi har fleire gode eksempel på at sanksjonar har verka. Nyleg måtte eit russisk selskap som lagar våpen og kanonløp stenge fabrikken. Dei fekk ikkje tak i dei nødvendige råmateriala, seier Kuzmina som deltok i fleire debattar under Arendalsuka.