Vil doble budsjettet for kritisk infrastruktur i Forsvaret
Regjeringa vil vie ytterlegare åtte milliardar for å styrke militære anlegg og legge til rette for alliert mottak. På lista står flystriper, kaier og drivstoffanlegg.
I SKYTTARGRAVA: Forsvarsminister Tore O. Sandvik presenterte forslaget om budsjettauken til kritisk infrastruktur under eit besøk til Sessvollmoen.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Forsvarsministeren vandrar gjennom eit nettverk av skyttargraver på Sessvollmoen leir i Akershus.
I bakgrunnen øver rekruttar på eit krigsscenario, for korleis det kunne blitt å forsvare Sør-Noreg dersom landet skulle bli invadert.
Han kjem ikkje berre på synfaring. Som del av regjeringa sitt nye forslag til langtidsplan for Forsvaret, vil dei doble budsjettet for vedlikehald av kritisk infrastruktur.
Løftet frå åtte til 16 milliardar dei neste fem åra, skal skje på leirar som denne og anlegg over heile landet. Hovudprioriteten er å lettare kunne ta imot allierte soldatar og materiell.
KLARE TIL ØVING: Rekruttar på Sessvollmoen kamuflerer seg til eit fiktivt kampoppdrag.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
– Kapasiteten til å ta imot allierte er kraftig auka, men vi treng alt frå kaiar til lager til transport og andre ting, seier Sandvik til Forsvarets forum.
– Det handlar rett og slett om å gjere det viktigaste først, og bli klare tidlegare.
Mindre nybygg og standardheving
Som del av den nye langtidsplanen vil regjeringa velje bort nybygg og generelle standardhevingar til fordel for funksjon.
Unntaket er fire store nybygg-prosjekt: på Haakonsvern, Ramsund orlogsstasjon, Terningmoen leir og Natos nye luftoperasjonssenter i Bodø.
– Det er eit vedlikehaldsetterslep i Forsvaret, der ein har ganske mykje å hente inn. Er dette nok til å møte det?
– Vi kjem til å vere mykje meir systematiske når det gjeld slike ting. Vedlikehaldsetterslep er noko som kan vekse kraftig, seier Sandvik.
PRIORITETAR: – For å unngå blod må det bli ein del tårer, seier Tore O. Sandvik om vala dei har teke i langtidsplanen.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
– Det har noko med kva standard du set. Men vi må setje standarden på funksjonalitet, at vi blir klare tidlegare, kritisk infrastruktur og å ta imot allierte.
– Så det er ei omdefinering av kva som er bra nok?
– Eller ei presisering, vil eg seie. Ei presisering av kva vi gjer no, først, svarar han.
– For å unngå blod må det bli ein del tårer. Det er mange som kjem til å gråte over manglane i budsjettet fordi vi treng å satse meir på forsvar og tryggleik. Men då må vi også vise at vi er i stand til å prioritere.