Ny langtidsplan «tek ikkje høgde for» Hormuz-blokaden
Regjeringa sitt forslag til ny langtidsplan for Forsvaret er meir realistisk for kva ting kostar i dag, seier forsvarsministeren. Men dyrare skal det bli, meiner han.
STENGT AV: Ein femtedel av verdas olje og gass går vanlegvis gjennom Hormuzstredet. I dag er det i praksis stengt.Foto: AP, NTB
– Det kan eg allereie fortelje no, at vi har ikkje teke høgde for at alt kjem til å bli dyrare av den ekstraordinære situasjonen i Hormuz.
Annonse
Det seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) til Forsvarets Forum tysdag.
Vi når han på telefon like før han reiser til påskefjellet, for å snakke om regjeringa sitt nye forslag til langtidsplan for Forsvaret.
Ein har teke høgde for at fleire land vil kjøpe våpen, og at dei difor blir dyrare. Ei svekka krone ligg også til grunn for at forslaget kjem no.
Men Hormuzstredet, gjennomfartsåra for ein femtedel av verdas olje som er stengd på grunn av Iran-krigen, var ikkje med i rekninga.
– Kostnadsutviklinga kjem til å fortsette, og den kjem til å presse opp prisar, seier Sandvik.
NYTT UTKAST: Regjeringa presenterte sitt nye forslag til langtidsplan for Forsvaret før påske.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Analytikar: – Forandrar absolutt alt
Per Magnus Nysveen er analysesjef i Rystad Energy, og har følgt tett med på situasjonen i Hormuz.
Han seier at eit stenginga var det «verst tenkelege scenariet» for alle som driv med olje.
– Det er klart at dette forandrar absolutt alt. Så styresmaktene må setje seg grundig inn i kva effekten vil bli i 2027, og den vil bli vesentleg, seier han til Forsvarets Forum.
– Høgare transportutgifter. Alle varer blir dyrare, straumen blir dyrare, Noregspris vil koste meir. Så vi er i ein heilt annan situasjon når budsjettet skal planleggast enn det vi trudde vi skulle vere.
LANGVARIG EFFEKT: Analyseselskapet Rystad Energy trur effekten av Hormuz-blokaden vil merkast i to til tre år.Foto: AP, NTB
Dette vil også vanlege folk kjenne på. Men sentralbanken kan ikkje løyse det med å setje opp styringsrenta, fortel han.
– Dette er litt annleis enn det vi har sett tidlegare av inflasjon. Dette er energidriven inflasjon, seier han.
– Folk får det vanskelegare på grunn av høgare prisar, og dersom sentralbanken i tillegg bestemmer seg for å sette opp renta blir det ein dobbel smell.
Nysveen trur ikkje at det vil skje. Men han reknar at effekten frå Hormuz-blokaden vil vare i to til tre år framover.
– Forsyner oss grovt av kaka
Forslaget inneber å auke dei økonomiske rammene for langtidsplanen med 115 milliardar kroner fram til 2036.
Samtidig har driftseiningane i Forsvaret blitt bedne om å kome med forslag om korleis dei kan kutte eige budsjett med opptil éin prosent, skriv Forsvarets fellestenester (FFT) i ein e-post til Forsvarets Forum.
Formålet er å kutte 546 millionar kroner gjennom effektivisering og modernisering.
EFFEKTIVISERING: Samtidig som at Forsvaret skal bruke meir pengar, må driftseiningane bli meir effektive. Her er soldatar oppstilte Nato-sjef Mark Rutte sitt besøk til Cold Response.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
– Korleis rimar det med forsvarsløftet at delar av forsvaret må bruke mindre pengar?
– Det rimar veldig godt, seier Sandvik.
– Vi leiter etter måtar å drive meir effektivt på, så vi får meir igjen av pengane. Både fordi vi har respekt for resten av samfunnet, der vi no forsyner oss grovt av kaka, og fordi kostnadsutviklinga er så stor.
Dette betyr at ein må finne billigare måtar å gjere ting på, og «velje funksjonalitet over berre standardheving», seier han.
Vil dele på fly og dronar
Regjeringa ønsker også å sløyfe fleire av våpena som Stortinget sist blei einig om å bestille.
– Mykje av det vi lærer oss no som kostnadsutviklinga er stor, er at vi i større grad må klare å dempe den gjennom tettare samarbeid, seier Sandvik.
– No som Danmark har teke initiativet til å kjøpe tankfly, så kjøpar vi oss timar i det tankflyet.
Det same gjeld dei langtrekkande overvakingsdronane som skulle operere frå Andøya, seier han. No skal oppdraget løysast med satellittar og hjelp frå andre land.
SKROTA PROSJEKT: Andøya får ikkje lenger langtrekkande dronar. Men flystasjonen blir framleis viktig for Forsvaret, seier Sandvik.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Storbritannia har slike dronar. Vi veit at Danmark vurderer å kjøpe dei. Vi tenker at i samarbeid med allierte, så vil vi kunne ha tilgang til den typen data og kapasitetar, fortset Sandvik.
Ordførar på Andøya Kjell Are Johansen (Ap) er skuffa over at droneprosjektet blei sløyfa, og bad sist veke om «tydelege signal» på at samarbeidet med britane vil skje på Andøya.
Det er «veldig mogleg» at britiske dronar vil kome til å operere frå Andøya, seier Sandvik.