Nyheter

Algerie skal ha fått russiske stealth-jagarfly

Ein video lagt ut på nett av ein algerisk potetbonde ser ut til å bekrefte at landet er det første som mottek femtegenerasjonsflyet Su-57, melder Defense News.

STEALTH-JAGARFLY: Su-57 i si gjenkjennelege drakt, her framvist på Aero India i tidleg 2025.
Publisert Sist oppdatert

Videoen er filma med ustødige hender, og viser blå himmel over sauer på eit tørt jorde.

I bakgrunnen kvin ein høg, skingrande lyd. Eit spisst, grått fly ser ut til å vere kjelda.

Dette skal vere ein russisk Su-57, melder Defense News, og filma i nærleiken av Oum El Bouaghi flybase i Algerie.

Brukaren som har delt den på TikTok, har også videoar av algeriske bylandskap og fotballkampar.

Dersom den er reell, har Algerie blitt det første landet utanom Russland til å fly Su-57, skriv Defense News vidare.

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene

Sist haust stod hackegruppa Black Mirror bak ein dokumentlekkasje av det som skal vere ei rekke våpensal frå Russland.

Ifølge lekkasjen, som blei dekt av blant andre russiske The Insider, har Algerie bestilt tolv av flya.

Også i bestillinga var 14 Su-34 bombefly, ifølge dei same dokumenta.

Powered by Labrador CMS