Nyheter

Slik trur ekspertane Russland vil reagere

Professor Sven G. Holtsmark forventar hard russisk ordbruk etter beslaget av skip ved Svalbard. 

SVALBARD: Det russiske skipet Professor Moltsjanov utanfor Longyearbyen tidlegare i år.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene

Torsdag tok norske myndigheiter beslag i eit russisk skip som låg til hamn i Barentsburg. Russlands president Vladimir Putin skuldar Noreg for å drive med piratverksemd.

– Vi vil få høyre at dette er endå eit brot på Svalbard-traktaten. Det vil fortsette med ein tøff og eskalerande retorikk. Det er ganske føreseieleg, seier Sven G. Holtsmark, professor ved Institutt for forsvarsstudier til Forsvarets forum.

Bakgrunnen for at det russiske skipet Professor Moltsjanov blei teken i arrest, handlar om Russlands invasjon av Ukraina. Då Russland annekterte Krym i 2014 tapte det ukrainske statlege petroleumsselskapet Naftogaz store summar. Naftogaz vann i ein voldgiftdomstol i Haag og Russland blei dømt til å betale 4,2 milliardar dollar i erstatning.

ANNEKTERING: Bildet er frå Krym i 2014 og viser det Putin kalla «små grøne menn». Soldatar utan flagg og distinksjonar. Russland annekterte Krym-halvøya i 2014.

Ukrainske myndigheiter har leita etter russiske eigendelar dei kan få beslaglagt for å drive inn erstatninga som Russland nektar å betale. Nord-Troms tingrett gav Naftogaz medhald i at Professor Moltsjanov kan beslagleggast. Det skriv Sysselmannen på Svalbard i ei pressemelding

Forventar brusing med fjøra

Professor Holtsmark er spesialist på russisk utanrikspolitikk. Han ventar ikkje at Russland kjem til å svare Noreg med meir enn krasse ord.

– Poenget er at deira interesser i Arktis er heilt andre enn deira interesser i Ukraina. I Ukraina var deira interesser å legge under seg landet. I Arktis er Russlands interesse å behalde området som ein rettsbasert og stabil region, seier han.

PROFESSOR: Sven G. Holtsmark jobbar ved Institutt for forsvarsstudier, ved Forsvarets høgskule.

Russland fraktar store mengder flytande gass frå Yamal-anlegget i Sibir. Gassen går i skip i Nordområda, både austover mot Kina og langs Norskekysten og til Europa. 

– Denne transporten er viktig for Russland og eg trur ikkje Russland er interessert i å rokke ved denne stabiliteten. I åra etter fullskalainvasjonen av Ukraina er det ingen russiske utsegner som tydar på at Noregs deltaking i sanksjonar eller norske leveransar av våpen til Ukraina, vil rokke ved dette, seier Holtsmark.

Hackar-angrep?

Professor Holtsmark seier at om Russland skal svare med noko anna enn ord, kan det kome som cyberangrep.

– Eventuelt kan det kome hackar-angrep. Då vil det vere vanskeleg å etablere årsakssamanheng og vi veit det er vanskeleg å knytte desse angrepa til at det faktisk er Russland som står bak, seier forskaren.

Holtsmark tek atterhald om at han kan ta feil og at tida vil vise.

Åtvarar om sårbarheit

Om Russland skulle vise seg å svare med meir enn ord, er Noreg sårbart. Det seier Ståle Ulriksen, høgskulelektor ved Sjøkrigskulen.

– Russarane har posisjonert seg sånn i forhold til oss at dei er i stand til å gjere ganske mykje viss dei vel å gjere sabotasjeaksjonar. Vi er relativt opne og sårbare langs heile kysten vår.

I 2022 blei ein sjøkabel mellom fastlandet og Svalbard kutta. Ei rekke kablar har blitt kutta i Østersjøen. Det er ikkje bevist at Russland står bak, men Etterretningstjenesten har tidlegare åtvara om sårbarheita til undersjøiske kablar.

Ulriksen seier om Russland skulle skru opp konflikten, ligg det mykje på norsk havbotn som kan bli russiske mål.

– Eg er spesielt bekymra for alt som har med energileveransar å gjere, både straumkablar, men òg spesielt olje og gass. Noreg er ein av dei viktigaste energileverandørane til Europa.

Powered by Labrador CMS