Nytt om navn

NY SJEF: Øyvind Dunsæd er ny leiar for Kystvakta.

Kystvakta har fått ny sjef

Fredag vart eit nytt kort i sjefskabalen til Sjøforsvaret lagt. Øyvind Dunsæd er den nye sjefen for Kystvakta. 

Publisert Sist oppdatert

Ny jobb?

Har du eller nokon du kjenner fått ny jobb? Då vil vi gjerne at du skriv eit par linjer om vedkommande og jobben, samt legg ved eit bilete i breddeformat, og sender til tips@fofo.no. Merk gjerne emnefeltet med «Nytt om navn»

Fredag vart kommandør Øyvind Dunsæd i statsråd utnemd til flaggkommandør og beordra i ny stilling som sjef for Kystvakta (KV). Han følger dimed i kontreadmiral Oliver Berdal sine fotspor, som i oktober forlet sjefsjobben i KV for å ta over som sjef for Sjøforsvaret. 

Berdal tok på si side over etter viseadmiral Rune Andersen, som overtok sjefsstolen på Forsvarets operative hovudkvarter (FOH). 

– Øyvind er ein bunnsolid offiser og meget dyktig leiar. Han har brei erfaring frå Sjøforsvaret og maritime operasjonar i inn- og utland, seier Berdal om sin etterfølgjar i ei pressemelding. 

Dunsæd har bakgrunn som marinejeger, patruljeførar og hovudinstruktør i Marinejegerkommandoen. Han har også brei erfaring frå Ubåtvåpenet, kor han har vore hovudinstruktør, navigasjonsoffiser, nestkommanderande og skipssjef. 

Han har også vore innom stillingar som stabsoffiser i Nato, både i Mons i Belgia og i Northwood, Storbritannia. Som offiser på ubåt har han delteke i Operation Active Endeavour i Middelhavet. 

Dunsæd kjem frå stillinga som nestkommanderande i Forsvarets spesialstyrkar. 

– Eg er både takksam og stolt over tillita til å leie Kystvakta framover, og eg ser fram til å utvikle Kystvakta langs den kursen som er lagt, seier Dunsæd om si nye stilling. 

Kystvakten består av fem fartøy i Indre kystvakt og ti fartøy i Ytre kystvakt. Avdelingas primæroppgåve er hevding av Noregs suverenitet og ressurskontroll, men Kystvakta driv også med blant anna fiskeri, fangst- og tolloppsyn. 

Avdelinga har meir enn 900 tilsette og eit høgt aktivitetsnivå. I 2022 løyste dei ulike fartøya totalt 3455 oppdrag. 

Powered by Labrador CMS