Nyheter:

Kystvakta bekymra for NH90-forseinkingane

Kystvakta fekk knapt nytta seg av dei nye NH90-helikoptera i 2018 og ser med bekymring på det låge talet flytimar dei neste åra.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Kystvakta er gjort kjent med at talet på flytimar med NH90 dei næraste åra ikkje vil vere tilfredsstillande i høve til det Kystvakta legg til grunn for ei forsvarleg helikopterdekning i Barentshavet, skriv Kystvakta i sin årsrapport for 2018. 

Det låge talet flytimar går ifølgje Kystvakta ut over oppdraget med å vareta ei berekraftig forvalting av norske marine ressursar og bidraget til den statlege beredskapen i Kystvaktas ansvarsområde.

– Dette er ei sterk bekymring, blir det fastslått.

Operative effekt liten

Det blir peika på at dei nye NH90-helikoptera framleis er under innfasing, og at prosessen stadig er prega av forseinkingar. Totalt hadde Kystvakta berre hatt helikoptera embarkert i 128 døgn ved utgangen av november.

Sjølv om ein stor del av den tilgjengelege flytida har gått med til trening, har det vore noko meir tid til operativ bruk samanlikna med 2017. Likevel konkluderer Kystvakta med at den reelle operative effekten er liten.

Alvorlege konsekvensar

Riksrevisjonen konkluderte i oktober med at innkjøpet av nye NH90-helikopter har vore prega av svikt heilt frå starten, og at konsekvensane er alvorlege, både økonomisk og operativt.

Av 14 helikoptera som vart bestilte heilt tilbake i 2001 og skulle vore levert allereie i 2008, er åtte levert, men seks av dei kan berre brukast til trening.

Status i haust var at innfasinga av dei nye helikoptera skal vere gjennomførte i 2022. Målet er 3.900 årlege flytimar etter innfasing, noko som er betydeleg lågare enn dei 5.400 timane som Forsvaret har bedt om ut frå det operative behovet sitt.

Powered by Labrador CMS