Nyheter

Meir av inntekta frå Forsvaret skal gå til pensjon

Nesten eit år etter dommen i Høgsterett, har regjeringa bestemt at Forsvaret skal betale pensjon for dei fleste lønstillegga i Arbeidstidsavtalen.

MEIR PENSJON: Øvingstillegg skal no bli rekna som pensjonsgivande inntekt. Biletet viser ein sanitetssoldat under ei øving på Sessvollmoen.
Publisert Sist oppdatert

Dei fleste tillegg som forsvarstilsette får når dei er på vakt, øving og seglas, skal gå til pensjonsopptening.

Det har regjeringa bestemt måndag, som svar på ein dom frå Høgsterett i fjor.

Dermed er dei fleste av tillegga i Arbeidstidsavtalen i Forsvaret pensjonsgivande.

– Forsvarets tilsette utfører krevjande oppgåver på vegner av Noreg og fellesskapet, og arbeidet medfører store unntak frå arbeidsmiljølova sine krav om arbeidstid, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

– Denne avklaringa gir eit nødvendig grunnlag for den vidare oppfølginga av saka, slik at dei tilsette får den pensjonen dei skal ha.

– NØDVENDIG: Tilsette i Forsvaret skal kunne stole på at pensjonsrettane deira blir tekne hand om, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

Endringa gjeld tillegg som er frå:

  • vaktteneste

  • fartøyteneste

  • øving

  • adjutantteneste

  • flyoperativ verksemd

Den gjeld alle tillegg som er godkjende sidan den gjeldande hovudtariffavtalen i staten tredde i kraft, altså 1. januar 2020.

Ein treng ikkje å gjere noko for å få etterbetalt det ein skal ha i pensjon, ifølge Forsvaret.

Har teke eit år

Det var våren 2025 Høgsterett bestemte at tillegga ein får når ein er på vakt på land og til sjøs, skulle reknast som pensjonsgivande.

Nesten eitt år seinare utvidar regjeringa dette til å gjelde fleire typar tillegg.

Grunnen til forseinkinga er eit omfattande arbeid med å greie ut kva Høgsterett-avgjerda betyr juridisk, administrativt og økonomisk, skriv regjeringa i pressemeldinga.

PÅ VAKT: Tillegg som gjeld vaktteneste og øving skal no reknast som pensjonsgivande inntekt, seier regjeringa.

No byrjar arbeidet med å få utbetalt rett pensjon til dei det gjeld.

– Vi veit at mange har venta på avklaringa som no har kome. Målet er at alle skal få rett pensjon og korrekt innrapportering så raskt som mogleg, men det vil ta tid, seier HR-direktør i Forsvaret Cecilie Heuch.

– Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart vi kan.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

BFO: – Ein sigersdag

Den nye leiaren i Befalets fellesorganisasjon (BFO), Lars Ullensvang, er opprømt.

– I dag er ein sigersdag for tilsette som øver, signar og går vakt. Etter fleire år med kamp er vi i mål, seier han i ei pressemelding.

No får forsvarstilsette ein pensjon som i mykje større grad speglar jobben dei faktisk gjer, fortset Ullensvang.

– Denne avklaringa bidreg til føreseielegheit for dei tilsette som skal gjennomføre Forsvarsløftet, seier han.

– Forhåpentlegvis vil Forsvaret med dette behalde verdifulle tilsette og viktig kompetanse.

EIN SIGER: BFO-leiar Lars Ullensvang jublar over regjeringa si justering i pensjonsordninga.

Powered by Labrador CMS