Nyheter

– Dei norske soldatane har sett sine spor

Utanriksminister Espen Barth Eide håper ein styrka felles libanesisk hær kan samle eit splitta og krigsherja land. 

NASJONAL HÆR: Libanese Armed Forces (LAF) får millionstøtte frå Norge.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene

Libanon slit med alt frå økonomisk krise, etnisk splitting til okkupasjon. Espen Barth Eide fortel han og regjeringa har auka støtta frå 50 til 65 millionar kroner til den libanesiske hæren i år.

– For at ein stat skal kunne levere tryggleik, men også helse og utdanning og andre tenester til befolkninga, må den ha kontroll. Ein viktig måte å hjelpe Libanon på, er å sørge for at dei kan få meir kontroll i heile landet. Ikkje berre i midt og nord, men også i sør. Dette er ein ny bruk bistandsmidlar, seier utanriksminister på ein sprakete telefon på veg heim til Noreg. 

Ny bruk av bistandspengar 

Dei 65 millionar kronene er ein del av UNDP-programmet og går til å betre levekåra til dei tilsette i hæren og familiane deira.

PRESIDENT: Espen Barth Eide (Ap) i møte med Libanons president, Joseph Aoun.

– Støtta går ikkje direkte til hæren, for det kan ein ikkje bruke bistandspengar til. Men til det vi kallar økosystemet rundt dei. Til militærfamiliar, til helsetiltak. Ei rekke sivile ting rundt der hæren er utstasjonert, seier Eide.

Utanriksministeren seier at målet er at støtta skal styrke moralen og innsatsviljen til dei som jobbar i den libanesiske hæren (LAF). I tillegg gir Ap-regjeringa 336 millionar kroner i støtte til humanitær og langsiktig hjelp til Libanon. 

 Stat i staten

Den Iran-støtta og væpna Hizbollah-bevegelsen fungerer på mange måtar som ein stat i staten i delar av Libanon. Ap-ministeren seier den nasjonale hæren er godt likt, men slit.

STØTTE: Noreg støttar fleire sivile hjelpeprogram i Libanon. Her er utanriksminister Eide i Libanon tysdag.

– Hæren er ein av dei mest nasjonale institusjonane. Han har høg tillit og blir generelt respektert av libanesarar som ei viktig og positiv samlande kraft. Problemet er at i visse område er ikkje dei sterkast, seier Eide og fortset.

– Fordi Hizbollah har fått vakse seg så sterke at dei har meir kontroll enn hæren i delaren av landet. Det er ein hær som er populær, men ikkje så effektiv som det burde vere. Vi heiar på at staten faktisk får makta og kan vere ein god stat for sine innbyggarar. 

– Libanesarar feirar framleis 17. mai

Rundt 22.000 norske soldatar tenestegjorde i Libanon frå 1978–1998. Eide var nyleg der den norske basen låg.

NORSK PREG: Borgarmeister i Eb el Saki, Georges Rahal, Espen Barth Eide, Louis Assi og ambassadør Hilde Haraldstad.

– Dei norske soldatane har sett sine spor for i Eb el Saki feirar dei framleis norsk 17. mai mange år etter, seier han og fortset.

– Ordføraren snakkar positivt om Noreg på inn- og utpust framleis. Både ordføraren og andre vi snakka med seier at Nordmennene var svært populære. Blant anna fordi dei var høflege, dei var interesserte og dei var respektfulle til kulturen. Dei tok oppdraget veldig seriøst.

 Kritisk til avvikling av UNIFIL

Tryggingsrådet i FN har vedteke at det blir slutt på UNIFIL-styrka i Libanon i løpet av i år

– Det synest eg er problematisk, for å seie det mildt. Fordi den spelar framleis ei viktig rolle. Unifil har aldri klart å hindre konflikten i Libanon. Men dei har bidrege til å avgrense den frå kva det elles kunne vore. Og det at dei skal trekkast ut utan at ei erstatning er klar, bekymrar oss veldig.

Rundt 600 kvadratkilometer av sørlege Libanon er okkupert av Israel sidan 2023. Eide samanliknar framferda til Israel der med måten dei bomba og øydela Gaza på. 

Powered by Labrador CMS