Meninger

KRITIKK: Forsvaret har vore i hardt vêr sidan tidleg sommar då mellom anna VG og NRK har publisert ei rekke saker om mobbing- og seksuell trakassering i Forsvaret. Handteringa av varslingssakene har vorte sterkt kritisert.

Forsvarsleiinga fortener refs!

Våre øvste militære leiarar vil ikkje ha noko likebehandling når det gjeld seksuell trakassering og sexpress mot undergitte, skriv oberstløytnant Bjørn Inge Ruset.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

Nok ein gong er ei av sakene som beskriv seksuell trakassering og sexpress i Forsvaret oppe i media. Det er NRK 1 som melder at «Forsvarets øverste jurister mente en oberst burde få en følbar reaksjon på sexpress- og anbefalte en refs. Men det endte med den mildeste formen for reaksjon». Generaladvokaten ga altså råd om refs og uttalte at:

«Likhetshensyn og hensynet til samfunnets forventninger tilsier etter generaladvokatens syn at det ikke bør gis signal om at overtredelser utført av personer på et visst gradsnivå i Forsvaret undergis mer lempelig behandling enn andre saker av lignende art».

Men nei. Våre øvste militære leiarar vil ikkje ha noko likebehandling når det gjeld seksuell trakassering og sexpress mot undergitte. Bataljonssjefens nærmaste foresatte som no er generalmajor seier at «saken var underlagt forsvarlig saksbehandling». Medan kontreadmiral Elisabeth Natvig har undersøkt saka på nytt og «Fant ikke noen kritikkverdige forhold i hvordan sakene har blitt behandlet i varslingskanalen(...)».

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen var intervjua 15 juli i NRK der samme tema var oppe og då fekk han spørsmålet: «Som Forsvarssjef tar du ansvaret for denne krisen?» Han svara: «Ja, det er mitt ansvar å rydde opp i dette, det er opplagt. Det er forsvarssjefens øverste ansvar å fikse dette». Det er muligens slik at han tar ansvaret men om han gjort noko med det og rydda opp og fiksa det har vel som juristane ville formulert det, ha formodninga mot seg.

Forsvarets forum avslører: Varsla om valdtekt - sjefen sende e-post til heile bataljonen

Våre øvste militære leiarar synes nemleg at det ikkje er særleg kritikkverdig at ein bataljonssjef tar på brysta til ein undergitt og inviterer til sex. Det betyr heller ingenting at fleire andre kvinner på truverdig vis hevdar seg utsette for liknande frå same bataljonssjef. Våre øverste militære leiarar vil ganske enkelt ikkje bruke disiplinærreglementet på høgare offiserar sjølv etter tydelege råd frå eigne juristar!

Litt laust prat om at dette ikkje er akseptabelt får halde. Så får ein heller bruke disiplinærreglementet der det høyrer heime, hjå vernepliktig mannskap, befal og offiserar med lavare grad.

På andre nivå i Forsvaret og truleg i alle andre offentlege etatar eller private verksemder ville ei slik elendig handtering av ei varslingssak framstått som grov tenesteforsømming.

Forsvarssjefen svarar: – Fleire kunne fått betre oppfølging

Kan vi så setje vår lit til til at Forsvarsdepartementet er istand til å tvinge fram, la vi kalle det betre leiing og meir likebehandling og hensiktsmessig bruk av disiplinærreglementet? Det ser ikkje slik ut. Kanskje må vi setje vår lit til politisk leiing og Regjeringa.

To av statsrådane har jo erfaring med å delta på fest der det vart send melding til ein kvinneleg partifelle med uttalt ynskje om sjå nærmare på kjønnsorganet hennar. Ein kan jo vone at dei no heller vil bidra til at ein ser nærmare på den ukulturen som ser ut til å vere aksptert heilt til topps i Forsvaret.

Powered by Labrador CMS