Nyheter
DN: FD la bort varsel om tilsett sin droneavtale
Forsvarsdepartementet la bort eit varsel om at selskapet til ein offiser i Forsvaret hadde fått droneavtale utan anbod, skriv Dagens Næringsliv.
Medan han framleis var tilsett i Forsvaret og tilbeordra offiser ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), starta Christian Fredrik Eggesbø droneselskapet Six Robotics.
Med FFI-leiinga si velsigning oppretta Eggesbø ein samarbeidsavtale med forskingsinstituttet.
Selskapet har sidan fått statlege midlar og kontraktar. FFI sjølv opplyser at Six Robotics har inngått fleire avtalar utan konkurranse.
Dette har vakt oppsikt. Få månader etter at samarbeidet blei til fekk Forsvaret tilsendt eit varsel, opplyser Dagens Næringsliv.
Avisa har ikkje fått innsyn i varselet, men erfarer at det blei sendt til Forsvarsdepartementet sin internrevisjon.
Derifrå blei det ikkje følgt opp vidare, skriv DN.
– Varselet meldte om brot på innkjøpsregelverket knytt til tildeling av FoU-støtte. Tildelinga av FoU-støtta blei ikkje vurdert å vere eit innkjøp, og innkjøpsregelverket kom difor ikkje til nytte, seier statssekretær Marte Gerhardsen i ein e-post til avisa.
– Difor avslutta internrevisjonen saka utan ytterlegare undersøking.
Heller ikkje FD har gått vidare med saka av same årsak, ifølge Gerhardsen.
Ho seier likevel at FD meiner det er behov for tydelegare rammer kring verksemder som har opphav i FFI, og at det skal skje ein gjennomgang av dagens praksis.
Forsvarets forum har vore i kontakt med FD om Gerhardsen sine kommentarar til DN.
– Forståing for at det blir stilt spørsmål
I ein e-post til Forsvarets forum skriv Eggesbø at han ikkje blei opplyst om varselet då det kom.
– Vi blei ikkje gjort kjende med varselet tilbake i 2024, og ikkje før vi fekk spørsmål om det frå media, skriv han.
– Kva tenker du om at FD no skal gå igjennom rutinane for oppstart av verksemder frå FFI?
– Det synest eg er naturleg og positivt. Noreg treng høg innovasjon, effektiv teknologioverføring mellom forsking og forsvar, og vi må bygge forsvarsevne, svarar Eggesbø.
– Det må gå føre seg så opent som mogleg, og på ein måte som har tillit i samfunnet.
Likevel meiner han at måten Six Robotics blei grunnlagd på, og avtalane som har blitt inngått, er gjort på rett måte.
– Alle reglar og retningslinjer blei følgde. Samtidig har eg forståing for at det blir stilt spørsmål når personar beveger seg mellom forsvar, forsking og industri i eit felt som er strategisk viktig, skriv han.
– Nettopp difor er det viktig med gode prosessar og tydelege rolleavklaringar.