Nyheter

SVIKT: Den danske fregatten Iver Huitfeldt seila frå Korsør, Danmark, 29. januar i år og sette kursen mot Raudehavet. Der fekk fregatten problemar med radaren og defekt ammunisjon under eit årak. Den 4. april var fregatten attende i Danmark.

Ekspert om feil på danske fregattar:
– Det burde påverke oss

Den siste tida har den danske marinen vore prega av alvorlege feil om bord to av fregattane sine. Ein skal ikkje sjå bort ifrå at liknande hendingar kan skje i Noreg.

Kortversjonen:

Phd-stipendiat ved Sjøkrigsskolen, orlogskaptein Tor Ivar Strømmen, uttrykkjer bekymring for tekniske problemar på danske fregattar.

Strømmen peiker på svakheiter i vernebuinga og vedlikehald, og åtvarar om at liknande situasjonar kan oppstå i Noreg. 

Oppsummeringen er generert av kunstig intelligens, men gjennomlest av en journalist.

– Slike hendingar indikerer at den danske marinen kan ha ei alvorleg utfordring med omsyn til teknisk tilgjengelegheit på sine skip. Det burde påverke oss.

Phd-stipendiat ved Sjøkrigsskolen orlogskaptein Tor Ivar Strømmen, uttrykkjer sterk bekymring for dei tekniske problema som har oppstått om bord dei danske fregattane Niels Juel og Ivar Huitfeldt.

Sistnemnde opplevde systemsvikt og defekt ammunisjon om bord under eit åtak mot fartøyet i Raudehavet den 9. mars. Flemming Lentfer, den danske forsvarssjefen, fekk sparken som følgje av denne hendinga.

Strømmen rettar peikefingeren mot for dårleg vernebuing:

– Det er sannsynleg for meg at mange aspekt ved vernebuinga i den danske marinen er av tvilsam kvalitet.

Feil kan også skje i Noreg

Orlogskapteinen nektar ikkje for at liknande hendingar kan skje med norske fregattar.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

– Me har gode fregattar, men støttestrukturen bak dei er svak. Vernebuinga er altså ikkje god, og tilgjengelegheita er låg, skriv han i ein e-post til Forsvarets forum. 

Det er fleire element som påverkar dei norske fregattane til å hamna same situasjon som danskane.

– Når fartøya byrjar å dra på åra og har ein kritisk reservedelssituasjon, samt manglar helikopter, så er fregattane våre langt frå dei tryggingspolitiske verktøya dei burde vere.

Personellmangel og lågt kompetansenivå blant mannskapet er utfordringar som truleg kan redusera evna til å utnytta kapasitetane til fregattane. Det meiner Strømmen.

– Det er det som er meir alvorleg. Akkurat no er det mellombels svært mange ledige stillingar, få med rett kompetanse i mange nøkkelstillingar og svært kort ståtid i stillingane.

Tor Ivar Strømmen. Orlogskaptein. Sjøkrigsskolen. Her på Sundvollen.

– Er det nokon likskapar mellom dei danske og norske fregattane?

– Dei norske har same kanon som dei danske. Utover det er systema våre i all hovudsak forskjellige. Når det er sagt, så er det ikkje enkeltsystema som er viktig – men kvifor desse feilar, skriv han. 

Radarsystemet er ulikt mellom Danmark og Noreg. Dei danske fregattane er utstyrte med Thales APAR-radar, imedan dei norske bruker SPY-1F radaren. 

Orlogskapteinen meiner at begge radarane er av svært god kvalitet, dersom dei vært handtert på rett måte, med gode vedlikehaldsrutinar og fungerande programvare. Om ammunisjonen i fregattane er lik for nabolanda, er han usikker på.

– Når det gjeld ammunisjonen, kan han vera lik eller delvis lik vår, det er usikkert. Uansett, viss den danske 76mm ammunisjonen er lik eller liknande vår, bør me testa ammunisjonen vår grundig for å sjå om me har liknande utfordringar.

Manglande reservedelar og rovdrift på tilsette

Feila som oppstod på dei danske fregattene er symptomatiske og kjenneteiknande for organisasjonar som har vore underfinansiert og dels underbemanna over lang tid, ifølgje Strømmen. 

– Slike organisasjonar har ein tendens til å søke å spare på alle dei «skjulte» utgiftene – altså på vedlikehald, reservedelar og teknisk utbetring av kjente feil. Framfor å bruke naudsynt tid og ressursar på slikt, så vel ein å segle med kjente feil og akseptere manglande tilgjengelegheit på kritiske system.

Når underfinansiering finn sted,  blir det viktig for leiarar – og særleg leiarar med personlege ambisjonar – å framstille avdelingane som betre enn dei verkeleg er ovanfor høgare sjefar og politisk leiing. Ein pyntar på sanningene for å framstå som ein som leverer på oppdraget ein har fått, seier Strømmen. Dette gir, ifølgje han, ein «dobbelt uheldig situasjon». 

– For det første bidrar slik «pynting» og slik vilje til å akseptere svakheiter til at styresmaktene opplever at finansieringa faktisk er tilstrekkeleg – dei får jo det dei har kravd ut av budsjetta. 

For det andre leiar det til at fartøy vert brukt til operasjonar dei ikkje er klare for. 

– Ein tredje faktor som gjerne kjem ut av dette, er kannibalisering av andre fartøy og mannskap.

– Framfor å innrømme at strukturen er underfinansiert, underbemanna og med lågt vernebuingsnivå, så tek ein mannskap og delar frå resten av flåten for å få det eine fartøyet på høgprofilert oppdrag til å skinne.

Strømmen seier at dette også har hendt i Noreg. 

– Og det nærmast kontinuerleg sidan slutten av 1990-talet – det vil seie i heile levetida til fregattane våre. 

Kommunikasjonssjef i Sjøforsvaret Thomas Gjesdal seier at Sjøforsvaret er open om utfordringane knytt til drift av Sjøforsvarets fartøy.

– Detaljane knytt til manglar og svakheiter blir rapporterte rutinemessig i linja og er av openberre grunnar informasjon som ikkje blir lagd ut offentleg. Informasjonen inngår i Forsvarssjefens vurdering av operativ evne. Mindre detaljerte skildringar er ein del av både dei fagmilitære råda frå forsvarssjefen og i Forsvarskommisjonens rapport som er tilgjengeleg for offentlegheita. Satsinga til langtidsplanen på å retta opp svakheiter, viser at dette biletet er kjent og at store ressursar blir planleggjast inn mot å betra situasjonen, skriv Gjesdal i ein e-post til Forsvarets forum.

Behov for full ærlegdom og omfattande grep

Noregs Nansen-klasse fregattar har vore i bruk frå 2006. KNM Fridtjof Hansen var den første, mens KNM Roald Amundsen, KNM Otto Sverdrup, KNM Helge Ingstad og KNM Thor Heyerdahl følgde etter i henholdsvis 2007, 2008, 2009 og 2011. 

Heilt sidan den gong har reservedelsproblematikken vore konstant. Det samme har mangel på tilstrekkelege mannskap med tilstrekkeleg erfaring og kompetanse. I fleire rapporter, mellom anna i 2017 og i 2022, konkluderte Riksrevisjonen med at Fregattvåpenet framleis har har store utfordringar når det gjeld dette. 

I sistnemnde rapport var kritikken «svært alvorleg», ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. 

– Dette har også fagrørslene påpeika,  men rovdrifta på mannskap, mangelen på reservedelar og så bortover, har knappast blitt endra til det betre, skriv Strømmen. 

– Sjølv om den tryggingspolitiske stoda gradvis har forverra seg.

Det må takast omfattande grep på nærmast alle område, meiner Strømmen. Om ikkje vert det umogleg å få avdelinga opp på eit nivå kor fregattane fullt og heilt kan nå potensialet sitt. 

Støttestrukturen må styrkast, reservedelar må bli meir tilgjengelege, det må gjerast vedlikehald, og mannskapene må bli meir robuste. Ein må få på plass intensiver som gjer at offiserar og befal står lengre i stilling, ein treng meir ammunisjon, meir testing av våpen og system må oppdaterast. 

– Alt dette kostar pengar, krev kompetanse og krev også ein mental endring vekk frå vår etter kvart ibuande aksept for «at dette er sikkert godt nok – og i alle fall det beste me får til», skriv Strømmen. 

Det krev full ærlegdom både internt og ekstern: 

– Og at sjefar på alle nivå tør å seie «NEI – dette er ikkje godt nok!»

Powered by Labrador CMS