Nyheter

Forsvaret: Røykutvikling hos Brigade nord

Eitt av bygga til Brigade nord er evakuert torsdag etter at det blei oppdaga røyk, seier Forsvaret si kommunikasjonsavdeling.

Moderne bygg med glassfasade og søylegang ved Bardufoss leir.
EVAKUERTE BYGG: Leiarbygget til Brigade nord i Heggelia blei torsdag evakuert. Biletet er frå Istindportalen på Bardufoss, og er til illustrasjon.
Publisert Sist oppdatert

– Det har vore observert røykutvikling i leiingsbygget til Brigade nord. Folka som var i bygget er evakuerte og gjort greie for.

Det seier talsperson for Forsvaret, Brage Steinson Wiik-Hansen, til Forsvarets forum.

Bygget ligg i Heggelia leir i Målselv kommune. Biletet er frå Istidportalen i nærleiken, og er berre til illustrasjon.

Militærpoliti, brannvesen og ambulanse er på staden, fortset Wiik-Hansen. Han seier det ikkje er meldt om opne flammar.

– Dersom nokon har vore i nærleiken av røyk får dei seg ein ekstra sjekk. Det er nok for å vere på den sikre sida.

Årsaka til røyken var varmeutvikling i ein kabel, ifølge Troms politidistrikt. Ein elektrikar skal vere på plass.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane


Powered by Labrador CMS