meninger
Kva for ein strategi treng landet?
Krig kan følgje av både sviktande forsvar og vitlaus åtferd. Vi må sjå oss attende for å trå varsamt inn i framtida.
PEARL HARBOR: Japan sitt åtak på amerikanske Pearl Harbor i 1941, er eit døme som maner meir til varsemd enn å førebu seg på uventa åtak, skriv Fjærtoft. Bilete frå 7. desember 1941.
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine meninger.
Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.
Landet treng ein forsvarsstrategi som duger betre til å stogge trugsmål. Det har Tor Ivar Strømmen, orlogskaptein, hovudlærar og forskar i sjømakt og maritim operasjonskunst, Sjøkrigsskulen, heilt rett i. Men han tenkjer for trongt. Forsvarsstrategi duger berre saman med utanrikspolitikk og diplomati.
Forsvarsstrategi har alltid og vil alltid komme til kort. Det gjeld òg i Russland og alle andre land. Sjølv med all mogleg rustning kan ingen sleppe unna at vi er gjensidig sårbare. Trugsmål er evna til å skade pluss skadevilje.
Når gjensidig skadeevne er nærast utan grenser, må vi te oss og tale slik at vi, så langt råd er, vaktar oss mot å gi næring til skadevilje. Vi må unngå paradoksale verknader, at det vi gjer, verkar mot det vi vil.
Her kjem nokre tilhøve eg gjerne skulle hatt Strømmen og andre sitt syn på:
Vi skal ikkje jage russiske ubåtar med atomvåpen
Norsk forsvarsstrategi må ikkje auke risikoen for at vi kan bli ramma av atomvåpenåtak. Sjølv om vi er allierte med USA, skal ikkje vårt forsvar i amerikanske oppdrag jage russiske ubåtar med atomrakettar for å truge Russland si såkalla andreslagsevne, slik Strømmen meiner. I den galskapen som atomvåpen er, så er andreslagsevna eit innslag av fornuft.
Begge sider tenkjer likt om dette. Den amerikanske og norske ubåtkrigen kunne i så måte få same farlege verknad som USA og Nato sine planar for rakettforsvar. Russland kan frykte at dei ligg forsvarslause mot USA sine atomåtak, det såkalla fyrsteslag.
Det skal nett andreslagsevna på ubåtar verne dei mot, slik USA sine ubåtar med atomrakettar skal verne oss mot same trugsmål frå Russland.
I sanselaus redsle for svekkja andreslagsevne kunne den russiske ledinga ty til såkalla forkjøpsslag, slå til fyrst, som vi no veit kunne skjedd i 1983. Slike åtak ville ramme landet. Norsk forsvarsstrategi må vere varsam nok til å verne oss også mot slike trugsmål. Krig kan følgje av både sviktande forsvar og vitlaus åtferd. Vi må sjå oss attende for å trå varsamt inn i framtida.
Vi må forstå historiske døme rett
Sidan framtida ikkje enno finst, må vi bruke historiske døme til å forstå nye trugsmål. Strømmen nemner nokre slike døme, men vi må forstå dei rett.
Det mest lærerike døme Strømmen nemner, er Japan sitt åtak på Pearl Harbor. Det er særs aktuelt, men annleis enn Strømmen og dei fleste trur. Det maner meir til varsemd enn å bu seg på uventa åtak. Mitt syn byggjer på historikarane Kershaw og Lyttelton.
Om den amerikanske flåten var betre førebudd, og det var kjend, hadde kanskje ikkje Japan våga åtaket, som eg trur er Strømmen sitt poeng. Men det var sviktande klokskap i Washington som låg bak den kjeda av årsaker som førte til åtaket.
For å presse Japan til å trekkje seg ut av den kinesiske provinsen Mandsjuria, som var rett, nekta USA sal av skrapjern og olje, som synte seg uklokt. Den politiske leiinga i Tokyo ville gi etter, men kunne ikkje fordi ei sterk nasjonalistisk rørsle i det japanske forsvaret hindra ei meir varsam japansk åtferd. For å skaffe det USA nekta dei, tydde Japan til erobringar i Asia. For å lukkast trudde dei at dei måtte øydeleggje USA si Stillehavsflåte før skipa stakk til havs, altså i japansk tenking eit forkjøpsslag.
Feilvurdering i Afghanistan
Vi veit kor gale både sanksjonar og åtak gjekk. For oss i dag maner dette dømet til varsemd. Vi treng å skjøne at når vi pressar nokon, som vi nå med grunn gjer med leiinga i Russland, veit vi ikkje om dei ser at dei har handlingsrom til å komme oss i møte. Har dei ikkje det, kan dei handle heilt annleis enn vi såg føre oss, sjølv om dei eigentleg ville noko anna.
Historikaren Kalinovsky har funne ut at det var nett det som gjekk gale etter Sovjet sitt åtak på Afghanistan i 1979. Sterkt vestleg press saman med boikott av kontakt førte til at Kreml frykta dei ville syne seg for sårbare om dei trakk seg ut sjølv om dei raskt skjøna at invasjonen var ei feilvurdering.