Nyheter
Saceur: Norske F-35 gir «enorm» fordel
Noreg har eit ess i ermet som Ukraina ikkje hadde, seier leiaren for Natos militære operasjonar. Nemleg amerikanske kampfly.
OSLO (Forsvarets forum): – Noreg gjer ein heilt fantastisk jobb i alle målestokkar som alliansen kan sjå på: pengebruk på forsvar, støtte til Ukraina, og fokus på nordområda.
Det seier sjefen for Nato sine militære styrkar i Europa (Saceur), Alexus G. Grynkewich, i eit påskegult herskapsrom på Hotel Bristol.
– De er fantastiske partnarar på alle militære område, seier han, og ser bort på den norske forsvarssjefen ved sidan av seg.
– Eg er eigentleg her for å forsterke det samarbeidet, og sjå på alle dei tinga som Noreg gjer bra som vi kan eksportere til andre medlemmer i alliansen.
Grynkewich viser særleg til dei 52 amerikanske F-35 kampflya som Forsvaret har i dag.
Desse står i beredskap for å verne om både Noreg og Nato.
– For ein utruleg asymmetrisk kapabilitet dei er. Dei kan setje ein enorm del av det russiske flyvåpenet i fare, seier han.
– Dersom vi hamna i ein konflikt, er det noko som ukrainarane ikkje kunne gjere, og heller ikkje israelarane.
Vil ha meir industri
Det at fleire amerikanske våpen blir delvis laga i Europa, også Noreg, gjer produksjonen meir motstandsdyktig, meiner Grynkewich.
For eksempel lagar Kongsberg viktige delar til F-35, og Nammo komponentar til ei rekke amerikanske ammunisjonstypar.
Den «verkelege utfordringa» for Noreg er evna til å levere nok av det som trengst, seier han. Dette har han drøfta med forsvarssjef Eirik Kristoffersen.
– For første gong på lenge er problemet, i Europa spesielt og i USA til ei viss grad, ikkje ein mangel på pengar. Det er industrikapasitet, seier han.
– Når eg snakkar med alle dei europeiske vennane mine, seier eg at vi treng å fjerne kva enn som finst av barrierar som hindrar rask handling.
Dei dyrare ammunisjonstypane er eit område der Noreg har potensial, legger han til. Dronar og luftvern er også prioritetar i tida framover.
Vil framleis trenge Noreg
USA vil framleis at dei europeiske Nato-landa skal bli mindre avhengige av amerikansk militærstøtte.
Sist fredag sa USAs forsvarsdepartement at 5000 amerikanske styrkar skal trekkast ut av Tyskland. Donald Trump seier han vil ta det «mykje lengre» enn som så.
Grynkewich, som også leiar dei amerikanske styrkane i Europa (Eucom), lovar at Noreg framleis vil vere viktig for USA.
– Noreg har og vil alltid vere ein leiar innan tryggleik i Arktis. Vi kjem til å vere avhengige av norsk ekspertise, og lene oss på norske kapabilitetar, seier han.
– Eg er svært stolt av det forholdet vi har.
Også Noreg ønsker å styrke eige forsvar, seier Kristoffersen.
– USAs forsvarssjef har uttrykt bekymring over konfliktar verda rundt som skjer på same tid, der vi alle må jobbe for å strekke til, seier han.
– Det at Noreg og Europa no brukar meir pengar på forsvar er eit svar på den bekymringa.
Eit spørsmål om tillit
– Då har eg eit spørsmål om presidenten i USA. Noko han har nemnt fleire gongar er at tilliten hans til fleire Nato-land er svekka. Korleis påverkar det jobben du gjer?
– På dette militære nivået er vi alltid fokuserte på jobben vår. Og jobben vår er å avskrekke alle fiendar og forsvare alle delar av alliert territorium, svarar Grynkewich.
– Det vil vi gjere uansett kva som skjer på det politiske nivået.
Ein tenesteperson Nato-delegasjonen ber om å få legge til noko.
– Sir, stoler du på han her, spør han, og rekker handa ut mot forsvarssjef Eirik Kristoffersen.
– Å jada, eg stoler på han, seier Saceuren med eit smil.
Han rettar så spørsmålet til Kristoffersen, som svarar:
– Eg stoler på general Grynkewich.