– Er det noko den russiske etterretninga kan, er det å bryte ned menneske. Men eg trur regjeringa nå gjer alt som er mogleg for å få han heim igjen, seier ordfører Rune Rafaelsen.
Dei siste åra har Frode Bergsaka tatt mykje av tida hans. Dei to har kjent kvarandre sidan 1994 da Berg var grenseinspektør. Rafaelsen kallar arrestasjonen av nordmannen ein personleg tragedie.
Den 25 oktober markeres 75-årsjubileet for at styrker frå Den Røde Arme frigjorde Øst-Finnmark. Rafaelsen ønskte at Noreg skulle invitere Putin fordi han trur det ville gjere det lettare å få frigjeve den spiontiltalte nordmannen.
– Dersom ein hadde invitert Putin, trur eg han hadde brukt høvet til å benåde Berg. Det hadde sett Putin og Russland i eit godt lys.
Trur på snarlig frigjeving
På tross av at Putin ikkje blei invitert, trur Rafaelsen likevel han kan bli frigjeven i løpet av hausten.
– Magekjensla mi seier at Berg blir frigjeven før jubileet. Men det har ofte vist seg at Russland har ein tendens til å gjere det stikk motsette av det ein trur og ventar, sa Rafaelsen til Forsvarets forum for noen uker sidan.
Den 15. oktober kom nyheiten om at ein utvekslingsavtale som omfatter Frode Berg kan nå være klar. I følge anonyme kilder i Litauen gått med på å utveksle en russisk storspion mot en «nordmann fengslet i Russland» og to litauere. Det kan være et gjennombrudd for den spiondømte nordmannen Frode Berg, som har sittet fengslet i Moskva siden desember 2017.
En utveksling som involverer den spiondømte nordmannen Frode Berg blir ikke klar før tidligst i neste uke. Det sier formannen i forsvars- og sikkerhetskomiteen i det litauiske parlamentet til NRK.
Utvekslingen ennå ikke er 100 prosent klar, selv om det er enighet mellom partene om hovedinnholdet i avtalen.
Feil retning
Sjølv har Rafaelsen det han kallar ei patologisk forgjering for Russland og vitjar landet fire, fem gonger i året. Det første minnet frå nabolandet er frå ein biltur med foreldra til Boris Gleb i 1965 der mange kunne kjøpe vodka og sjokolade. Framleis hugsar han lukta av dei eksotiske søtsakene. Seinare reiste han aleine som 15-åring med Norsk-sovjetisk vennskapssamband som arrangerte turar til Murmansk.
– Eg har alltid interessert meg for russisk historie og det russiske samfunnet. Eg har blitt skulda for å ha eit romantisk forhold til nabolandet i aust.
Likevel har han ingen illusjonar om tilstanden inne i Russland. Rafaelsen meiner alt som har med sivilsamfunnet å gjere, har gått i galen retning etter at Putin kom til makta.
– Det er ingen pressefridom, men nok av fattigdomsproblem og liten sosial mobilitet. Vi må gi tydeleg uttrykk for kva som er våre demokratiske verdiar. Det må aldri bli sånn at Noreg ikkje tør gjere ting av frykt for å provosere Russland.
Grunnen til at eg kan vere så stor i kjeften er at vi har ein sterk forsvarsallianse i ryggen.
INGEN FRYKT FOR RUSSLAND
– Eg har aldri vore redd for Russland. Problemet er ikkje at landet har for lite territorium, men heller utfordringa med å ha kontroll over det enorme landområdet dei allereie har. Sjølv om det russiske forsvaret har blitt rusta opp og modernisert, ligg vel forsvarsbudsjettet på nivå med det franske. Det er ein tankekross, seier Rune Rafaelsen.
Han har sjølv sett slagkrafta til den russiske bjørnen på nært hald, blant anna på parade for Nordflåten i Sevoromorsk. Det han såg, skremde ham ikkje.
– Nato er overlege på alle måtar. Eg plar seie at frykta for Russland er omvendt proporsjonal med avstanden frå grensestasjonen Storskog
Geopolitisk senter
Sør-Varanger kommune ligg heilt nordaust i det langstrakte landet vårt. For mange er det ein utpost. For Rafaelsen er dette det geopolitiske senteret i Noreg.
– For å setje det på spissen så er det ikkje noko drama i Skagerak eller Oslofjorden. Der er det korkje olje eller fisk. Men her oppe har det vore drama heile tida. Dette er den mest spennande kommunen i Noreg, seier han.
Særleg dramatisk var det i åra 1940-1945 da området var eit springbrett for invasjonen av Sovjetunionen. I oktober blir det 75-årsmarkering av at Raudearmeen dreiv tyskarane ut av Finnmark. Det blir kransenedleggingar og ymse arrangement. Både kongen og norske topp-politikarar kjem saman med den russiske utanriksministeren. Men ein viktig person manglar, meiner Rafaelsen.
– Frå min ståstad ville det vore naturleg å invitere Vladimir Putin, slår han fast.
– Det er Putin som er statsoverhovud og nå sjef for styrkane som frigjorde Aust-Finnmark. Eg skreiv brev til Erna Solberg og gav utrykk for at Noreg burde invitert den russiske presidenten. Eg meiner det ville vore naturleg både historisk og politisk.
Samarbeid
Rafaelsen styrar ein kommune der Forsvaret alltid har hatt ei tydeleg rolle. Han er imponert over den jobben Forsvaret gjer i Sør-Varanger.
– Ein kan ikkje gjere noko meir meiningsfullt for kongeriket enn å gå langs Pasvikelva eller Grense Jakobselv og vakte grensene. Det er ein grunn til at mange vernepliktige vel å bli her eit halvår til.
– Forsvaret har auka nærværet sitt i Finnmark. Kva tenkjer du om det?
– Som ordførar kjem eg aldri til å stå og rope etter meir stridsvogner og fleire kanonar. Men eg stolar på at Forsvaret gjer gode vurderingar rundt dette.
– Kan det verke provoserande at Grensevakta vert styrkt med eit jegerkompani utstyrt med tyngre våpen?
– Vi skal ivareta norske interesser og handlar deretter. Vi må vere ein truverdig partnar dersom vi skal vere med i Nato.
– Ser du for deg eit scenario der ein kan hamne i konflikt med Russland?
– Absolutt ikkje. Eg er for store samarbeidsprosjekt med Russland innan olje og gass. Ein krigar ikkje med dei ein har eit tett økonomisk samarbeid med. Vi skal både ha eit godt samarbeid med Russland og eit sterkt nasjonalt forsvar.
Krigshistorie
Frå rådhuset er det knappe 50 meter til den gamle brannstasjonen der Rune Rafaelsen vart fødd ikkje mange år etter krigen. I Europa var det berre Malta som blei bomba fleire gonger enn Kirkenes. Da tyskarane trekte seg ut, sto det knapt eit hus igjen i landsdelen.
Det tok nokre år, men etter kvart reiste byen seg som ein fugl føniks frå oska. Faren hans, Alf Rafaelsen, var sjølv med som soldat under frigjeringa av landsdelen. Trass i krigsinnsatsen sin har faren aldri fått nokon medalje eller noka påskjønning for tenesta.
– Han verva seg berre 16-år gamal. Faren min har ikkje fortalt mykje om det i ettertid, men eg har skjønt at det var nokre opplevingar som særleg sette spor. Spesielt da han fann liket av ein tysk soldat som berre var nokre år eldre enn han. Det gjorde også sterkt inntrykk å sjå den råe behandlinga av dei russiske krigsfangane.
– Føler du at krigshistoria i Finnmark har hamna i skuggen av det som skjedde andre stader i landet?
– Heilt klart. At dette ikkje er pensum i grunnskolen, er ein gåte for meg. Her i nord var det partisanar, brend-jord-taktikk og bombing i årevis. Det var ei enorm psykisk påkjenning for folk og vanskeleg for mange å snakke om. Faren min blei operert for nokre år sidan. Først da fekk eg vite at han hadde blitt skadd av ein granatsplint under krigen. Det har han aldri fortalt om tidlegare.