Russland

Medium: Russisk generalløytnant drepen i bombeangrep

Skal vere den andre russiske generalløytnanten drepen i bombeangrep i Moskva på eitt år. Det melder den russiske opposisjonelle avisa The Insider. 

BILBOMBE: Tysdag skal generalløytnant Damir Davydov ha blitt drepen i eit bombeattentat i Moskva. Dette bildet er frå 2025 og det same området i Moskva. Då blei generalløytnant Yaroslav Moskalik drepen av ei bilbombe i Balasjikha i Moskva.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Generalløytnant Damir Davydov skal ha blitt drepen morgonen 9. juni rett etter han sette seg inn i sin BMW X3 utanfor heimen.

I det han køyrde bilen ut frå parkeringsplassen gjekk det av ei bombe som skal ha vore festa på undersida av bilen, skriv den opposisjonelle russiske undersøkjande avisa The Insider.

Russiske myndigheiter har stadfesta eksplosjonen, men ikkje dødsfallet, skriv ei anna russisk opposisjonell nettavis, Meduza. 

Ansvarleg for missil og artilleri mot Ukraina

Generalløytnant Damir Davydov skal ha vore leiaren for Direktoratet for missil og artilleri i det russiske forsvarsdepartementet.

Kort fortalt skal Davydov vore ansvarleg for å  forsyne dei russiske angripande styrkane i Ukraina med artilleri- og missil-ammunisjon, melder The Insider vidare. 

Under er ein X-post frå den ukrainske statleg drive nettavisa United24 som viser det som skal vere eit bilde av den drepne generalløytnanten.


Drepen på nesten same staden

Radio Free Europe skriv at Davydov skal ha blitt drepen berre 350 meter frå der generalløytnant Yaroslav Moskalik blei drepen i april i fjor. Området er bustadar for offiserar og militær leiing.

Ingen har teke på seg ansvaret for attentatet til no.

Davydov var på den ukrainske organisasjonen Myrotvorets si liste over det dei meiner er personar ansvarlege for krigsbrotsverk mot Ukraina.




Powered by Labrador CMS