Nyheter:
MINNES: I ei av trappene på Stortinget blir politikarar og stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen minte om dei mange som har gitt livet sitt for fridom og demokrati.
– Ta aldri demokratiet for gitt
Det er snøgt gjort å gløyme kor sårbar fridomen vår er, meiner stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen.
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
– 9. april 1940 var mor mi elleve år gamal.
Ho gjekk ut døra på Vålerenga i Oslo for å gå til
skolen som normalt. På vegen møtte ho storebroren som akkurat hadde kome frå nattevakt
ved Oslo Sporveier. Han fortalde henne: «Du
kan ikkje gå på skolen i dag. Det er krig», fortel
Tone Trøen.
– Eg tenkjer at det er snøgt gjort å gløyme kor
sårbar fridomen vår er. Det blir enda viktigare
når mange i generasjonen som opplevde krigen,
har gått bort. Derfor er det veldig viktig å formidle vidare kor viktig demokrati, sjølstende
og fridom er til barn og unge. Det er ei av hjartesakene mine, seier stortingspresidenten.
Kongen
I mars 2018 tok Høgre-politikaren over
embetet etter Olemic Thommessen. Med på
lasset fekk ho kostnadsoverskridingane i samband med rehabilitering av lokala til Stortinget.
Likevel var avgjerda enkel etter at familien
hadde blitt rådført.
– Dei gav meg full støtte. Ein av føremonene
er jo at familien bur ganske nær på Eidsvoll. Eg
har ein son på 18 som framleis bur heime. Og
eg sluttar ikkje å smøre matpakkene hans sjølv
om eg har blitt stortingspresident, seier ho med
eit smil.
Frå det rommelege kontoret på Stortinget ser
ho rett over til Slottet øvst i Karl Johans gate. Ut
frå den formelle rangeringa av de øvste embeta
i Noreg er Trøen nummer to. Det tar ho tilsynelatande med stor ro.
– Mange er opptekne av akkurat dette, særleg barn. Vi har om lag 20 000 barn og ungdom
innom Stortinget kvart år. Eg ser på det som ein
fin måte å fortelje om det politiske systemet i
Noreg på. Eg representerer alle oss 169 folkevalde. Og sidan det ikkje er plass til alle stortingsrepresentantane i éin stol, så blir det eg
som sit i han når Stortinget skal være til stade
ved offisielle anledninger.
Forsvarsparti
Ho er fødd i Bærum, men oppvaksen i Nes kommune, Akershus. Som ung var
ho aktiv innan idrett. Det vart hennar inngang
til politikken.
– Eg utdanna meg til friidrettstrenar og var
oppteken av høvet til å drive idrett og andre
fritidsaktivitetar. Politikken blei ein naturleg
måte å påverke ting i nærmiljøet på. Eg var varamedlem i Nes kommunestyre frå 1987 og berre
21 år gamal da eg blei vald inn, fortel Trøen.
– Var det naturleg for deg å velje partiet
Høgre?
– For meg var det eit naturlig val. Men ikkje
for alle andre i slekta. Den delen av familien
som er frå Vålerenga heller nok meir mot Arbeiderpartiet politisk. Noen familiemedlemmer
lurte nok på kva som skjedde, ler ho.
Verneplikt
Ho blei stortingsrepresentant i 2013.
Året etter var Trøen med på å endre lova slik
at verneplikta vart kjønnsnøytral. Dermed blei
Noreg det første Nato-landet til å kalle inn gutar
og jenter til førstegongsteneste.
– Det var ei historisk storhending og ein av
dei dagane eg hugsar best som politikar. Nå kan
Forsvaret velje mellom dei mest motiverte av
begge kjønn, fortel ho.
Sjølv har ho tre søner i alderen 18 til 29 år.
Ingen av dei har vore i Forsvaret.
– Men faren min var gardist og var svært stolt
av det, legg ho til.
– Det viktigaste er å få inn dei som er mest
motiverte. Nå har Forsvaret nesten dobbelt så
mange å velje blant kvart år.
Øving
Trøen meiner at den viktigaste oppgåva til staten er å syte for tryggleiken til
innbyggarane.
– Eg er utdanna sjukepleiar og veit kor viktig
det er å trene på sjølv det utenkjelege. Det er jo
øvinga Trident Juncture eit godt døme på. Det er
viktig å øve saman med våre nærmaste allierte
slik at det fungerer dersom det verst tenkjelege
skulle skje, seier Trøen.
Gjennom sitt virke som stortingspresident
kjem ho i kontakt med Forsvaret. Under frigjeringsdagen 8. mai heldt Trøen tale og la ned
krans ved rettarstaden på Akershus festning.
Ho deltok også på Forsvarets minnedag 4.
november.
– På desse arrangementa møter eg mange
veteranar, både unge og gamle. Eg har stor
respekt og er dypt takksam over innsatsen til
alle som har tenestegjort eller som jobbar i Forsvaret.
Påminning
I trappa i Stortinget er det ein
minnestad for alle som har mista livet under
militære oppdrag i teneste for Noreg. Der er også
ei bok med namna på alle norske sjøfolk som
mista livet under første verdskrigen. Noreg var
nøytralt, men hadde ein stor handelsflåte som
vart råka.
– Nesten 900 skip blei søkkte, og om lag 2000
norske sjøfolk mista livet. Det er ei sterk påminning å bla i boka. Det viser dei menneskelege
kostnadene og offera som er gjort på våre vegner,
fortel Trøen.
Utanfor vindauget ser ho rett ut mot den
store julemarknaden i Spikersuppa. Litt lenger
oppe i gata står ein statue av Gunnar Sønsteby.
Der stod han med sykkelen og såg tyskarane
marsjere under invasjonen 9. april 1940. Mora
til stortingspresidenten reiste inn til Karl Johan
i mai 1945 for å ta del i feiringa etter den tyske
kapitulasjonen.
– Det gjer meg framleis litt rørt å tenkje på. Ta
aldri demokratiet for gitt, seier Trøen.
Tone Wilhelmsen
Trøen (52)
Gift, tre barn.
Frå Haga i Nes kommune, busett
på Eidsvoll.
Utdanna sjukepleiar.
Vald inn på Stortinget frå
Akershus i 2013.
Tok over som stortingspresident
15. mars 2018.