Nyheter:

Medaljedryss 8. mai

Den 8. mai vert 16 soldatar tildelte medaljar for innsats i militære operasjonar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dagen har tradisjonelt vore brukt til å feire Noregs frigjeringsdag etter andre verdskrigen, men er dei siste åra også blitt ein veterandag der Noreg ønskjer å hylle soldatane som har bidratt for landet.

– Åttande mai er frigjeringsdagen vår, men er samstundes vår veterandag da vi skal påskjøne og syne takksemd til dei soldatane som har bidratt til å sikre det demokratiet vi lever i, seier generalmajor Finn Kristian Hannestad, som er veteraninspektøren i Forsvaret.

SKJERMA

Oppslutninga om dagen er blitt større dei siste åra, og stadig fleire kommunar markerer frigjerings- og veterandagen.

– Fred og fridom er ikkje noko vi skal ta for gitt. Åttande mai er ein fin dag til å heidre veteranane våre og reflektere over dei verdiane som dei har kjempa for, seier Hannestad.

Åttande mai er ein fin dag til å heidre veteranane våre og reflektere over dei verdiane som dei har kjempa for

Og i år er det 16 soldatar som får ekstra påskjøning. Nokre av dei høgaste dekorasjonane i landet går til fem av desse soldatane. Ein person er tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein, og fire er tildelte Krigsmedaljen.

Personen som mottar St. Olavsmedaljen og tre av dei som mottar Krigsmedaljen, er skjerma personell. Den siste personen som er tildelt medalje i statsråd, er Terje Bruøygard, som vil motta Krigsmedaljen for innsatsen sin i Irak i 2017–2018.

I tillegg har forsvarssjefen også vedtatt å tildele dekorasjonar til ytterlegare elleve soldatar. Medaljane det dreiar seg om her, er Forsvaret sin medalje for edel dåd og Forsvaret sin innsatsmedalje, både med og utan rosett. Sju av desse personane er skjerma.

HØGTIDELEG SEREMON

Medaljeseremonien vil bli gjennomført på Akershus festning som ein del av markeringa av frigjerings- og veterandagen 8. mai. Det blir ein høgtideleg seremoni på festningsplassen, som er open for alle, mens dei skjerma soldatane mottar medaljane i ein eigen, lukka seremoni.

Til stades under seremonien vil også kong Harald vere. Kongen vil leggje ned krans ved Nasjonalmonumentet. Statsminister Erna Solberg vil halde tale, mens major Asbjørn Karlsvik held soldatane sin tale.

Det er auka kunnskap om og medvit rundt dei utfordringane som veteranar kan ha

Veteraninspektør Hannestad meiner samhandlinga på tvers av sektorane og samarbeidet med veteranorganisasjonane har gjort at ein på stutt tid har kome langt med veteransatsinga.

– Det er auka kunnskap om og medvit rundt dei utfordringane som veteranar kan ha, og mange kommunar har eigne veteranplanar og veterankontaktar, men eg ser gjerne at fleire kommunar får planane sine på plass.

Powered by Labrador CMS