Han skulle dimittere om nokre dagar. Så kom beskjeden om at han skulle gå i front i gravferda til kong Harald: – Utruleg stort å vere med på, seier gardemusikar Olaf Lindseth.
DEI FØRSTE: Gardist og musikar Olaf Lindseth gjekk saman med signalkorpset til Garden som dei første frå Forsvaret i gravfølget framfor båra til Kong Harald, langs Karl Johans gate onsdag.Foto: Øystein Windstad, Forsvarets forum
Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
Gardist Olaf Lindseth skal dimittere på måndag. Berre nokre dagar før han igjen skal gå i sivile klede kom beskjeden: kongen er død. Lindseth, signalkorpset og resten av Garden skal gå i front når kong Harald skal leggast til kvile.
Annonse
– Dette er både stort, spesielt og ikkje mange som får oppleve, seier gardist Lindseth til Forsvarets forum kort tid før han gjekk i prosesjonen framfor båra til kong Harald.
Tolv timars dagar
Onsdag deltok rundt 3500 soldatar i gravferda til kong Harald. I dagane før var det intens øving.
– Vi i KP3 (3. gardekompani red. anm) er vane med å øve frå klokka seks om morgonen til sju på kvelden kvar dag. Vi er vane med lange dagar og det har gått ganske greitt med tanke på øvinga til prosesjonen, seier Lindseth.
Før prosesjonen såg han og dei andre i korpset på gravferda til kong Olav frå 1991. Han og resten av Garden deltok også i defilering, der det blei sett av tid for at dei skulle få ei stille stund med båra til kong Harald.
ØVING: Olaf Lindseth frå Overhalla to dagar før gravferda til Kong Harald. I bakgrunn er flaggborga til alle avdelingane til Hæren under øving på Huseby leir.Foto: Øystein Windstad, Forsvarets forum.
Trommer og gong
Lindseth spelar til vanleg signaltrommer. I gravferda onsdag spela han gong.
– Det er ikkje ofte vi brukar gong, det er berre i denne samanhengen når vi er ute å marsjerer at vi brukar det. Det er både alvorleg og stort og vere med på dette. Det er kanskje det største oppdraget ein kan få i Garden.
SLOTTET: Båra til kong Harald i starten av prosesjonen onsdag ved slottet.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
I prosesjonen til kong Harald kom det først fire ridande politi. Rett bak dei kom Lindseth og signalkorpset, etterfølgt av hundre gardistar før den flagg- og blomsterdekka båra til kong Harald.
Stillheit gjorde inntrykk
Etter gravferda deler Lindseth korleis det var å vere med.
FOLKEHAV: Rundt 220.000 mennesker var i Oslo sentrum under gravferda.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Det gjekk ganske bra og slik vi hadde trena på. Det var noko heilt anna å gå ned langs Karl Johan no enn då vi vanleg vis går. Eg såg i sidesynet folk som stod der med roser. Det var heilt dønn stille frå Slottsplassen til Oslo domkirke, seier gardisten.
I FRONT: Lindseth (t.h.) og dei andre gardistane i signalkorpset til Garden gjekk først i prosesjonen og gravferda til kong Harald.Foto: Øystein Windstad, forsvarets forum.
Måndag dimitterer Lindseth.
– No skal eg levere frå meg utstyr. Året som kjem skal eg jobbe. Og etter det har reservert ein plass på tannlegestudiet. Eg vurderer også å fortsette i Forsvaret, seier han.
BÅRA: Båra til kong Harald i prosesjonen som gjekk langs Karl Johan onsdag.Foto: Øystein Windstad, forsvarets forum.