Nyheter
Desse kjempar om å forme dei nye skipa til Sjøforsvaret
Seks designhus er vidare i konkurransen om å utvikle nye standardiserte fartøy. På lista står Kongsberg Maritime og Ulstein Verft.
Som del av langtidsplanen for forsvarssektoren og flåteplanen, skal Noreg ha minst 28 nye standardiserte fartøy.
I samabd med dette har Forsvarsmateriell lyst ut ein nasjonal konkurranse om kven som skal få designe dei.
No kan dei kunngjere at desse seks selskapa er vidare:
- Breeze Ship Design AS
- Kongsberg Maritime AS
- LMG Marin AS
- Salt Ship Design AS og Kongsberg Defence & Aerospace AS (leverandørfellesskap)
- Skipsteknisk AS
- Ulstein Design & Solutions AS
I ei pressemelding takkar Forsvarsmateriell alle deltakarane for «gode bidrag og stort engasjement».
– Vi ser fram til neste fase av arbeidet, skriv dei.
Fartøya skal fordelast på Kystvakta og Marinen, og erstatte fleire av fartøyklassane som er i bruk i dag.
Dei som går til Marinen skal på sikt erstatte korvettar i Skjold-klassen, og minefartøy i Alta- og Oksøy-klassane.
Formålet er å auke fleksibiliteten i Sjøforsvaret, skreiv FMA då konkurransen blei utlyst.