Nyheter

Rapport: Meiner trusselen mot Europa har vakse

I si årlege analyse av forsvarssektoren, sjår IISS på dronekappløpet og ein breiare trussel frå Russland.

DRONAR: Maskinar som desse har i stor grad teke over krigføringa ved fronten. Her frå Ukraina.
Publisert

– Trusselen mot Europa, frå Russland sine langtrekkande våpen, blir større.

Det seier Bastian Giegerich, leiar for Det internasjonale instituttet for Strategiske Studium (IISS), under presentasjonen av den årlege Military Balance-rapporten.

Årets rapport omhandlar viktige utviklingar i forsvarssektoren, som dei europeiske Nato-landa sin innsats for å auke eigne forsvarsbudsjett.

Målet er å bli mindre avhengige av USA, etter krav frå amerikanarane.

I dag er vi nemleg sårbare, åtvarar Giegerich.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

– Til og med dei mest grunnleggande systema som OWA-dronen Geran-2, Russland sin moderniserte versjon av den iranske Shahed 136, kan treffe mål på tvers av Europa, fortel han.

– Dette understrekar Nato-allierte sitt behov for å auke investering i missilforsvar, antidronesystem, og langtrekkande presisjonseld.

Dronekappløp

Tilgang på effektive, billige dronar har blitt avgjerande for kven som har overtaket langs frontlinja i Ukraina.

I 2025 har dei russiske produsentane klart å halde tritt med dei ukrainske, ifølge IISS.

– Ettersom den næraste drapssona har blitt fylt av små dronar, og begge sider justerer taktikkane sine deretter, har Russland auka fokuset sitt på den midtre angrepssona, som har mange mål, seier Giegerich.

GERAN 2: Eit fragment av denne russiske angrepsdronen, fotografert etter eit angrep på Kyiv i juni 2025.

– Det er lite som tyder på at Russland si emne til å fortsette krigen mot Ukraina er svekka i sitt femte år. Og den breiare trusselen mot Europa veks, gjentek han.

Innan 2030 vil Russland ha tilgang på nok soldatar og materiell til å nå målet sitt om ein utvida styrkestruktur, meiner IISS-ekspertane.

25 trillionar på forsvar

Det samla globale forsvarsbudsjettet auka med 2,5 prosent i fjor, til 25 trillionar, heiter det vidare i rapporten.

USA hadde framleis på lang veg det største forsvarsbudsjettet, på 8,6 trillionar kroner. Dette trass i at det minka vesentleg frå året før. 

MEST PÅ FORSVAR: Det amerikanske forsvarsbudsjettet var lågare i 2025 enn året før. Likevel ligg amerikanarane langt føre resten av verda.

– På amerikansk side er trenden i noko grad forvridd av det store militære bistandsprogrammet som USA innførte i 2024, seier økonom Fenella McGerty i IISS.

– På grunn av militærbistanden til Ukraina, Israel og Taiwan det året, blei det openbert redusert i 2025.

I det store biletet har det vore lite endring i det amerikanske forsvarsbudsjettet, seier McGerty, medan dei europeiske har gått vesentleg opp. 

Ho reknar med at budsjetta kjem til å auke med 9 prosent i løpet av det kommande året.

Kina i femte generasjon

Forsvarsbudsjettet på andre plass globalt var det kinesiske, på 2,4 trillionar kroner, og deretter det russiske, på 1,78 trillionar.

Kina har hatt særleg framgang i si lansering av femtegenerasjons jagarfly, heiter det i rapporten, som slår fast at militæret sine første Shengyang J-35A blei operasjonelle i løpet av 2025.

KAMPFLY: Her leier ein kinesisk J-16 fleire J-20 og J-35A jagarfly under ein militærparade i Beijing i august.

Jagarflya blei lanserte som del av Beijing sitt mål om å konkurrere med amerikanske stealth-kapasitetar.

Dersom opplysingane til IISS stemmer, har Kina no to typar stealth-jagarfly som er operasjonelle - J-35A og J-20. 

Av sistnemnde har det no blitt produsert fleire enn 300, skriv instituttet.

Powered by Labrador CMS