førstegangstjeneste

Dårlege buforhold for soldatane:
– Som å dusje i bakteriar

For lite plass på romma, dårleg inneklima og mugg i dusjen. Dette er heimen til soldatane på Kjeller base.

KARAKTER TO: Kasernen på Kjeller base har fått karakter to av fem. Katarina Saraksen, Anders Bjorland og Carmen Amundsen er mellom dei vernepliktige soldatane som bur der, og dei er ikkje fornøgde.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med journalistane.

– Då eg kom, fekk eg sjokk, seier Katarina Saraksen.

Vernepliktige Saraksen tenestegjer på Kjeller base med medsoldatane hennar, Anders Bjorland og Carmen Amundsen. Dei viser fram kasernen dei bur på.

– Når eg såg kasernen og dusjen, så begynte eg å lure på kva i helvete eg hadde kome til, seier Saraksen.

I ein besøksrapport frå Tillitsvaldordninga i Forsvaret (TVO), har både buforhold og sanitærfasilitetar på Kjeller fått karakter to av fem. Karakter ein indikerer at det er ubueleg.

Mugg i taket

Inne på kasernen er gangen full av slitne skåp som ikkje får plass på romma. Det er trong luft som følgje av dårleg ventilasjon, men det er dusjfasilitetane soldatane synest er verst. 

– Ein kan ikkje bruke dusjane på badet, det er som å dusje i bakteriar. Og i garderoben er det mugg i taket, så du føler deg ikkje rein der heller, seier Saraksen. 

MUGG: Soldatane vel å dusje i garderobane nede ved treningsrommet, sjølv om det er mugg taket.

Soldatane fortel at dei er nøydde til å finne andre løysningar for å gjere kasernetilveret meir hygienisk. Til dømes går dei heller ned i garderobane til treningsrommet for å dusje, enn å bruke fasilitetane oppe ved romma. 

– Men det er ikkje optimalt korkje oppe eller nede, seier Amundsen.

FELLESDUSJANE: Slik ser det ut i dei to dusjane som er rett ved romma til dei vernepliktige. Soldatane fortel at dei vaskar ofte, men at skiten rett og slett ikkje går bort.

Trioen vaskar ofte, men når det allereie er mugg og skit fleire stader, blir det aldri heilt reint. I tillegg er det mykje som ikkje kan fiksast med betre vaskeutstyr. Doane har ikkje ljos i taket, dørhandtak løsnar og stolar manglar stolrygg. Fleire rom har duftpinnar og duftljos for å kompensere for vond lukt. 

– Då ein i befalet var innom kasernen, stoppa han opp då han såg korleis det såg ut i dusjane, og sa at «her treng me fleire millionar kroner til oppussing», seier Bjorland. 

Meiner det er Forsvarets ansvar

Johannes Evang har som landstillitsvald i Forsvaret besøkt Kjeller to gonger og sett korleis soldatane bur. Han synest at kaserneforholda på Kjeller er stakkarslege. 

– Soldatane har ikkje høge standardar. Det er snakk om så enkle ting som eit greitt inneklima, at det ikkje skal vere trongt på romma og reine dusjar, seier Evang.

Han poengterer at det er kritikkverdig at Forsvaret ikkje kan oppretthalde betre buforhold når soldatane må vere der, og ikkje berre kan droppe å kome tilbake frå perm om dei er misfornøgde. 

– Då skulle det berre mangle at dei har ein ålreit stad å bu. Forsvaret har eit heilt grunnleggjande og overordna ansvar her, seier han. 

SØV PÅ LIGGJEUNDERLAG: Saraksen, Amundsen og Bjorland understrekar at sjølv om dei har dårlege buforhold, er det verre for vaktsoldatane. Her søv ein på liggjeunderlag, fordi dei er for mange på rommet.

Dag Ove Christoffersen er plasskommandant ved basen og jobbar i Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO), som har lokasjonsmyndigheit på Kjeller.

– Forsvaret er planlagt ut av Kjeller, dette medfører at midlar til vedlikehald og bygningsmessige tiltak ikkje blir prioriterte, forklarar Christoffersen i ein e-post til Forsvarets forum. 

Evang synest det er dumt at det ikkje blir sett opp midlertidige løysingar. 

– I vurderingsfasen, når ein går fram og tilbake og bestemmer seg for kva som skal skje på Kjeller, er det framleis soldatar som bur der. Dei er der dag ut og dag inn, og det er dei det går ut over, seier Evang.

TRONGT: Nokre av soldatane må ut på gangen for å hente klede og utstyr i skåpa sine, det er nemleg ikkje plass til alle skåpa på romma deira.

Fire millionar til opprusting

Det er Forsvarets fellestenester (FFT) som er formell leigetakar av kasernen på Kjeller. Christoffersen fortel at buforholda kan bli betre allereie neste år ettersom det no blir sett av midlar til opprusting av dusj- og toalettfasilitetar, ventilasjon og bytte av golvbelegg. 

– FFT arbeider med soldatane, TVO og Forsvarsbygg for kunne gje soldatane gode buforhold på Kjeller base, skriv avdelingssjef ved FFTs støtteavdeling, Christopher Carlsen, i ein e-post til Forsvarets forum.

Distriktssjef i Romerike Forsvarsbygg, Jakob Prytz, forklarar at dei nemnde tiltaka for 2026 vil ha ein kostnad på om lag fire millionar kroner, men understrekar at kasernen har totalt sett eit større behov. 

– Parallelt går det føre seg difor arbeid med å greie ut tiltak og økonomiske konsekvensar av at Kjeller base skal brukast fram mot ferdig reguleringsplan i 2030, skriv Prytz.

Sjølv om mykje kunne vore betre, er soldatane sikre på at dei kjem seg gjennom fyrstegongstenesta. Både fordi dei har godar som TV, airfryer, kjøleskap og PlayStation på rommet, men mest fordi dei har kvarandre. 

– Samhaldet mellom oss gjer det betre å bu her, seier Saraksen, og smiler til makkerane sine. 

Powered by Labrador CMS