VED SLOTTET: Mathea Tømmerdal Nordby stod i første espalier ved slottstrappa då gravfølget gjekk forbi.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
Mathea Tømmerdal Nordby (20) stod vakt under kong Harald si siste reise. I den første av seks lange timar, blei det plutseleg hardt å halde seg på beina.
SESSVOLLMOEN (Forsvarets forum): Vi møter Mathea Tømmerdal Nordby (20) ved ein opplyst spegel i morgontussmørket.
Annonse
Klokka er 05.00 og tåka heng tungt over Sessvollmoen leir. Hallen bak henne kokar av aktivitet.
– Vi sto opp tidleg for å føle oss heilt klare. Det er ikkje så gøy å kome til Oslo, føle at håret er halvvegs og få beskjed om å rette opp i det. Då er det meir stress, seier ho.
Å få håret bak i ein stram nok knute har blitt til eit fellesprosjekt. Bak henne festar ein medsoldat småhåra i nakken med augebrynsgele.
TIDLEG OPPE: I dette kompaniet er det kvinnene som har stått opp først. Det tek tid å få håret til å sitje godt nok.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
– Eg trur og håper det er bra nok. Då kan eg bruke den tida eg har til å snakke litt og tenke litt, fortset Nordby.
– Sjølv om vi veit heile planen, så veit vi ikkje heilt kva vi skal ut i.
– Kva trur du du hadde gjort på no, dersom du ikkje var her og gjorde dette?
– Sove, seier Nordby og ler.
SPENTE SOLDATAR: Mange i hallen på Sessvollmoen lurar på kva dei går til. Snart går sju bussar inn til Oslo.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
Fire månader på fire dagar
Kompaniet hennar frå Finnmarksbrigaden fekk beskjeden sist tysdag, under ein tur med sekk i skogen.
Nordby hugsar at ho sat i terrenget og var kald og sveitt.
Snart var ho i eit Hercules-fly, og hadde fire dagar på seg til å lære noko som dei fleste lærer på fire månader.
OPPTELJING: – God morgon, rittmeister, lyd ropet på tvers av Sessvollmoen. Det blir sjekka at alle er på plass.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
Når gravfølget skal frakte kongen si båre frå Slottet til Oslo Domkirke, skal ho og 1900 andre halde æresvakt.
– Det vanskelegaste vi gjer er å stå stille. For å ikkje svime av, rett og slett, så er tipset å prøve å bevege litt på tær, prøve å stramme ein og ein muskel, fortel ho.
– Det siste ein bør tenke på er kor lenge det er igjen, når er det dei kjem for å avløyse oss, slike ting.
Det er eigentleg ikkje så farleg om dei små detaljane er på plass, fortel befalet meg. Det viktigaste er at soldatane går i takt, og gjer rørslene samtidig.
KONTROLL: Uniforma blir gjennomgått av befalet med iPhone-lommelykt, og godkjent.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
Likevel laud tilbakemeldingane frå fjern og nær:
– Trykk tommelen ned!
– Veslefingeren inntil låret!
I ti timar dagleg har dei øvd, først på detaljane kvar for seg, og så saman.
Dei har late «kongen» passere, på dette tidspunktet ein umerkt svart bil, og marsjert tilbake til start. Om, og om, og om igjen.
Siste augeblikk
No er dagen her. 06.15 går bussen ut i tåka. Sakte men sikkert bryt den oransje morgonsola ut gjennom skyene.
Frukosten er iskaffi og rundstykke med syltetøy og leverpostei.
BUSSA INN: Ikkje alle æressoldatane har fått sove på leir, som desse. Nokre har kome til Oslo med nattbuss tidleg onsdag.Foto: Hevig Idås, Forsvarets forum
– Då eg snakka med mamma, sa ho: «Herregud så heldig du er, tenk på kor mange du får sjå», fortel Nordby.
– Eg sa: «Men mamma, eg skal ha tusenmetersblikk. Eg ser jo eigentleg ingen.»
Nokre namn har ho likevel i bakhovudet. Volodymyr Zelenskyj kom til Oslo med fly i går kveld – det ville vore stort å sjå han går forbi.
Ho har også reflektert over kongen sine barnebarn. Særleg prins Sverre Magnus, som er like gammal som henne.
ALVOR: På veg inn mot Oslo tenker Nordby igjennom alt som skal vere på plass. Truleg også på fotografen som lener seg over seteradene.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
– Eg tenker på dersom det var min bestefar, korleis eg hadde reagert, seier ho.
– Eg trur aldri man kan vere heilt førebudd.
Sjølv har ho sett kong Harald ein gong. Då var ho elleve år, heime på Hamar under Middelalderfestivalen.
Ho hugsar at det var mange menneske der, då også, og at ho var skikkeleg stolt.
FRAMME: Her kjem soldatane fram til Akershus festning. Nordby har framleis med seg noko av frukosten.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
Ei oppfordring frå hærsjefen
På festninga rekk kompaniet å ta ein pust i bakken.
Våpena har dei fått beskjed om å legge på brusteinane. Dei kviler mellom restane av frukosten.
Soldatane varmar opp, og blir samla for ein peptalk frå befalet.
PÅ FESTNINGA: Våpen og mat låg lett tilgjengeleg medan soldatane venta på avmarsj.Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets forum
– Ein veg går til festninga, ein veg går til slottet. Dersom de er i tvil, ikkje gå mot slottet. Er det forstått?
– Forstått, svarar kompaniet.
– Lykke til. Dette blir knallbra. No knusar vi på.
Det har skjedd at soldatar har snudd seg feil veg under øvinga, seier Nordby.
BØYER OG TØYER: Før ein skal stå stille er det lurt å få kroppen i rørsle.Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets forum
Då har ein hamna ansikt mot ansikt med nestemann, og det er kjempesynleg for publikum.
Medan kompaniet står samla, kjem det gåande ein ekstra staseleg uniform.
– Har de sove godt, spør hærsjef Lars Lervik.
– Ja, ropar dei.
– Har de sove kort?
– Ja.
HÆRSJEFEN: Lars Lervik seier god morgon til første espalier.
Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets forum
Lervik minner dei om å drikke vatn, og om det han kallar for regel nummer ein: ta vare på kvarandre.
Så har klokka blitt 09:30, og kompaniet skal av garde.
– Nei, utbryt Nordby når ho plukkar opp våpenet.
– Det er nokon som har trakka på det!
Det er for seint å gjere noko med no. Dei stiller seg på rekke, og marsjerer til oppstilling.
HK416: Når Nordby plukkar opp sitt eksemplar av Forsvarets hovudvåpen, har det merke etter ein sko.Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets forum
Redd for å gå i bakken
Fleire tusen soldatar står samla på den store, opne plassen innanfor festningsportane. Nordby er i espalier éin, i teten rett bak korps og garde.
3500 soldatar samlar seg på plassen. Alle greiner i Forsvaret er representerte, i tillegg til soldatar frå Danmark, Sverige og Storbritannia.
Marsjen mot slottet blir sett i gang av kommandanten på Akershus festning, brigader Gyda Ellefsplass Olsen.
– Iverksett!
I GANG: Her forlét Nordby og medsoldatane festninga.Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets forum
Dei første timane er verst, ifølge Nordby.
Ho legg merke til folkemengda langs Karl Johan, og lurar veldig på kva som ventar dei ved Slottet.
Ho kjem seg i posisjon, med eit våpen som veg fire kilo og beina i slakk nedoverbakke.
Når pulsen går ned, blir kroppen og hovudet ueinige. Nordby sig litt saman. På eit tidspunkt blir ho redd for å gå i bakken.
DEN TYNGSTE TIMEN: Mor til Nordby var på slottsplassen onsdag ettermiddag. Ho skreiv i ei melding til dottera at ho var redd ho skulle stå til ho svima av.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
Så kjem båra, med kongelege, forsvarstoppar og statsleiarar bak. Ryggen rettar seg umiddelbart opp, nesten av seg sjølv.
I løpet av dagen får om lag 30 æresvakter hjelp av sanitetssoldatar fordi dei er slitne eller svimle, seier ein talsperson for Forsvaret til Forsvarets forum.
Vedkomande får sjølv auge på ein soldat som svimar av, men veit ikkje om det gjeld fleire.
KONGENS BÅRE: Her går gravfølget forbi første espalier og Nordby.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
Kompaniet til Nordby står i seks timar, broten opp av to pausar. I den lengste blir dei tilbodne eit buffet med smørbrød, croissantar og cookies.
Det som overraskar Nordby er at ho toler det betre dess lengre ho står – når kvar pause startar, tenker ho at ho faktisk kunne stått lengre.
Seks timar på vakt
Soldaten kjenner att kjensla ho har i kroppen når dei sit på graset på festninga. Det er gleda ein får av ei vel overstått meistringsøving.
Ein medsoldat tel prikkane på ei marihøne: «16, 17 … 18». Den flyg, og nokre lukkar augo for å ønske seg noko.
– OVER ALL FORVENTNING: Det er ein svært nøgd soldat vi møter på festninga etter seks timar ved Slottet.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
Nordby er kjempenøgd med det ho har fått til.
– Det gjekk over all forventning, eigentleg, seier ho.
– Ein får ein boost etterpå, og så kjem kvelden og alle er heilt flate.
På bussen er det fleire som sovnar. Sola over E6 er igjen på veg ned mot horisonten.
Nordby er vaken heile vegen tilbake til leir. Berre Finnmarksbrigaden er att i hallen dei søv i – 80 i staden for 350.
80 IGJEN: Onsdag kveld er det berre Finnmarksbrigaden att i den store hallen.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum
Her ventar masse snacks, endå ein iskaffi, og forhåpentlegvis snart middag. Reisa nordover skjer ikkje før i morgon.
– Eg kjem nok til å hugse augneblikket vi marsjerte ut etter gravferda; då eg såg alle menneska, alle flagga, og at fleire av oss stod langs sidene, seier Nordby.
– Då gjekk det opp for meg at det var ekte.
BEINA HØGT: Nordby har gledd seg lenge til å få setje seg ned, og ei god natts søvn.Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum