Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023
Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023

«Eg tenkjer sjølvsagt på at jobben min er viktig for trygginga av Noreg»

Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023
Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023

Russlands angrep på Ukraina har gjort norsk etterretning meir ettertrakta i Nato.

Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023
Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023

Fleire hundre tilsette i Forsvaret jobbar no for å få dei nye overvakingsflya på vengene så raskt som mogleg.

Blant dei, ein 23 år gamal avionikker – som først måtte bli kvitt flyskrekken.

– Verdas mest avanserte overvåkningsfly

EVENES FLYSTASJON (Forsvarets forum): Det vert omtala som verdas mest avanserte overvakingsfly, og ein «formidabel ressurs» for å kontrollere kva som skjer over og under havoverflata.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Russlands brutale angrepskrig i Ukraina har gjort at informasjon om kva russarane held på med i nordområda meir ettertrakta enn på lenge i Nato.

For Noreg handlar no alt om å få dei nye overvakingsflya, P-8A Poseidon, på vengene og i operativ teneste. Planen var å ha flya klar innan førstkomande sommar. No er beskjeden frå regjeringa: Helst før.

Fakta P-8A Poseidon

  • P-8A Poseidon er eit maritimt patruljefly bygd av amerikanske Boeing. Flyet kan overvake store havområder, finne ubåtar og drive avansert elektronisk etterretning.

  • P-8A Poseidon kan utstyrast med forskjellige våpen, som torpedoar, miner og djupvassbomber. Flyet kan nå over 12.000 meter og har ei maksfart på drøyt 900 kimometer i timen.

  • I 2016 bestemte Stortinger å kjøpe fem slike fly som erstatning for dei gamle P-3 Orion-flya, som i over 50 år har overvåka norske havområder.

  • Kostnaden i prosjektet er over 11 milliarder kroner. I tillegg kjem kjøp av utstyr over budsjetta til E-tenesta.

  • Dei tre første flya er levert Noreg og er no under testflyging ved Evenes flystasjon. Dei to siste blir levert neste år.

På Evenes flystasjon er morgonmøtet blant Luftforsvarets tilsette ferdig. Her går mannskapet først gjennom rapporten frå kveldsskiftet før dagens oppdrag vert fordelt. Christian Fiskaa (23) er avionikkar og har fått i oppgåve å gjere noko han har gjort mange gangar før: Ein dagleg sjekk, eller «daily» som ein seier i flyteknikarmiljøet.

Ei heilt vanleg oppgåve på eit fly som langt frå er vanleg. Fiskaa fullfører dagens første kaffikopp, skravlar litt med kollegar, før han tar på seg Forsvarets refleksjakke og set kurs ut døra og mot flyoppstillingsplassen. Ute har den blåkvite vintersola lagt seg over rullebanen. Fiskaa fiskar fram ei lommelykt og lyser over flykroppen. Ein dagleg sjekk startar alltid utandørs. Har flyet fått skadar i skroget, skal desse oppdagast.

– Det som er kjekt med denne jobben er at du får så mykje ansvar. Du må våge å seie i frå om du meiner noko ikkje er som det skal vere, og ikkje gøyme det bort, seier Fiskaa.

Før han legg til:

– Og så må du vere klar til å innsjå at du kanskje kan ta feil om noko du trudde var feil.

Avansert teknologi

Eigentleg er det ei gåte at Fiskaa skulle ende opp som avionikar i Luftforsvaret. Han hadde korkje interesse av eller kunnskap om fly før han byrja på elektrolinja på vidaregåande skule i Stavanger. Faktisk har Fiskaa tidlegare hatt flyskrekk og var lite glad i å fly. Men ulike samantreff gjorde at han starta ved flylinja – og etter 18 månader med førstegongsteneste i Luftforsvaret vart Fiskaa tilsett ved F-16-basen i Bodø. Då den basen vart lagt ned, fekk 23-åringen tilbod om å vere med over på dei nye overvakingsflya.

Ein av dei mest spennande dagane på jobb var då Fiskaa fekk vere med på treningstur med eitt av dei nye flya. Flyginga gjekk frå Evenes til Ørlandet. Pilotane trena også på lågflyging.

– Det var show! Vi var 300 meter over Trondheim, smiler Fiskaa.

Noreg har kjøpt inn fem nye maritime overvakingsfly. Dei tre første er levert frå fabrikken i USA, dei to siste kjem neste år. Og flyet seg eigentleg ut som eit heilt ordinært sivilt Boeing 737-800 der det står på Evenes, sett bort ifrå at det står «Royal Norwegian Air Force» langs den grå flykroppen.

EIN FLYGANDE AGENT: P8-A er fylt opp med noko av verdas mest avanserte teknologi for overvaking og etterretning. Datamaskinene til venstre er bemanna av fem operatørar under tokt.
EIN FLYGANDE AGENT: P8-A er fylt opp med noko av verdas mest avanserte teknologi for overvaking og etterretning. Datamaskinene til venstre er bemanna av fem operatørar under tokt.

Det er først når ein kjem om bord at skilnadene frå fly-fetteren, brukt i sivil luftfart over heile verda, kjem for ein dag. Her er det ingen seterader, hattehyller eller serveringsvogn for kaffi og te. Det einaste som kan minne om eit sivilt fly er toalettet, like stort (eller lite) som ein er kjent med, og cockpiten. Og nokre få stolar, sett opp med ryggen mot flyretninga.

Resten av flyet er fylt opp med noko av det mest avanserte og hemmelege innan overvakingsutstyr som er utvikla. Skjermar langs den eine veggen, store skap med elektronikk vidare bakover. Lengst bak er det montert skap for oppbevaring av sonarbøygar – brukt til å søkje etter ubåtar. Flyet kan utrustast med våpen - for å kunne kjempe ned fiendtlege ubåtar.

SJEKKLISTE: Vi har ein jobb og det er å sørgje for at flya er klare til å operere, seier Christian Fiskaa (til venstre), godt i gang med dagleg sjekk av Noregs nye overvakingsfly.
SJEKKLISTE: Vi har ein jobb og det er å sørgje for at flya er klare til å operere, seier Christian Fiskaa (til venstre), godt i gang med dagleg sjekk av Noregs nye overvakingsfly.
AVANSERTE FLY: Dei nye P-8A kan overvake store havområder, finne ubåtar og drive avansert elektronisk etterretning. Tre fly er levert, to kjem neste år. Arbeidet med testing og vedlikehald er i gang på Evenes.

Bakteppet er alvorleg. Den tryggingspolitiske situasjonen i Europa har endra seg drastisk etter Russland sin invasjon av Ukraina 24. februar i år. Tilhøvet mellom Russland og Vesten er på sitt verste sidan kald krig. Frå Moskva har det fleire gongar blitt snakka om bruk av atomvåpen.

Den brutale russiske krigføringa i Ukraina går inn i sin tiande månad, og etter at ukrainske styrker tar tilbake okkuperte landområde kjem krigens grufulle kvardag fram: Torturkjellarar, valdtekter, avrettingar, tvangsdeportasjonar.

Det russiske parlamentet har, i strid med folkeretten, annektert fire ukrainske fylker. Og medan Nato-landa leverer våpen til Ukraina sin rettferdige fridomskamp, rustar europeiske land opp sine nasjonale forsvar. Her speler Fiskaa og dei andre tilsette i Luftforsvaret ei sentral rolle.

Noreg vedtok i 2016 å kjøpe nye overvakingsfly. I over 50 år har P-3 Orion-flya kontrollert norske havområde frå Andøya flystasjon. Til neste år vert desse flya fasa ut og erstatta av P-8A. Når desse er på vengene og klar til teneste, vil dei vere blant den «største forsvarsløynda» i Noreg, seier Kristian Holand, oberstløytnant og nestkommanderande ved 133 luftving. Han har vore med sidan Forsvaret starta å bygge opp nye Evenes – ein forsvarsbase som vil telle 550 tilsette og 300 vernepliktige når den er ferdig oppbemanna om to år.

– Eg vil seie at flya har ein formidabel innsamlingskapasitet. Både det å samle inn og prosessere dei ulike data som kjem inn, er på eit heilt anna nivå enn dei maskinene vi opererer i dag. Dette er typisk ting som følgjer av ny teknologi, seier Holand.

Strenge tryggingstiltak

Dei norske maritime overvakingsflya har to hovudoppgåver. Den eine handlar om å ha kontroll over norske havområde og hjelpe i søk og redning eller i miljøoppsyn.

Den andre delen av jobben handlar om å halde seg oppdatert på russiske militære aktivitetar. Og sjølv om dei norske overvakingsflya skal operere langs heile kysten av Noreg, er det frå Evenes og nordover Forsvaret rettar mesteparten av sine tokt.

Russland har sidan 2000-talet modernisert sine maritime kapasitetar. Nye atomdrivne ubåtar vert dei neste åra satt i drift frå basane langs Kola-kysten. For Noreg er det difor viktig å ha «ny teknologi», som Holand skildrar, for å halde norske politikarar og allierte, spesielt USA, oppdatert på kor desse ubåtane til ein kvar tid finn seg. Det at slike oppgåvene vert utført av Noreg på vegne av Nato-allierte, er akseptert frå russisk side, meiner Holand.

UBÅTJAKT: Dette er sonarbøyger og brukast i jakta på ubåtar. P-8A-flya kan ha over 100 slike antiubåtsvåpen med på flyging.
UBÅTJAKT: Dette er sonarbøyger og brukast i jakta på ubåtar. P-8A-flya kan ha over 100 slike antiubåtsvåpen med på flyging.

– Russland er vane med å sjå både Kystvakten og overvakingsflya i nord. Det at dette er norske fly med norske tilsette om bord, er tryggjande for russarane.

– Om Russland har ei militærøving, då er de på plass?

– Då dreg vi opp og ser. På kva dei gjer, om dei har fått ny teknologi, om dei gjer ting på nye måtar. Vi har normalt nærvær i området, også når dei øver. Akkurat som vi er interessert i å finne ut om ting er innanfor normale, er Russland opptatt av å finne ut kva vi held på med.

– Kan ein ferdast til havs i våre områder utan at dette flyet finn ut av det?

– Det har eg inga formeining om.

– Ein kan finne ting både over og under havoverflata?

– Ja.

– Korleis finn ein ting under havoverflata?

– Eg har ikkje lyst til å gå inn på kva system som vert brukt for å finne ting under havoverflata, seier Holand.

Løyndom er noko som går igjen i det meste som skjer på Evenes. Det er ikkje lov å fotografere infrastruktur som master, stålgjerder, grøfter eller mellombelse telthangarar. Ein må passere gjennom fleire ulike tryggingssoner for å kome fram til verkstaden for P-8A-flya. Berre det å kome seg inn på området der dei tilsette i Luftforsvaret har tenestekvarter krev identifisering i fleire kontrollpostar.

Så strenge er tryggingstiltaka på Evenes at til og med basens nestkommanderande, Kristian Holand, denne dagen ikkje kjem seg forbi bommen og vidare inn mot området der Forsvaret no byggjer permanente hangarar for sine nye overvakingsfly.

– Det ser ut som at kortet mitt ikkje fungerer i dag, seier han, før vi må snu og køyre tilbake.

Og P-8A-flya vert overvaka nøye. Ingen får lov å gå om bord sjølv med øyreproppar frå Apple. Kva som finst av teknologi og utstyr i flyet snakkast også berre om i generelle vendingar. Kor lenge flyet kan operere samanhengande på eitt oppdrag, eller kva dei ulike operatørane gjer med sine datamaskiner, er ting Forsvaret ikkje vil opplyse om. Det er USA som eig mykje av teknologien, forklarer Holand. Derfor er det ikkje berre norske tryggingskrav som gjeld, men også amerikanske.

Fakta om Evenes flystasjon

  • Den militære delen på Evenes vart etablert frå slutten av 1970-talet. Den sivile flyplassen opna i 1973.

  • Etter å ha blitt bygd ut gjennom 80-tallet, blant anna vart rullebanen forlenga til 2,8 kilometer med Nato-midler, vart basen mindre viktig då Den kalde krigen var over.

  • I 2016 beslutta Stortinget at Evenes skulle vere hovudsete for Noregs nye maritime overvakingsfly i nord. Andøya flystasjon skulle leggjast ned.

  • Forsvaret seier det skal investerast over fem milliardar kroner i infrastruktur på Evenes dei neste åra. Truleg er dette beløpet langt høgare.

  • Forsvarsdepartementet seier minst åtte milliardar kroner trengs for å gjere Evenes flystasjon klar som hovudbase for P-8A og som framskoten base for dei nye kampflya F-35. To F-35 er på 15 minutters beredskap året rundt på Evenes.

Christian Fiskaa seier tryggingsnivået på Evenes er noko heilt anna enn ved flystasjonen i Bodø, der han jobba med F-16. Det må det neste vere, seier Fiskaa, all den tid teknologien i den nye P-8A er langt meir utsett for etterretningstrugsel enn dei «gamle» jagarflya, der deler av teknologien allereie var nedgradert.

– Kva er du best på av alle dei ulike arbeidsoppgåvene du utfører?

– Det har eg ikkje så lyst å snakke om. Ikkje veit eg heller om eg har lov til å fortelje det.

– Kan flyet fylle drivstoff i lufta frå eit tankfly?

– Det kan eg ikkje fortelje.

– Tykkjer du det er krevjande å ha ein jobb der du ikkje kan snakke med kompisane dine om kva du held på med?

– Nei. Kompisane mine bryr seg midt bak om fly. Og uansett om eg hadde starta å fortelje, hadde dei ikkje skjønt kva eg snakka om.

– Det er mykje som er hemmeleg i jobben din?

– Ja. Og slik må det nesten vere.

Viktig rolle i tiår

Å vere nabo til eit land som Russland, som har invadert eit anna naboland, er den aller største aktuelle tryggingspolitiske utfordringa for Noreg i dag, meiner skvadronsjef Per Jørgen Tiller. Det er han som er sjef for Noregs nye overvakingsfly.

– Det er nok mykje uvisse blant dei som fattar viktige avgjersler i Noreg på kva som skjer. Sjølv om faren for uro i nord vert vurdert som liten. Er det alltid ei viss spenning der. Og mange i befolkninga er urolege. Då er det viktig for oss å fortelje at vi følgjer med. Og ting er nesten som normalt i nordområda no, seier Tiller.

Norske maritime patruljefly har i fleire tiår hatt ei viktig rolle i å varsle Nato om uvanleg russisk aktivitet i nord. Tiller understrekar at Noreg tradisjonelt har eit ordna og godt forhold til Russland i nordområda, med at Russlands aggressive åtferd andre stader i verda har auka behovet for nye overvakingsfly.

– Når vi er der ofte, ser vi kva som er normalt og kan varsle om avvik frå normalen.

– Det at regjeringa har bede Forsvaret om å vere klar med P-8A-flya tidlegare enn planlagt, kva fortel det?

– Det fortel at etterspørselen for overvaking og etterretning har auka. Det er viktig at ein ikkje trur kva den andre parten held på med, men faktisk veit det – for å unngå utilsikta eskalering, seier Tiller.

– No bygg vi for generasjonar

Klokka har passert halv fem på ettermiddagen når Fiskaa låser seg inn på tilsettkvarteret, ei nybygd treetasjes bygning som stod klar i fjor med toalett på alle rom, kunst på felleskjøkenet og heis. Her får Fiskaa og resten av mannskapet leige topp moderne hyblar til ei billig penge.

Nokre militærbygg står igjen frå den tida Evenes flystasjon vart etablert på 1980-talet med Nato-midlar. Men overalt på basen byggast det no nytt. Vegar asfalterast. I Forsvaret snakkast det med iver over at ein igjen no etablerer ein ny og moderne militærbase, nærast frå grunn av. I 2012 vedtok Stortinget at Evenes skulle vere framskoten operasjonsbase, såkalla QRA, for Noregs nye jagarfly, F-35. To fly er i dag på femten minutts beredskap, året rundt. Og i 2016 vart det bestemt at dei nye overvakingsflya skulle stasjonerast på Evenes. Med alle vernepliktige og tilsette på plass, vil basen ha fem komplette skvadroner og bataljonar.

– No bygg vi for generasjonar. Det er ei veldig spennande tid på Evenes no. Det var berre ein tilsett frå Luftforsvaret til å starte med, meg, som koordinerte dette. Men vi skal bli mange menneske her etter kvart, seier Holand.

Fiskaa var på kurs i våpensystem på Kjevik då Russland invaderte Ukraina natt til 24. februar i år. 23-åringen seier krigen ikkje er noko som vert diskutert mykje blant kollegaene på Evenes, sjølv om Forsvaret har auka beredskapen.

Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023
Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023

– Vi har ein jobb og det er å sørgje for at flya er klare til å operere, seier han.

Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023
Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023

Likefullt har han nokre tankar om krigsutbrotet i Ukraina og det stadig meir vanskelege forholdet mellom Russland og Vesten:

Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023
Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023
Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023
Tre av fem Poseidon P-8 fly står i dag på Evens. Arbeidet med å få de operative er møysommelig, men det ventes at de skal være klare til bruk før 1. juli 2023

– Eg tenkjer sjølvsagt at jobben eg gjer er viktig for trygginga av Noreg.

Powered by Labrador CMS