Nyheter
Varslar auka aktivitet rundt Færøyane
Det blir blant anna patruljering med F-35-kampfly og fregattar. Det varslar danske og færøyske myndigheiter.
Danmark sin forsvarsminister Jeppe Bruus og Færøyane sin utanriks- og fiskeriminister Bárður á Steig Nielsen er einige om å styrke forsvarssamarbeidet. Dei seier i ei pressemelding at Danmark og Færøyane ønsker tettare samarbeid og meir forsvar-aktivitet rundt øygruppa.
Forsvarsminister Bruus seier at satsinga er ein del av Nato sitt auka nærvær i Arktis. Og at dei sender eit tydeleg signal om at det blir teke ansvar for den kollektive trygginga i heile kongeriket.
Færøyane er sjølvstyrte og samtidig ein del av kongeriket Danmark, saman med Grønland.
Færøyane har ikkje eit eige militære, men blant anna kystvakt, fiskerioppsyn og redningssentral som heiter Vørn.
Danmark skal i auka grad patruljere og øve med F-35-kampfly, fregattar og transportfly i og rundt Færøyane.