reportasje
Ubåtjegarane
Kvart år møtest dei for å øve på krigføring på djupt vatn. Det er så likt ekte kampar som mogleg, seier arrangørane. Men også litt som fotball.
HAAKONSVERN (Forsvarets forum): Frå Sjøforsvarets hovudbase i Bergen er eit britisk Merlin-helikopter på veg til sjøs.
Dei skal til eit område der morgonlaget trur ein norsk ubåt har gøymt seg, og har med seg ein dansk Absalon-fregatt for å finne den.
Taktisk offiser Tom Cowley har ei oppgåve: ta ubåten før den tek fregatten.
– Slepp ut sensoren! No, no, no.
Den vesle sylinderen forsvinn med eit skarpt sus. Plasket høyrer vi ikkje. Når signalet kjem inn, markerer Cowley plasseringa på kartet.
Når dei har ei fordeling av sensorar i vatnet, formar det seg ei avlang stripe på sonarskjermen - raud og gul mot grøn bakgrunn.
Den beveger seg annleis enn ein kval eller ei steinhylle ville gjort.
– Kva trur du det er, spør ein meir erfaren pilot. Han er her for å støtte og observere.
– Eg trur det er ubåten, svarar Cowley. Han har aldri spora eit ekte fartøy før, og setninga lyder som eit spørsmål.
Observatøren justerer plasseringa til ein sensor som har drive av garde med havstraumen. Etter litt undersøking er han også nøgd.
– Ok, Tom. Kven av oss er det ubåten ligg nærast?
– Skipet, seier han.
Det som Noreg har i oppdrag å angripe.
– Så kva vil skipet sikkert vite om no?
– Posisjonen deira, seier Cowley og hiv seg rundt.
Medan han ber danskane passe seg, får sidemannen eit anna oppdrag.
– Gjer klart angrepet!
Dei sirklar, angrip, sirklar igjen. Så er scoren klar: dei har treft ubåten fire gongar.
Dei er juksetorpedoar. Ingen skot er losna, men treffa er registrerte.
– Feather!
Ropet kjem frå cockpiten.
Piloten peikar mot to lange kvite striper i vatnet, frå der ubåten sine fremste stolpar bryt vassoverflata. Dei liknar litt på ei lang fjør.
Denne er ubåtkapteinen sitt vink til britane. Han seier gratulerer.
Når sola skin og ein kjem nærme nok, kan ein skimte skroget like under.
Dei har klart det.
Nordmenn på heimebane
Nede på Haakonsvern er det VM-stemning, på fleire måtar enn ein.
– Øvinga blir litt som å drive med idrett. Alle er interesserte i å vinne, seier orlogskaptein Henrik Krey.
Han er overordna leiar for Exercise Green Eel, som skjer kring denne tida kvart år. Formålet er å bli så gode som mogleg på å krige mot og med ubåtar.
Tyskland har vore med heile vegen, og Storbritannia sidan 2018. I år er også Danmark med.
Det at havbotnen ved Noregskysten har djupe dalar, og den britiske kontinentalhylla har flatt sanddekke, gjer det norske laget sterkast på heimebane, fortel Krey.
– Sjølv om ein ikkje får tippekupong slik dei gjer i VM, så får folk veldig tydeleg tilbakemelding på korleis dei har gjort det og korleis dei kan gjere det betre, seier Krey.
– Det er sjølvsagt mykje konkurranse og prestisje som går inn i dette her.
Samtidig er det ikkje nokon leik, det dei driv med. Øvinga er prega av trusselsituasjonen, seier Krey, og alvoret har auka over tid.
– Havet står på mange måtar igjen som den siste staden der du kan gøyme vekk store våpensystem som ubåtar, fortel han.
– Det er heilt klart at Russland også opererer til dels moderne og veldig effektive ubåtar. Så det å kunne bruke ein slik arena for å øve, er veldig positivt for alliansen vår.
– Sklir sakte inn i gråsona
Kommandør Aidan Riley, leiar for luftfart på det britiske sjøforsvaret sine hovudkvarter, meiner årets øving er heilt særeigen.
– Det som er spesielt, og eg hatar å seie det, er uvissa kring posisjonen som Nato og JEF-nasjonane har hamna i med tanke på trusselen frå Russland, seier han.
– Ein av dei positive tinga med dette er at det legg ganske hardt press på Noreg og Storbritannia til å samarbeide tettare enn før.
Lunna House-avtalen om forsvarssamarbeid mellom Storbritannia og Noreg, og det norske kjøpet av fregatten Type 26, heng veldig saman med dette, seier Riley.
– Når det gjeld ein overgang til konflikt, eller ein krigssituasjon, er det ikkje slik at ein når ei raud linje og så er vi plutseleg i ein konfrontasjon, fortset han.
– Vi sklir sakte inn i den gråsona, og Russland utfordrar både Storbritannia og Noreg når dei driv med sin aktivitet. Det er det som står på spel.
På djupt vatn
Områda der det gjeld aller mest strekker seg frå Norskehavet til Nord-Atlanteren, og frå Bergen til Island, Shetland og Færøyane, seier kaptein Riley.
– Dei mellomromma er stadane der russiske ubåtar reiser frå sin nordflåte til dykkar grense. Vi reagerer med å spore dei russiske ubåtane ganske ofte, seier han.
– Det mest realistiske scenarioet er kjemping på svært, svært djupt vatn i svært utfordrande forhold.
Dette er forholda han har teke med seg unge pilotar og crew-operatørar til Noreg for å øve på.
Blant dei Cowley, som no har fått av seg flyhjelmen.
– Forhåpentlegvis har laget vårt fått litt skryterettar overfor dei som flaug før oss, seier han og ler.
– Vi kallar det for ein siger.