Nyheter
Storbritannias forsvarsminister går av
Den britiske forsvarsministeren John Healey går av, skriv han i eit innlegg på X. Bakgrunnen er usemje om Storbritannias forsvarsbudsjett.
John Healey forlet stillinga si som forsvarsminister, skriv han på X torsdag.
Han viser til den britiske investeringsplanen for forsvaret, og dei økonomiske vala statsminister Keir Starmer har teke i gjennomføringa av den.
Healey har gitt beskjed om at han ikkje kan akseptere forliket Starmer har inngått, og difor må gå av.
Kor mykje lågare beløpet er enn planlagt, er ikkje offentleg kjent.
Sky News skriv at det kan vise til forslaget frå Starmer og finansminister Rachel Reeves, om å berre auke forsvarsinvesteringane med 0.08 prosent dei neste par åra.
– Den strategiske forsvarsgjennomgangen som vi saman bestilte, la fram ein tiårsvisjon som skulle totalforvandle våre væpna styrkar, styrke alliansar, investere i teknologi som forvandlar krigføring og støtte opp om britisk industri for å gjere forsvar ei drivkraft for vekst, skriv Healey i innlegget.
– Sidan den gong har du ikkje vore i stand, og finansdepartementet har ikkje vore villig, til å vie ressursane som nasjonen treng.
Den britiske investeringsplanen for forsvaret har ikkje enno blitt offentleggjort, men skal forklare korleis materiell og forsvars-infrastruktur skal bli finansiert dei neste ti åra, skriv BBC.
Den skulle etter planen bli publisert i fjor haust.
Nekta å akseptere forlik
Healey viser vidare til konflikt i Midtausten, tryggleiken i nord, britisk leiing av Nato-oppdraget Arctic Sentry og den auka trusselen frå Russland, som eksempel på kor viktig forsvarssatsinga er.
– Det finansielle forliket som eg først fekk i si heilskap på måndag ettermiddag denne veka, strekker ikkje til i det heile for det som er nødvendig for forsvaret av landet i denne farlege tida, skriv Healey vidare.
– Utan ein forsvarsinvesteringsplan som møter augneblikket rett, blir eg tvinga til å ta val som ville svekka beredskapen til styrkane våre, auka risikoen for personell ute på oppdrag, og gjort landet mindre trygt.
Healey kjem framleis til å støtte regjeringa til partiet Labour, og takkar med dette for seg.
Det har ikkje enno kome eit svar frå Starmer eller det britiske finansdepartementet.
Men ei utsegn frå regjeringa, sendt til fleire britiske medium, kjem i statsministeren sitt forsvar.
– Landet er tryggare på grunn av vala Keir Starmer har teke, og vi vil fortsette å handle i tråd med nasjonal interesse, seier kjelda, som ikkje er namngitt.
– Forsvarsinvesteringsplanen kjem til å levere kapabiliteten som våre væpna styrkar treng. Vi kjem alltid til å gjere det som er rett, og nødvendig, for å halde landet trygt.
Sandvik: – Svært godt samarbeid
Forsvarsminister Tore O. Sandvik seier til Forsvarets forum at han har hatt eit svært godt samarbeid med sin britiske kollega.
– Gjennom signeringa av forsvarsavtalen Lunna House har vi styrka samarbeidet ytterlegare, fortset han.
– Ikkje minst knyt vi oss tettare gjennom det felles innkjøpet av nye fregattar, som vil styrke både norsk og britisk forsvarsevne. Eg ser fram til å fortsette det tette samarbeidet med våre britiske allierte.
Ministeren fekk spørsmål om det vekker bekymring at ein nær alliert er i regjeringsstrid på grunn av det Healey opplever som manglande midlar til forsvar.
Vi spurte også om avgangen vil ha nokon praktisk konsekvens for Noreg.
Sandvik svarte ikkje på desse to spørsmåla.
Sky News: Al Carns mogleg etterfølgar
Ministeren for dei væpna styrkane, Al Carns, går ikkje av. Dette gjer han til ein mogleg erstattar til toppjobben, skriv Sky News.
– John Healey har oppriktig tent dette landet i ei alvorleg tid, skriv Carns i ei utsegn etter avgangen.
– Truslane som dette landet står overfor er ikkje sett på pause i overgangen mellom ministrar. Våre væpna styrkar er framleis på oppdrag verda rundt.
Under ein pressekonferanse torsdag fekk Natos generalsekretær Mark Rutte spørsmål om denne utviklinga.
Han svarte at han ikkje var kjend med at Healey hadde gått av, men sa at han respekterer han svært mykje.