Kronikk
Noreg si indirekte kraft i ein langvarig krig i Ukraina
Noreg bør vere ein pådrivar for ein meir indirekte og langsiktig strategi overfor Russland.
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.
Krigen i Ukraina er framleis sommaren 2026 i hovudsak ein utmattingskrig der frontlinjene flyttar seg lite, men kostnadene og lidingane aukar dag for dag.
Russland har vist ei betydeleg evne til å halde oppe energien i krigføringa, trass i sanksjonar, tap og i nokon grad intern belastning.
Ukraina kjempar stadig meir offensivt med imponerande vilje og evne, men er avhengig av kontinuerleg støtte frå Vesten for å halde stand – og for å skape framgang.
Europa har svara med å auke støtta. Noreg har bidrege betydeleg, både økonomisk og militært. Men mykje av innsatsen er framleis prega av det føreseielege: meir av dei same verkemidla – pengar, defensive våpen og trening.
Dette er heilt naudsynt, men det er ikkje tilsterekkelig til å radikalt endre krigens dynamikk.
Den indirekte tilnærminga
Skal vi verkeleg påverke utfallet, må vi i større grad ta i bruk det militærteoretikarar som Basil Liddell Hart omtalar som den indirekte tilnærminga: Å svekkje motstandaren ved å gå utanom hans styrke, skape ubalanse og tvinge fram ressursbruk der det gjer mest vondt.
Som småstat med store strategiske ressursar har Noreg verkemiddel langt utover det militære. Vi er ein sentral energileverandør til Europa, vi er ein arktisk kyststat med grense mot Russland, og vi er ein teknologisk avansert nasjon med høg internasjonal truverd.
Nettopp difor bør Noreg vere ein pådrivar for ein meir indirekte og langsiktig strategi overfor Russland.
Energi som instrument
Det mest openberre instrumentet er energi. Russland sin krigsøkonomi kviler framleis tungt på eksport av olje og gass. Sjølv om sanksjonane har hatt effekt, har Russland funne nye marknader og tilpassa seg.
Her kan Noreg spele ei avgjerande rolle ved å bidra til å halde energitilgangen til Europa stabil, samstundes som vi akselererer omstillinga til alternative energikjelder. Eit Europa som er mindre avhengig av autoritære energileverandørar, svekkjer direkte Kreml si evne til å finansiere krig.
Samtidig gir vår geografiske plassering i nord eit anna viktig handlingsrom. Gjennom auka, men balansert, tilstadever i nordområda kan Noreg bidra til å binde opp russiske militære ressursar utan å eskalere situasjonen.
Kvart skip, kvart fly og kvar kapasitet Russland må halde i nord, er ressursar dei ikkje kan bruke i Ukraina. Dette er kjernen i indirekte strategi: å tvinge motstandaren til å spreie innsatsen.
Teknologi og informasjonsstraumar
Teknologi og digital kapasitet er eit tredje felt der Noreg kan utgjere ein skilnad. Moderne krigføring er avhengig av logistikk, kommunikasjon og informasjonsflyt. Evna til å skape forstyrringar, usikkerheit og ineffektivitet i slike system kan ha effekt langt utover den fysiske slagmarka.
Noreg har sterke fagmiljø innan cyber, rombasert overvaking og avansert teknologi. I tett samarbeid med allierte kan dette nyttast meir målretta som del av ein breiare strategi.
Krigen blir ikkje berre kjempa med våpen, men også med forteljingar. Vilje, moral og legitimitet er avgjerande faktorar. Russland er sårbart for informasjonsstraumar som avdekkjer tap, korrupsjon og interne spenningar.
Her har Noreg ein særleg styrke i si internasjonale truverd. Gjennom støtte til uavhengige medium, dokumentasjon av krigsbrotsverk og strategisk kommunikasjon kan vi bidra til å påverke både opinionar og avgjerdstakarar – over tid.
Krev tolmod
Også i våre nærområde ligg det indirekte moglegheiter. Svalbard og Arktis har fått auka strategisk betydning. Ei tydeleg og føreseieleg norsk linje, basert på folkeretten og støtta av allierte, kan avgrense Russland sitt handlingsrom og tvinge fram ressursbinding utan direkte konfrontasjon.
Endå viktigare er styrkinga av alliansar. Eit tettare nordisk samarbeid, støtte til Baltikum og breiare engasjement overfor land der Russland søkjer innverknad, kan gradvis svekkje Kreml si geopolitiske stilling. Slik motverkar ein ikkje berre militær kapasitet, men også politisk rekkevidde.
Indirekte strategi krev tolmod. Han gir sjeldan raske gevinstar, og han inneber risiko. Tiltak kan utløyse motreaksjonar, og effektane kan vere vanskelege å måle på kort sikt. Men slike tilnærmingar har definitivt potensial til å vere dei mest effektive over tid.
Alternativet – å møte Russland primært gjennom direkte militær opptrapping – kan verke mot sitt føremål. Det kan styrkje intern mobilisering og gi Kreml eit tydeleg ytre fiendebilete. Difor må verktøykassa vere breiare.
Ukraina tek den direkte kampen. Dei ber byrda, og dei betaler prisen. For oss handlar det om å bruke dei verkemidla vi har, klokt og målretta, for å påverke heilskapen i krigen.
Styrken i det uventa
Som Liddell Hart peikar på, ligg styrken ofte i det uventa. Den lengste vegen kan vere den kortaste – dersom han fører motstandaren ut av balanse. Slik er kjenner russarane vurderer dei at det at vi ikkje møter dei på deira eigen banehalvdel som veikskap, noko dei er gode til utnytte til sin fordel.
Spørsmålet for Noreg i 2026 er difor ikkje berre om vi gjer nok, men om også vi gjer det rette. Vågar vi å bruke heile breidda av vår nasjonale makt, eller held vi oss til det defensiv, trygge og føreseielege?
Skal denne meingslause krigen som Russland starta få eit snarleg godt utfall både for Ukraina og dermed Noreg må nok vi nordmenn også take ein kalkulert risiko høgre enn i dag.
For å sitere den amerikanske generalen George Smith Patton Jr:
«Tida for å rådføre seg med frykta si er før du tek ei viktig avgjerd i strid. Då er tida inne for å lytte til all den frykta du kan førestille deg! Når du har samla alle fakta og all frykt, og teke avgjerda di, skal du slå av all frykt og gå vidare!»
Ukraina har allereie svara på sitt spørsmål.
Skal vi svare rett på vårt må vi følgje opp dei som gjekk før oss for fridom og rettsstat og sikre det same for born og barneborn. No er det vår tur.