Nyheter

Søker etter nordmenn til Nato

Nato vil tilsette fleire nordmenn. No er dei på friarferd blant norske studentar.

NORSK I NATO: Rune Finnby har bakgrunn som ingeniør og jobbar for Nato i over 15 år.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene

På Universitetet i Oslo summar det ved ei rekke stands flankert av store oppslåtte plakatar. Midt i ein halvsirkel med lyttande studentar med spørjande blikk står Rune Finnby.

– Vi er sterkt underrepresenterte, sist eg sjekka er det berre fire av 1600 ved Natos hovudkvarter som er norske, seier Finnby til Forsvarets forum.

Nato-jobben har teke senior stabsoffiseren til stadar som Afghanistan, Nederland og Brussel. 

No har han og Nato skrudd på sjarmen for å tiltrekke seg fleire nordmenn. Finnby har bakgrunn innan IT og forsvarsindustri. I dag jobbar han med dronar og fly som driv med overvaking. 

– Det er ting du kan oppleve gjennom Nato, som eg trur ikkje så mange andre arbeidsgivarar kan gje deg moglegheit til. Eg har ikkje prata med ein som har angra på å reise ut. Alle kjem heim med erfaringar dei elles aldri ville hatt, seier Finnby.

Etterlyser forsvarsfolk

Finnby seier at militær bakgrunn kan gje mange typer jobbar.

– Vi ser absolutt etter folk med bakgrunn frå Forsvaret. Det er mange med forsvarsbakgrunn som jobbar på sivile stillingar i Nato. Det er òg fleire domener kor vi har sivile stillingar, der fagkompetansen som er etterspurt er umogleg å ha med mindre du har vore i Forsvaret, seier han.

Finnby trur mange i Noreg ikkje er klar over at det finst rundt 9000 sivile jobbar i Nato.

– Vi treng alle fagkompetansar. Vi har alt frå brannmenn til røyrleggarar, elektrikarar, tolkar, advokatar, ingeniørar og IT-folk som jobbar med cybersikkerheit, seier han. 

Støtteordningar 

Senior-stabsoffiseren seier lønna ikkje var det viktigaste for han.

– Det økonomiske er nok ikkje hovudgrunnen for å reise ut. Det er nok meir for den unike erfaringa, opplevinga og eventyret. Eg kjende eg ville jobbe for noko meir enn kvartalsresultatet. Noko med ei større meining og betydning, seier Finnby.

Han fortel vidare at dei har ordningar som legg til rette for familieliv.

– Du får støtte for kvart barn du har. Du får også støtte til utdanning som dekker utgiftene til skulegang, opp til ein viss alder. Det finst også støtteordningar om berre ein i familien jobbar, seier han.

Råd til søkarar

Lucy Packham jobbar med HR innan Nato og var med på sjarmoffensiven i Norge. I ein vrimmel av studentar ved Universitetet i Oslo stoppar ho opp og deler råd til søkarar.

FOLK: Lucy Packham seier ho brenn for å jobbe med folk og finne dei flinkaste til Nato.

– Tenk på korleis du kan knytte fagfeltet og erfaringane dine til det Nato jobbar for, på eit høgare nivå. Eg for eksempel ønsker å gjere ein best mogleg jobb i å rekruttere dei flinkaste folka til Nato. Og slik bidra til meir fellesskap, samarbeid og tryggleik på tvers av landegrenser, seier Packham.

Verdiar viktig

I likskap med stabsoffiser Finnby trekker Packham fram verdiar som den viktigaste motivasjonen til å jobbe i Nato.

– Nato knyter 32 land saman og eg trur vi kan få til meir saman, enn åleine. Eg vil vere ein del av noko som er større enn meg sjølv, seier ho og fortset.

– Det har også kanskje noko med at eg er mor og framtida til barna mine. Kva slags verd dei skal vekse opp i. Eg vil vere med å gjere det trygt og stabilt, seier Packham som jobba fleire år idet private som konsulent før ho starta i Nato for eitt år sida, seier Packham.

I tillegg til faste heile stillinger for folk med yrkeserfaring, søker Nato også etter norske studentar til praktikantplasser. Plassane er for studentar som går siste året på bachelor-studie eller som er ferdig med bachelorgrad eller mastergrad. 

Powered by Labrador CMS