Utanriksminister Espen Barth Eide vil ikkje vende ryggen til USA. Men han undersøker eit europeisk tilskot til amerikanske atomvåpen.
NORSK BESØK: Utanriksminister Espen Barth Eide var måndag i Paris for å diskutere tryggingssamarbeid med sin franske kollega.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
PARIS (Forsvarets forum): Det var varsla regn då utanriksminister Espen Barth Eide landa på fransk jord.
Annonse
Skyene hang tungt medan han jogga rundt Eiffeltårnet, og under frukosten med hans franske kollega,Jean-Noël Barrot.
Dei snakka om kva det fransk-norske strategiske samarbeidet, signert sist sommar, skal innebere, seier Eide til Forsvarets forum.
For eksempel: franske atomvåpen.
I mars 2025 sa nemleg president Emmanuel Macron at den franske atomparaplyen kunne utvidast til å dekke fleire land.
– Det er ein diskusjon vi har, om vi vil vere med på det, seier utanriksministeren.
– Kva vil det innebere for Noreg?
– Det er ikkje snakk om at det skal stå franske atomvåpen i Noreg. Men det er vernet, eller avskrekkinga, som franske atomvåpen gir, fortel han.
ARKTIS: Under besøket heldt Barth Eide eit føredrag for Frankrikes svar på Norsk utanrikspolitisk institutt, altså Ifri, om blant anna tryggingssituasjonen i langs Norskekysten. Elevar ved Le lycée-collège international de Paris fekk tid til eit gruppebilete etter foredraget.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
– Før var bodskapen: «Hald deg unna Frankrike». No seier dei at dei kan vere villige til å seie: «Ikkje angrip Sverige, Noreg, Finland og Tyskland heller, fordi vi har atomvåpen».
Ikkje ei erstatning for USA
Russland er det landet i verda som har flest atomvåpen i verda, ifølge FN-sambandet. På ein ganske tett andreplass er USA.
Gjennom Nato og ein forsvarsavtale signert i 2021, er Noreg verna av amerikanske atomvåpen.
Desse skal ikkje oppbevarast på norsk jord i fredstid, men står lagra andre stader i Europa.
– Det er veldig viktig for oss at vi ikkje undergrev den amerikanske garantien. Det er klart at USA har mykje meir kapasitet, seier Eide.
BÅDE OG: Espen Barth Eide vil ikkje velje samarbeid med ein kollega over den andre. Her er USAs utanriksminister Marco Rubio (venstre) med den franske utanriksministeren Jean-Noël Barrot under G7-møtet sist månad.Brendan Smialowski, AP, NTB
– Er det nokon risiko for at USA får inntrykk av at vi får det vi treng av å samarbeide med Frankrike, og trekk noko av tilbodet sitt?
– Ja, det er risikoen. Det er nettopp difor vi seier det vi seier, at det ønsker vi ikkje, svarar han, men legger til:
– Samtidig er det heilt rimeleg at amerikanarane seier: «De europearar må gjere meir. No har vi teke mykje av byrda, no må de løfte dykk.» Det meiner eg er rett, og det kan då også gjelde atomgarantien.
Eide presiserer først som sist at desse atomvåpena ikkje «er til for å brukast», men er «den ultimate siste garantien mot at andre bruker det mot deg».
KAOTISK: Det var mykje rørsle i Paris sentrum måndag ettermiddag.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
– Det er absolutt noko vi tenker på, om vi skal gå enda djupare inn og gjere det endå meir konkret på forsvar, seier Eide, og legger til at det finst mange moglegheiter for industrien.
HOLLANDE: Espen Barth Eide møtte også tidlegare fransk president François Hollande for ein prat om blant anna norsk-franske relasjonar.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Ministrane er i gang med å skape tettare kontakt mellom forsvar, forsvarsdepartement, utanriksdepartement, statsminister og president.
– Men det er også meir praktiske ting som segling i nord, utveksling av erfaringar og koordinering, seier Eide.
Avtalen omfattar også energi. For Frankrike brukar mykje gass, og mykje av den kjem frå Noreg.
Andre tema, seier utanriksministeren, var grøn omstilling, krigen i Ukraina, og situasjonen i Hormuzstredet.
– Gammal fransk tenking
Mellom møtet med Barrot, tidlegare president François Hollande og franske tryggingsforskarar, kjem sola umeldt fram.
VÅR: Mellom slaga tok Espen Barth Eide opp ein video om det ungarske valresultatet til sin eigen konto, og svarte på spørsmål frå journalistar heime i Noreg. Då kom også sola ut. Så ein kort stopp for å gjere sitatsjekk for Klassekampen.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Frankrike har blitt stadig viktigare for Noreg når det gjeld tryggleik og forsvar, fortel Eide.
«Same kva som skjer» i USA.
– Igjen, ikkje fordi vi vel bort Amerika, men fordi vi vel ei større emne til å tenke europeisk. Det er ei gammal fransk tenking, seier han.
– No er dei veldig flinke i Frankrike til å ikkje seie «det var det eg sa», for det er alltid veldig irriterande med folk som meiner dei hadde rett, men det er nok det dei tenker inst inne.
RUSLETUR: Barth Eide, kommunikasjonssjef i Tuva Bogsnes og norges ambassadør til Frankrike Vegar Brynildsen på veg til lunsj.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum