Dei skal få opplæring i alt frå elektronisk krigføring til dronar og vil møte eit anna alvor enn foreldra, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.
FØRSTEGONGSTENESTE: Forsvarsminister Tore O. Sandvik saman med fleire soldatar i førstegongstenesta utanfor Akershus festning. Frå venstre: Landstillitsvald Marie Grøsfjeld, vaktsoldat Aina Bjelkåsen, forsvarsminister Tore O. Sandvik, vaktsoldat Eirik Fjeld, medie- og informasjonssoldat Selma Jenvin-Steinsvåg og medie- og informasjonssoldat Ada HvidstenFoto: Jo Straube, Forsvarets forum
I november og desember får rundt 60.000 unge sitt aller første møte med Forsvaret. Dei får tilsendt eit brev der dei skal svare på ei rekke spørsmål om seg sjølv. Eigenerklæringa legg grunnlaget for vidare utveljing og sesjon.
Annonse
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
– Ikkje alle skal inn i Forsvaret, men vi treng alle i totalforsvaret, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) til Forsvarets forum.
Han står på ei bru ved Akershus festning saman med fleire soldatar som er inne i førstegongstenesta. Bak dei ruvar eit britisk hangarskip, som er på besøk i Noregfor å markere allianse i ei uroleg tid.
Nye våpen
Forsvarsminister Sandvik peikar på at dei som er 17 år i dag og skal inn i Forsvaret i 2028 møter ei anna verd, enn då foreldra var inne.
– Det er alvor no. Samtidig er det også eit forsvar under oppbygging, etter at vi har fleire tiår har bygd ned, seier Sandvik og fortset:
– Det er anna type våpen og system ein skal beherske. Det dreiar seg om dronar i alle forsvarsgreiner, elektronisk krigføring, autonome system, kunstig intelligens og verdsrommet blir ein viktig del av det. Det er eit anna alvor og eit anna forsvar enn det foreldra deira var med på, seier forsvarsministeren.
TILLITSVALD: Landstillitsvalde Marie Grøsfjeld saman med forsvarsminister Tore O. Sandvik.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Kva vil du seie til 17-åringen som no får brevet i posten?
– Eg møter innimellom ungdommar som angrar på at dei ikkje svarte godt nok på det og som har ombestemt seg. Så ta dykk tid, diskuter gjerne med foreldra dykkar eller andre venner. Fyll ut godt og svar ærleg.
– Kva vil du seie til foreldre som skal sende ungane sine inn i Forsvaret i den tida vi er i no?
– Eg forstår at mange tenker at dette er eit anna alvor og at det er skumlare enn før. Men vi er medlem av verdshistorias mektigaste militærallianse. Den har blitt sterkare. Vi er godt førebudd. Du møter eit profesjonelt og godt system. Vi kjem til å ta godt vare på ungen deira når dei skal møte Forsvaret, seier forsvarsminister Sandvik.
Fekk kommentar frå foreldra
Eirik Fjeld er inne i førstegongsteneste som vaktsoldat.
– Førstegongstenesta har definitivt forandra meg. Før eg kom inn, sov eg lenge og rydda kanskje ikkje så godt opp. Men etter at ein får såpass god oppfølging, spesielt på rekrutten, så blir det ein del av livet. Det er mykje som eg kjem til å ta med meg vidare etter at eg er ferdig i førstegongstenesta.
– Har det vore så store forandringar at foreldra dine har kommentert når du har vore heime?
ANBEFALER: Vaktsoldatar Eirik Fjeld og Aina Bjelkåsen seier dei anbefaler dei som no får brev i posten å søke seg inn i Forsvaret. Begge seier dei har vokse etter at dei starta førstegongstenesta.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Det har det. Dei la merke til det første gongen eg var heime gjorde eg meir husarbeid. Det var mykje enklare å spørje og kunne be meg om å gjere alt, eigentleg. Og så blei det gjort med eit smil, utan å klage, seier vaktsoldat Fjeld til Forsvarets forum.
Opplever stor meistring
Aina Bjelkåsen starta i førstegongstenesta i april. Før ho skulle inn, kjende ho på tvil om dette var noko ho ville.
– Eg vil absolutt anbefale det. Eg var litt usikker sjølv, men har aldri møtt nokon som har sagt at dei angrar. Ein tenker kanskje at det er litt skummelt. Men det er eit utruleg bra fellesskap og ein blir godt kjent uansett.
– Har du blitt forandra?
– Eg trur eg har blitt litt mindre pessimistisk. Ting går kanskje ikkje alltid som eg har tenkt. Eg tek utfordringar litt meir på strak arm og torer å ta sjansar, seier ho og legg til.
– Du vil kjenne på ei ekstrem meistringsfølelse som du aldri har kjent på før. Ved å faktisk kome seg gjennom det tunge. Du kjem til å bli veldig nøgd med deg sjølv etter kvar einaste bragd du får til. Du kan mykje meir enn du trur sjølv, seier Bjelkåsen.
Mange forandrar meining
Marie Grøsfjeld er landstillitsvald i Vernepliktsrådet.
– Dei fleste som er inne i Forsvaret, stortrivst. Det har vi undersøkingar bygger opp under. Sjølv om ein kanskje ikkje har lyst når ein går på vidaregåande og sit på skulebenken, kanskje fordi ein ikkje veit så mykje om kva dette betyr, kva plikt det er ein skal gjere, kva kjem stillinga mi til å sjå ut som, det er eit heilt år av livet, seier Grøsfjeld.
TRIVSEL: Marie Grøsfjeld er landstillitsvald og seier dei aller fleste trivst i førstegongstenesta.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
Ho seier at mange som ikkje vil i Forsvaret forandrar meining.
– Vi ser det snur fort blant dei som kjem inn. Når du får det fellesskapet og ei givande og morosam teneste, så trivst folk veldig godt. Det er mange som har lyst til å bli verande i Forsvaret etterpå, trass i at dei kanskje ikkje var motiverte då dei sat på skulepulten som 17-åring, seier landstillitsvalde Grøsfjeld.