Slår alarm om arbeidsmiljøet i BFO: – Vi er verst i klassa
Fire tidlegare tilsette i Forsvarets største fagforeining meiner langvarige konfliktar kostar den dyrt. Også direkte i hysjpengar, hevdar ein.
KOMPETANSEFLUKT: BFO mister kompetanse fordi folk mistrivast og blir sjukmelde eller sluttar, hevdar tidlegare tilsette til Forsvarets forum. Biletet er til illustrasjon.Foto: Egil Ingebrigtsen, Forsvaret
Dei kjempar for betre arbeidsvilkår til 12.000 medlemmer i forsvarssektoren.
Annonse
Men i over to år har dei tilsette i Befalets fellesorganisasjon (BFO) halde minst tre samlingar for å rydde i eige hus, seier fleire kjelder til Forsvarets forum.
Vi har intervjua fire tidlegare tilsette som fortel om korleis det har sett ut frå innsida.
Desse påstandane kom fram i intervjua:
BFO mister kompetanse fordi folk mistrivast og blir sjukmelde eller sluttar
Leiinga har straffa tilsette for å uttrykke misnøye på jobb
BFO har betalt hysjpengar til tidlegare tilsette
Pengar som skal gå til arbeid for medlemmene, blir brukte på å lappe saman konfliktar som ikkje blir borte
Kjeldene har bede om å få vere anonyme, anten av frykt for konsekvensar eller at belastninga av å stå fram blir for stor. Dei har fått kvar sin farge, slik at det er lett å sjå kven som snakkar.
Forsvarets forum kjenner til identiteten til alle, og har bekrefta at dei jobba i BFO i periodane dei har delt med oss.
Kva kjønn dei framstår som i grafikken er tilfeldig.
– Måtte komme meg vekk
– Det er første gong eg har opplevd at noko som påverkar ein psykisk set seg set seg fysisk i kroppen, seier «lilla».
– Eg måtte berre komme meg vekk.
Hen er ei av to kjelder som seier dei blei sjuke av å jobbe i BFO.
«Lilla» seier det blei slik då hen fekk altfor mange arbeidsoppgåver utan ei løn som spegla dette, og blei ignorert då hen gav beskjed.
«Gul» seier at måten hen blei behandla på etter å ha uttrykt misnøye med korleis leiarane behandla dei tilsette, gjorde at hen følte seg åleine, overvaka og mistenkjeleggjort. «Gul» hevdar hen fekk beskjed om å registrere kvar hen var til alle tider, og forklare fråvær for opptil fire år sidan.
BFO-leiarane avviser påstandane til både «lilla» og «gul». Dei hevdar at dei derimot har oppfordra tilsette om å ta opp utfordringar på jobb.
Forsvarets forum har kontakta alle 28 BFO-tilsette som hadde kontaktopplysingane sine på foreininga sine nettsider i mai 2026.
Ni av dei fortel at dei ikkje kjenner seg att i skildringane om at det har vore, eller er, dårleg arbeidsmiljø i BFO. To seier at arbeidsmiljøet blei noko svekka i 2024, men no er bra igjen. Resten har ikkje svart.
– Vi fekk ein smell i 2024, det skal eg ikkje stikke under ein stol, seier verneombod Jon Erling Johansen.
– Det har sett sitt preg, for vi er på ein mykje betre plass i dag. Vi har teke tak i det som var utfordrande, og jobba systematisk med arbeidsmiljøet.
Gler seg til leiarval
Grafikk: Oda Eggesbø Ottesen
Under BFO-kongressen 9.-11. juni skal det veljast inn ny leiar, nestleiar og medlemmer i hovudstyret.
«Gul» trur at mange BFO-tilsette og hovudtillitsvalde gler seg til eit leiarbyte.
– Det interne arbeidsmiljøet er ganske skakk-køyrt. Det gjer at folk mistrivast og blir sjukmelde, seier «gul».
– Det er ein trykkokar. Du kan tenke deg alle som har slutta. Dei har ikkje blitt nemnt i det daglege med eit einaste ord.
Nøyaktig kor mange som har slutta på grunn av arbeidsmiljøet, er det vanskeleg å slå fast.
Men vi veit at desse seks gjekk ut frå juni til november i 2024: leiaren for kommunikasjonsavdelinga, leiaren for sekretariatet, rekrutteringsansvarleg, marknadsansvarleg og to hovudtillitsvalde.
FÆRRE PÅ KONTORET: Fire av dei som slutta hausten 2024, sat på kontora til BFO i Oslo sentrum. Der sit også leiar Dag Stutlien og nestleiar Lars Ullensvang (på biletet).Foto: Robert S. Eik, Forsvarets forum
Hola etter desse førte til omrokeringar, som har sett spor i BFO heilt fram til i dag.
– Det er ingen som har sagt til meg at dei har slutta fordi dei har opplevd arbeidsmiljøet som dårleg, seier BFO-leiar Dag Stutlien.
– Om nokon har hatt den kjensla, det veit eg ikkje. Dersom nokon har opplevd arbeidsmiljøet til å vere så dårleg så synest eg det er veldig trist, og eg skulle ønske det ikkje var slik.
Seier tilsette klaga på leiinga
Den siste medarbeidarundersøkinga BFO har gjennomført, skjedde våren 2024. «Blå» seier hen var til stades då innhaldet blei lagt fram for leiinga.
– Det var mykje grums der, og veldig mykje negativt. Det var mest på rolla til leiaren av forhandlingsutvalet, toppleiar og nestleiar. Alle fekk passet sitt påskrive, seier vedkommande.
Tilbakemeldingane gjaldt uklar rollefordeling, uklare ansvarsområde, dårleg økonomistyring og kommunikasjon, og ein generell mangel på føringar frå blant andre BFO-leiar Stutlien, fortset «blå».
BFO-leiarane er ueinige i at desse var hovudtema, men seier dei ikkje hugsar kva undersøkinga inneheldt konkret. Dei ønsker heller ikkje å gå nærare inn på resultata.
– Då vi var ferdige, var det ei felles oppleving av at vi hadde rydda opp i mykje. Vi har ei felles forståing, har bana veg, og no skal vi kome oss vidare over sommaren, seier «blå».
Så hamna eit skriv på bordet hos sekretariatsleiaren, like etter ferien.
– Det var som ein dolk i ryggen, fortel «blå».
Eit dokument med store følger
Som del av medarbeidarundersøkinga blei dei tilsette i BFO oppfordra til å kome med tilleggskommentarar på e-post.
Verneombod Jon Erling Johansen seier dei fekk inn ein del svar. Han plukka ut dei som var kritiske, og byrja å framstille dei i eit skriv.
Innhaldet er i stor grad personangrep mot fire namngitte tilsette i BFO.
Det ferdige dokumentet skulle formidlast til toppleiinga, men ein kladd blei lekka til fleire tilsette i BFO. Innan eit halvt år hadde dei fire som var nemnde i kladden, slutta.
– Då byrja det å bli ganske stygt, seier «lilla».
I grafikken under er tre utdrag frå skrivet, som er fire sider langt. Kommentarane er frå ein av innsendarane, sitert av verneombodet.
Johansen meiner det var rett å forme skrivet, gi det til dåverande sekretariatsleiar, og orientere toppleiinga om innhaldet.
– Alt dette har kome frå ein god stad, i tanken om å gjere BFO til ein betre plass å vere for dei som er der, seier Johansen.
– Det skulle aldri vore gitt over bordet. Det angrar eg på. Dette var eit internt arbeidsdokument.
– Står du framleis for innhaldet i det?
– Ja, altså i lys av det eg har sagt. Eg har berre formidla det som blei delt med meg i kraft av rolla som verneombod.
HOVUDVERNEOMBOD: Arbeidsmiljøet i BFO fekk seg ein knekk i 2024, seier Jon Erling Johansen.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
Meiner BFO betalte hysjpengar
«Gul» er ikkje einig i at problema i BFO har blitt løyste sidan 2024.
Hen hevdar at fleire tidlegare kollegaar, men ikkje hen sjølv, har fått utbetalt beløp i byte mot at dei ikkje snakkar om opplevingar frå BFO. Dette er det ein kallar for hysjpengar.
– Dei som kan bekrefte det eg meiner har skjedd er borte, eller har signert nokre greier som gjer at dei ikkje kan snakke, fortset «gul».
– Andre som også meiner det er galskap korleis enkeltpersonar har blitt behandla av leiinga, har ikkje lyst til å ta tak i det.
Forsvarets forum har ikkje sett noko slik kontrakt, men erfarer frå fleire kjelder at dei finst. Å dele innhaldet kan løyse ut eit krav om tilbakebetaling, ifølgje dei vi har snakka med.
BFO-leiar Dag Stutlien avviser at foreininga har betalt hysjpengar.
– Det har vore inngått sluttavtalar. Ein sluttavtale kan bestå av så mangt, og eg kan ikkje gå inn og kommentere på enkeltavtalar rett og slett, seier Stutlien, men legger til:
– Det er ikkje lov i ein slik avtale å seie: «her får du ein pengesum, så held du dette for deg sjølv». Så enkelt er det.
EIT TILLITSFORHOLD: «Du forsvarar landet, vi forsvarar deg» er slagordet til Befalets fellesorganisasjon.Foto: BFO
Det som kan stå i sluttavtalar, seier han, er at ein ikkje skal omtale kvarandre ufordelaktig.
Denne formuleringa er eit sjeldan tilfelle i forsvarssektoren, ifølgje Stutlien. Han vil ikkje kommentere på om BFO har brukt den.
– Sett at eg hadde kome med ein sånn påstand. Då kunne det vere at eg hadde brote kontrakten ved å no uttale meg om det, seier Stutlien.
– Men det er noko heilt anna enn å få hysjpengar.
– Skomakarens barn
– Eg tenker jo at arbeidstakarorganisasjonar har all verdas moglegheiter til å vere ein veldig god arbeidsplass, fortel «grøn».
– Ein jobbar for medlemmene kvar dag. Med arbeidstid og rettar, og ein legg opp til eit inkluderande arbeidsliv.
Realiteten er ein annan for dei som jobbar i BFO, meiner «grøn».
– Ein tek ikkje tak i dei problema som er, seier hen.
– Vi er militært tilsette. Vi kan akseptere mykje, men mangelfull leiing er kanskje det som er vanskelegast å oppleve.
«Lilla» meiner at årsaka til BFO sine problem «sit i veggane» på kontora ved Karl Johan.
– Noko av det som var fortvilande er at det ikkje hadde hjelpt dersom berre ein eller to i leiinga gjekk, seier hen.
– Det er som skomakarens barn. Vi skulle vore best i klassa på det, og så er vi verst i klassa internt. Så skal det framstå som noko heilt anna.
FAGFOREINING: BFO er den største fagforeininga for tilsette i Forsvaret.Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret
«Gul» meiner prosessane BFO har vore igjennom berre utgjer «intern plastring av store skadar».
– Eg trur at dersom folk hadde visst om heile sanning, så hadde dei ikkje hatt lyst til å vere medlemmer der.
Vedkommande legger til:
– Dersom ein skal bruke x antal hundretusen på konsulentar, nytilsettingar, sluttpakkar og hysjpakkar, korleis tener det medlemmene sitt beste?
Ueinig om pengebruk
– Det er ein ganske hard påstand som kjem her, om x antal hundretusen, seier BFO-leiar Stutlien.
Det skjer i alle bedrifter at folk sluttar, og å tilsette nye har ikkje kosta store summar, seier Stutlien. Han avviser igjen påstanden om hysjpengar.
Medan konsulentfirmaet har vore ei investering, har dei ikkje brukt ei krone på interne forhold som elles ville gått til medlemmene, legg han til.
– Kan de sei noko om kor mykje som totalt blei brukt på sluttpakkar i denne leiarperioden?
– På ingen måte. Nei.
KJENNER SEG IKKJE IGJEN: BFO-leiar Dag Stutlien stussar over påstandane dei anonyme kjeldene kjem med.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
Stutlien kjenner seg ikkje igjen i at BFO er «verst i klassa» på arbeidsmiljø.
– Det har iallfall vore ei betring der. Det er det eg får høyre når folk kjem og snakkar til meg, seier han.
– Det er kanskje ikkje dei som vil seie at det er negativt som kjem. Det veit ein ikkje, men eg får høyre at det er bra.
– Har de opplevd på noko tidspunkt medan de har vore leiarar, at det var dårleg arbeidsmiljø?
– Den varslingssaka som gjekk føre seg i 2024, den prega verksemda. Når sånne ting skjer trur eg også at dei pregar arbeidsmiljøet, seier Stutlien.
Kva denne varslingssaka dreia seg om, kjem vi til snart.
GJEKK IGJENNOM PÅSTANDAR: Leiarane i BFO møtte oss ved Kontraskjæret ein mai ettermiddag for ein prat om korleis dei siste åra har vore.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
2024 er også halvtanna år sidan, seier nestleiar Lars Ullensvang. Han stussar over korleis tidlegare tilsette kan uttale seg om dagens BFO.
– Fortid er fortid. Dei tilsette som er der no, eig opplevinga no, seier han.
– Å ta vare på og sørge for at dei har det bra på jobb, er også vårt ansvar. Det er klart at å eventuelt skulle sjå ein tidlegare kollega uttale seg negativt i ettertid om eit arbeidsmiljø som vedkommande ikkje lenger er ein del av, det kan opplevast vanskeleg for dei som er der.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
Leiinga meiner det er rom for å diskutere problem på arbeidsplassen i BFO, anten det er med kollegaar eller leiinga.
Dei seier dei ikkje forstår korleis tidlegare tilsette har opplevd noko anna.
– Det er på ingen måte gitt nokon føringar, noko lokk, noko avgrensingar på at folk skal snakke saman eller ikkje snakke saman, seier Stutlien.
– Det er i alle fall ikkje, frå mi side, slik at vi har prøvd å skyve ting under teppet på noko vis. For det smeller berre tilbake igjen likevel.
Desse tiltaka har dei innført
I løpet av den siste leiarperioden har BFO motteke seks e-postar frå ei anonym e-postadresse som avsendaren merkte som varsel.
Dei omhandla dårleg leiing og vanskar i arbeidsmiljøet. Eit eksternt advokatfirma blei henta inn for å undersøke innhaldet i dei, og konkluderte at det ikkje var funn av kritikkverdige forhold i verksemda.
E-postane blei difor ikkje rekna som reelle varsel.
UVISS FRAMTID: Om få dagar er det leiarval i BFO. Ullensvang (til venstre) seier han har stilt seg til disposisjon. Stutlien (til høgre) skal over i ein administrasjonsjobb hos Forsvarsmateriell.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
BFO har likevel innført fleire tiltak sidan hendingane som er skildra i denne saka.
Kompetanse: Fagforeiningahar henta inn nye tilsette gjennom heile 2025, ifølge leiarane. Berre ei stilling gjenstår å fylle, og denne blir lyst ut i nær framtid, seier Stutlien. Nokre av stillingane har skifta namn, som gjer at det verkar som noko manglar, seier han vidare. Men dersom kontaktlistene i medlemsmagasinet Offiserbladet stemmer, må dei ha kutta minst to stillingar sidan hausten 2024.
Arbeidsmiljø: Dei siste to åra har BFO halde minst tre samlingar der arbeidsmiljø og kommunikasjon var tema. Den første var kalla inn av Stutlien sjølv. To ytterlegare var i regi av eit eksternt konsulentfirma. BFO-leiarane hevdar at desse ville blitt gjennomførte uavhengig av klagane dei har fått, då målet var å utvikle arbeidsmiljøet generelt. Ei ny medarbeidarundersøking er planlagt i år, bekreftar dei.
GODT MILJØ: Ingen av toppleiarane meiner arbeidsmiljøet i BFO har vore dårleg. Men det har endra seg til det endå betre, seier Stutlien (til venstre).Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Kva tenker de om at det har vore behov for eit konsulentfirma og fleire samlingar som handlar om å betre kommunikasjon og arbeidsmiljø?
– I staden for å velje å sjå på dette som ein negativ ting, så er dette ei investering i det som i dag er eit veldig bra arbeidsmiljø, seier Ullensvang.
– BFO er ein god stad å vere.
Stiller ikkje til attval
Denne veka er det altså val i BFO - til hovudstyret og toppleiarrollene.
Nestleiar Lars Ullensvang stiller seg til disposisjon. Stutlien stiller ikkje til attval, bekreftar han sjølv til Forsvarets forum.
GÅR MOT SLUTTEN: Dag Stutlien blei valt inn til å leie BFO sommaren 2023. Denne månaden skal dei finne ein etterfølgar til sjefsstillinga.Foto: Robert S. Eik, Forsvarets forum
– Det er ikkje berre fordi det har vore støy, seier han.
– Sjølvsagt er det ikkje gøy å stå i slike ting. Det er ikkje difor eg ikkje stiller til val, men i ei liste som har ganske mange punkt, så ville det vore rart å seie at det ikkje var eitt av dei.