Store investeringar gjer Forsvaret til eit ettertrakta mål for svindel og overfakturering, ifølge korrupsjonsekspert.
ETTERFORSKAR: Marianne Bender jobbar i Økokrim og deltok på ei pressekonferanse om dei fem mennene som er sikta for bedrageriFoto: Ole Berg-Rusten, NTB
Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
Onsdag blei fem menn pågripne i ein Økokrim-aksjon i Bergen, sikta for å ha svindla Nato for ti millionar kroner. Bedrageriet skal ha skjedd i samband med tenester seld til Nato-skip i norske hamnar.
Annonse
– Med tanke på kor vanleg det er med denne typen overfakturering og kor mykje pengar som er i omløp i Nato, følast ikkje ti millionar kroner som ein veldig stor sum, seier Nigel Iyer til Forsvarets forum.
ERFAREN: Nigel Iyer sine granskingar har blitt omtala i dokumentarar på Netflix og SVT sin Svart Guld.
Han har jobba med å etterforske og forhindre svindel, korrupsjon og pengar på avvege i 35 år. Den Oslo-baserte britiske revisoren har skrive fleire fagbøker om korleis oppdage svindel og korrupsjon.
Ei av granskingane hans blei nyleg til Netflix-dokumentaren «Trustor-skandalen» som kom i august.
Veldig vanleg svindel
Iyer fortel at forsking og målingar viser at i prosjekt som handlar om infrastruktur, ender opp mot ti prosent av pengane på avvege:
– Overfakturering frå leverandørar til Forsvaret og i alle sektorar generelt er vanleg. Ein betydeleg prosent av budsjetta ender opp i misligheiter og bedrageri. Ein stor andel av dette er overfakturering, seier Iyer.
– Forsvarssektoren rustar opp enormt. Då er det ein perfekt stad for dei som vil overfakturere, dei som vil svindle går dit det er pengar å hente.
Det skal etter plana brukast 1 600 milliardar kroner på Forsvaret fram mot 2036. Dei fem mennene som er pågripne jobbar eller har jobba i same selskap i Bergen.
Bedrageriet skal ha skjedd ved at Natos støtte- og anskaffelsesbyrå (NSPA) har blitt overfakturert i perioden 2021–2025. Politiet internasjonalt har også aksjonert i Tyskland og Romania i same etterforskinga.
Manglande kontroll
Iyer deler ei historie som han seier er talande for kor vi er i dag. Han fortel ein advokat ringde han seint på kvelden i sommar og lurte på om han kunne signere eit dokument.
FENGSLA: Torsdag var det fengslingsmøte i Hordaland tingrett for dei fem mennene som er sikta for bedrageri.Foto: Paul S. Amundsen, NTB
– Han ringde og spurte to minutt etter eg fekk dokumenta om eg hadde signert. Eg svarte det hadde eg ikkje og at dokumentet var på 29 sider og ville ta litt tid å lese, seier Iyer.
– Vi har laga eit enormt ukontrollerande system med masse dokument og reglar. Kor folk signerer, godkjenner og anviser. Og nesten ingen har tid til å sjå på det som faktisk ligg under. Den beste måten å overfakturere på er gjere det på ein slik måte at nokon har godkjent fakturaen, kontrakten eller endringsordren. Då kan de ikkje lett bli tatt i retten for det, seier Iyer.
Råd til Forsvaret
Ifølge Iyer er noko av det luraste Forsvaret kan gjere å anerkjenne at også dei kan bli svindla av fleire leverandørar.
– Det har blitt laga eit nulltoleransegrep, som eg personleg synest har blitt ganske idiotisk i dag. Nulltoleranse fører til i at ingen vil kome fram, enten dei oppdagar noko eller om dei er innblanda i noko. Folk er redde for å få skylda, seier han.
– Ein må kome ut av draumeverda der ein trur det ikkje skjer. Og heller tenke at det skjer og seie «vi skal finne det og når vi gjer det er det gode nyheiter», seier Iyer.
Revisoren held kurs og underviser i korleis hindre at pengar kjem på avvege i verksemder.
– Eg startar ofte med å spør publikum: Kven har alltid, når dei har signert noko, lese alt? Då må du reise deg og vi skal gje deg applaus i fem minutt. Det er ingen som reiser seg. Tenk på dei som jobbar i organisasjonar som Forsvaret og som må signere på noko fordi andre har signer på det først.