arendalsuka

Vil lære Russland ei historisk lekse

Måndag opna Arendalsuka med ein debatt om norsk utanrikspolitikk. Sentralt var korleis ein avskrekkar Russland, og kva dette vil kome til å koste.

OPNA DEBATTVEKA: Måndag møttest Espen Barth Eide (Ap) og Peter Frølich (H) på hovudscena i Arendal.
Publisert Sist oppdatert

ARENDAL (Forsvarets forum): Eit seinsommarteikn: store delar av norsk offentlegheit er i Arendal for å debattere det som opptek dei mest.

Også politikarane, som måndag samla seg på hovudscena i sentrum for å snakke om norsk utanrikspolitikk. Særleg i møte med Russland.

Leiar av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Peter Frølich (H), meiner at eit sterkare norsk militære vil bety mindre pengar på velferd.

– Vi er nøydde til å ta ein kostnad som generasjonar før oss også til tider har måtta ta, når ein blir utfordra frå dei mørkaste kreftene på jordkloden, sa han.

– Kostnaden langt der framme av å bli dikterte av autoritære krefter, og miste delar av fridommen vår, er mykje større enn den midlertidige auken i forsvarsbudsjettet.

FOLKSAMT: Det var lange køar utanfor debattlokala den første dagen i Arendal.

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) sa også at pengane må kome frå andre sektorar, men ville ikkje peike på ei konkret kjelde.

– For å vere heilt ærleg, når vi brukar mykje meir på forsvar, blir det ikkje mykje pengar igjen til andre ting, sa han.

– Men no er akkurat Noreg såpass godt stilt med økonomisk vekst, at det først og fremst betyr mindre meir på andre område.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Ei normalisering

Utanriksministeren kalla dessutan auken i forsvarsutgifter, som ein blant anna ser i den reviderte langtidsplanen, for ei normalisering.

– Det vi eigentleg gjer er å gå tilbake til det nivået på forsvar som del av BNP som vi hadde under den kalde krigen, sa han.

– Kvifor? Jo, fordi verda er mykje farlegare. Ein del av svaret, men ikkje heile svaret, er eit godt forsvar i Noreg, godt forankra i Norden, Nord-Europa, Europa og Nato.

Frølich nytta moglegheita til å ta opp att eit norsk EU-medlemskap.

UEINIGE OM UTGIFTER: Også i debatten var Ingrid Fiskaa (SV), som utfordra premisset om at forsvarspengane må hentast frå velferd.

– I ei verd som no blir farlegare og farlegare, er det heilt avgjerande at vi har eit realistisk forhold til verda rundt oss, og at vi søker så tette samarbeid som mogleg, sa han.

– Eg ser litt på utanriksministeren i håp om at ein snart kan heve dette «ikkje snakk om EU», og at vi har ein realistisk debatt om moglegheitene.

Ein slik diskusjon er regjeringa med på å ha, utan at det nødvendigvis betyr å søke medlemskap, svarte Barth Eide.

Definisjonen av siger

Debattantane blei også utfordra til å skildre kva dei ville kalle ein siger for Ukraina.

– Rettvis og stabil er det aller viktigaste, sa Barth Eide. 

Dei krava som han meiner Ukraina må kunne setje, er at krigen tek varig slutt, og at landet framleis er sjølvstyrt, både i dag og i framtida.

Espen Barth Eide taler ved et podium merket Arendalsuka under en utenriksdebatt på scene.
BER OM EU-DEBATT: I ei farlegare verd bør norske politikarar ta opp igjen debatten om EU-medlemskap, seier Peter Frølich (H).

Frølich sa seg einig, men la til kravet om at Ukraina må få tilbake områda som Russland har annektert.

– Vi må avslutte denne krigen på ein måte som lærer Russland ei historisk lekse, sa han.

– Det å angripe nabolandet på den måten dei har gjort aldri kan gjenta seg, at det aldri kan kome til å lønne seg, og at dei aldri på sikt kan rekne med å behalde desse territoria heller.


Powered by Labrador CMS