Nyheter
– Må vere opne om det vi kan
Direktøren i Forsvarsmateriell støttar forsvarssjefen sitt ønske om openheit for å sikre tillit. Ho vil framleis ikkje kommentere etterforskinga av to FMA-leiarar.
ARENDAL (Forsvarets forum): Vi huka tak i henne mellom ein panelsamtale om langtidsplanen, og ein annan om det norske droneprogrammet.
Gro Jære, direktør av Forsvarsmateriell (FMA), var i Arendal saman med fleire andre toppleiarar i forsvarssektoren.
Sidan to FMA-leiarar og ein FMA-tilknytt konsulent blei arresterte i vår, har ikkje Forsvarets forum lukkast å få Jære i tale om saka. Dei tre personane er alle sikta for grovt økonomisk utruskap.
Heller ikkje denne gongen ville Jære kommentere skuldingane.
– Synest du at de har vore så opne som de kan vere, med tanke på kritikken som har kome den siste tida?
– Det er ei pågåande etterforsking som Økokrim gjennomfører. Der har vi eit personalansvar med ei omsorgsplikt for dei det gjeld, og så må vi følge opp som arbeidsgivar, sa Jære.
Vil definere kva som er godt nok
Eitt av tema Jære snakka om på årets debattscener, er korleis ein kan få forsvarsinnkjøp til å gå fortare.
– Eg føler at det er mange mytar rundt det vi held på med, og eigentleg dei avgrensingane som ligg i regelverket, fortalde ho.
– Det er viktig at vi blir flinkare også til å forklare og snakke om desse på eit godt nivå.
Noko dei jobbar med no er å definere kva som er godt nok i ein innkjøpsprosess, sa Jære.
– Der det ikkje er så mykje pengar, eller der vi skal innovere, skal vi faktisk ta risiko, fortsette ho.
Under ein panelsamtale sist tysdag med fleire toppleiarar i Forsvaret til stades, spurte Forsvarets forum korleis dei ville sikre tillit hos folket.
Ein stor del av dette er openheit, svarte forsvarssjef Eirik Kristoffersen. Det sa Jære seg einig i.
– Det er viktig at vi faktisk er opne om det vi kan vere opne om. Både når det gjeld det vi får til, og der vi har gjort feil eller det vi ikkje får til, fortalde ho i etterkant, men la til:
– Ein del av det vi held på med er omfatta av tryggingslova. Då kan vi ikkje vere opne om det.
Størst risiko å bli handlingslamma
Risiko er prisen for eit høgare tempo, sa Jære under debatten.
– Men kva risiko vi snakkar om er også viktig. For kva er risiko? Er det at det ikkje kjem i tide? Er det at vi brukar pengar feil, spør ho i samtale med oss.
– Dersom vi blir handlingslamma, at vi blir så redde for å gjere noko feil at vi ikkje gjer noko, det er kanskje den største risikoen. Det kan vi ikkje, slik det er no.
Eitt område der FMA har fått opp farta, ifølge Jære, er etterslepet i både innkjøp og vedlikehald.
FMA seier i ei utsegn til Forsvarets forum at dei ikkje vil ha henta inn dette før i 2028.
– Vi visste at det var ei portefølje med utfordringar og risikoar som vi tok over, sa Jære.
– Men poenget med å samle desse innkjøpsmiljøa, var å få ein auka effekt av dei ressursane vi har.
No har dei klart å gjere systemet meir produktivt, ifølge Jære.
– I fjor signerte vi fleire nye avtalar enn tidlegare år, fordi vi auka ressursane og endra måten vi jobbar på, sa ho.
– Så er det veldig mange avtalar vi har som går ut i år, fordi dei blei inngåtte for veldig mange år sidan. Det gjer at gapet, sjølv om vi har auka produktiviteten, er noko vi ikkje får lukka på kort sikt.
– Stolt av det vi faktisk har levert
FMA treng framleis tid til å få ordna opp i problema, sa Jære. Ho ville ikkje utelukke at det dukkar opp nye feil undervegs.
– Det viktige er at vi klarer å dekke behovet til Forsvaret.
– Er de framleis dei rette personane til å forvalte så mykje pengar?
– Når det gjeld tilliten til meg som person, det må andre svare på. Men eg meiner at vi har fått til veldig mykje. Eg er veldig stolt over det vi faktisk har levert dei siste åra, sa Jære.
– Så er vi veldig klare over dei utfordringane vi har, og jobbar aktivt for å løyse opp i det.
– Kor trygt føler du at du sit i di stilling?
– Det har eg ikkje tid til å bruke energi på. Eg har tillit til at departementet gjer dei vurderingane.