Storbritannia

Har fått levert 8000 dronar på under to år

Sommaren 2024 bestilte Storbritannia dronar og droneteknologi til 5.7 milliardar kroner. Sidan har mange tusen dronar kome fram, ifølge britisk FD.

DRONELEVERANSAR: Storbritannia vil ikkje dele kor mange dronekontraktar dei har inngått, eller kva system dei har kjøpt. Her frå ei droneframvising i London, september 2025.
Publisert

Fleire enn 8000 ubemanna system som det britiske forsvarsdepartementet bestilte sommaren 2024, er no komne fram til landet.

Det bekreftar forsvarsminister Luke Pollard til den britiske nasjonalforsamlinga etter spørsmål frå opposisjonen, melder UK Defence Journal.

– Det ville vere upassande å kommentere saka ytterlegare, svarar han.

– På grunn av operasjonelle tryggingsvurderingar er det viktig å akte oss mot trusselen frå fiendtleg datainnsamling.

Den britiske dronestøtta til Ukraina kjem i tillegg til denne investeringa, ifølge Pollard.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Powered by Labrador CMS