Nyheter

Testflaug i Noreg: Seier dei oppnådde hypersonisk fart

Hypersonica hadde si første testoppskyting på Andøya 3. februar. No håpar dei på å lage Europas første eigne hypersoniske missil.

FRÅ ANDØYA: Her blir missilet skote opp frå rombasen på Andøya. Hypersonica hevdar det nådde ei fart på Mach 6.
Publisert

Testoppskytinga var eit «vesentleg steg» i rett retning, ifølge Hypersonica. Deira mål er å ha eit hypersonisk missil innan 2029.

Dei hevdar å vere det første privateigde europeiske selskapet som har oppnådd hypersonisk fart med sine våpen.

For å bli rekna som hypersonisk, må missilet ha ei fart på over Mach 5, altså fem gongar lydens hastigheit.

Hypersonica sitt missil nådde Mach 6 over norsk jord, og hadde 300 kilometers rekkevidd, seier produsenten.

– Dette er ein stolt augneblink for europeisk forsvarsinnovasjon, seier grunnleggarane, Philipp Kerth og Marc Ewenz, i ei felles utsegn.

PROTOTYPE: Oppskytinga førte til verdifull informasjon for vidareutviklinga av missilet, seier produsenten.

– Vi er takksame for ekspertstøtta frå og partnarskapet med Andøya Space til dette vellukka oppdraget.

Selskapet, som har sine hovudkvarter i nærleiken av München, har planar om ytterlegare testflygingar i framtida.

Powered by Labrador CMS