Nyheter:

Trump og Bolton var på kollisjonskurs på fleire område

​John Bolton er den tredje nasjonale tryggingsrådgivaren Donald Trump seier farvel til.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Presidenten i USA grunngir avgjerda med at dei to var sterkt usamde i mange saker

Medan Trump på fleire vanskelege område var på glid og interessert i å finne diplomatiske løysingar, stod den gamle krigshauken Bolton fram som konsekvent, konfliktorientert og lite interessert i å inngå kompromiss. Sentrale område der dei to var usamde var mellom anna korleis USA skulle stelle seg til Afghanistan, Nord-Korea, Iran og Venezuela.

I handteringa av fredsprosessen i Afghanistan vart det nyleg kjent at Trump hadde invitert Taliban-leiarar til feriestaden sin Camp David. Der skulle dei diskutere ei løysing som kunne føre til at USA kunne trekke ut fleire tusen av soldatane sine frå landet. Eit slikt møte gjekk på tvers av Boltons syn. Han støtta i si tid heilhjarta utplasseringa av soldatar i Afghanistan. 

Ville bombe Iran 

Også når det gjeld forholdet til Iran har Bolton vore klart meir konfliktorientert enn Trump. I eit innlegg i The New York Times i 2015 skreiv Bolton «To Stop Iran's Bomb, Bomb Iran». Kort etter at han tiltredde som Trumps tryggingsrådgivar gjekk USA vekk frå atomavtalen som var forhandla fram under president Obama og det vart innført strenge sanksjonar. 

Les også: Anklager Iran for sabotasje

Trump har i det siste sagt at han er open for dialog og at han støttar eit fransk forslag om å endre Irans kredittgrenser. Han skal òg ha sagt seg villig til å møte Irans president Hassan Rouhani utan at det er stilt vilkår på førehand. 

Nord-Korea

Trump har omtalt Nord-Koreas leiar Kim Jong-un i positive ordelag og utveksla det han har omtalt som vakre brev med den totalitære leiaren. Bolton har derimot ei historie der han har vore tydeleg kritisk og kjent for å stå for ei hard linje. 

Han deltok på dei to første møta Trump hadde med Kim i Singapore og i Hanoi, men då Trump tok initiativ til tredje, vart Bolton observert i Mongolia.

– Vart irettesett

Når det gjeld utfordringane med Venezuela har Bolton jobba for å velte den sosialistiske presidenten Nicolás Maduro. USA har til liks med mange andre land erklært Maduro for å vere ein illegitim president og har gått ut med støtte til opposisjonsleiar Juan Guaidó. 

Men Maduro har vist seg vanskelegare å få vekk frå presidentstolen enn venta, og Trump skal privat ha irettesett Bolton for å selje inn kor enkelt Guaidó kunne overta makta, ifølgje meldingar i amerikanske medium.

Powered by Labrador CMS