Nyheter:
Hans Petter Karlsen (57) frå Fredrikstad leiar Renovasjonsetaten i Oslo. Han er tidlegare offiser i Hæren.
Ryddeguten
Leiarutdanninga i Forsvaret kjem godt med når Hans Petter Karlsen skal rydde i renovasjonsetaten i Oslo.
Denne artikkelen er over seks år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
57-åringen brettar opp ermene og vedgår at
leiarutdanninga frå Forsvaret er noko han har
stor nytte av.
– Vi har utan tvil eit potensial for betring og
må freiste å verte meir robuste og meir brukarvenlege i tenesta vi leverer. Samstundes som vi
driftar, må vi også utvikle organisasjonen. Oslo
er i utvikling, og da må Renovasjonsetaten også
henge med.
Omdømejobb. Kvar veke vert det utført rundt
112 000 tømmingar i Oslo hos 600 000 privatpersonar og i tillegg nokre næringsdrivande.
Renovasjonsetaten i Oslo møtte mykje motbør
for rundt eit år sidan da firmaet Veireno hadde
ansvaret for avfallshenting og ikkje gjorde
jobben fullnøyande. I februar i fjor tok Renovasjonsetaten over ansvaret for søppeltømminga i
Oslo etter at Veireno gjekk konkurs.
– Vi er ikkje lenger i ei krise, men vi har framleis ein omdømejobb å gjere. Men vi arva eit
driftskonsept som ikkje fungerte heilt, og det er
vi i gang med å endre.
Samfunnskritisk. Han byrja formelt i jobben i
desember og rakk akkurat å måtte møte utfordringane frå julehøgtida, ei tid der det ikkje
akkurat er mindre søppel å hente – samtidig
som dei tilsette i etaten i likskap med folk flest
skal ta ut fridagar. Det blei ein del klagar.
Renovasjon vert definert som eit samfunnskritisk område.
– Ein merkar det raskt når søppelhentinga
sviktar i storbyar, det fekk jo Oslo-bebuarane
ein smakebit av da det ikkje fungerte for vel eit
år sidan.
– Dessutan er ombruk blitt viktig i den nye
sirkulære økonomien.
Vinn-vinn. Den tidlegare hæroffiseren var i
Forsvaret i 20 år og slutta i 2000. Dei siste to
åra leia han Krigsskoleutdannede offiserers
landsforening (KOL). Da han valde å henge frå
seg uniforma for godt, var det ein konsekvens
av omstillinga og eige ønske om å sleppe å
flytte frå heimtraktene for å ta nye militære
stillingar.
– Eg var i ein fase da skolebakgrunnen min
og tenesteerfaringa tilsa at eg kunne satsa på
ein militær karriere både i inn- og utland. Men
eg ville ikkje pendle og såg avgrensingane i å prøve å klore meg fast berre i stillingar på
Austlandet.
– At eg slutta, var rett og slett ein føremon
både for meg og Forsvaret.
Leiarutdanninga. Karlsen har nå lang erfaring
frå leiarstillingar i privat og offentleg sektor, blant anna som rådmann i fleire kommunar.
Han har også jobba som renovasjons- og
brannsjef i heimkommunen Fredrikstad.
– Ein er jo ein sum av alt ein har gjort gjennom ein karriere, og nå har eg ein del røynsle.
Leiarutdanninga i Forsvaret er veldig god og
strukturert, det skal godt gjerast ikkje å få
utbyte av ho.
– Stabsskolen er gjerne den utdanninga eg
har hatt mest nytte av for å kunne greie ut
saker og lage tilrådingar.
Umusikalsk. Som tidlegare sjef for Luftvernartilleriet i Fredrikstad har Karlsen gjort seg nokre
refleksjonar om selektering, ikkje minst av
kvinner.
– Mens eg sat i opptaksrådet, blei eg utfordra
på kva vi burde leggje mest vekt på, og eg innsåg
at ein har ein tendens til å rekruttere personar
som liknar ein sjølv. Det er vidare lett å ta fram
stoppeklokka og berre måle ut frå armhevingar
framfor å vurdere litt breiare og sjå på heile
mennesket, kva for personar vi ønskjer totalt sett som offiserar. Da spelar andre sider ved kandidatane også ei viktig rolle, slike som evne til
vurdering, motivasjon og kor modne dei er.
Karlsen har fått med seg at det har vore ein
debatt om krava til fysisk styrke hos kvinner.
– For meg blir utspel om at kvinner svekker
stridsevna, heilt umusikalsk i dag.