nytt om navn

Ho skal leie Landsrådet for Heimevernet

Jørgen Roaldset går av som generalsekretær i Landsrådet for Heimevernet, etter ti år i stillinga. Etterfølgaren hans er Malin Stensønes.

KJEM FRÅ LEIARROLLE: Malin Stensønes har tidlegare leia Norske Kvinners Sanitetsforening.
Publisert

Fram til i fjor var ho generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening. No skal Malin Stensønes leie Landsrådet for Heimevernet vidare.

– Evna til å verne om folket i kriser og krig, byggast i fredstid, seier Stensønes.

– Vi lever i ei usikker og uroleg tid, og eg opplever det som sterkt meiningsfylt å bidra til det som er landsrådet si hovudoppgåve - å styrke totalforsvaret gjennom eit tett samarbeid mellom forsvaret og sivilbefolkninga.

Sjefen i Heimevernet seier han er nøgd med tilsettinga.

– Malin har både kompetansen og engasjementet som trengs for å løfte dette arbeidet vidare, seier han, generalmajor Frode Ommundsen.

– Eg ser fram til eit godt samarbeid.

Ny jobb?

Har du eller nokon du kjenner fått ny jobb? Då vil vi gjerne at du skriv eit par linjer om vedkomande og jobben, samt legg ved eit bilete i breiddeformat, og sender til tips@fofo.no. Merk gjerne emnefeltet med «Nytt om namn».

Powered by Labrador CMS