krigen i Ukraina

Kallar Noreg «ein raud tråd» i ukrainsk overlevingshistorie

Under Krym-invasjonen skulle Mikhailo Koval bli skoten i fjella av russiske spesialstyrkar. I dag er han rektor for militærutdanninga ved ukrainske NDUU.

Mykhailo Koval i kamuflasje og vinrød beret står utendørs og snakker med en person utenfor bildet.
TOPPGENERAL: Mykhailo Koval har vore både grensevakt og forsvarsminister. I dag er han rektor på militæruniversitetet NDUU.
Publisert

SESSVOLLMOEN (Forsvarets forum): Då russiske spesialstyrkar i 2014 tok tok kontroll over Feodosija på Krym-halvøya, var generaloberst Mykhailo Koval på vakt for dei ukrainske grensestyrkane.

Dei batt han fast framfor fleire hundre russiske soldatar i nærleiken av hamna.

– Russarane slo meg med gjenstandar, blant dei eit balltre. Dei kravde at eg gjekk ned på kne og reiv av skuldermerka på uniforma mi, seier Koval til Forsvarets Forum.

– Eg blei kasta inn i eit køyretøy og køyrd til fjells for å bli avretta.

Spesialstyrkane køyrde han til ein ukjent stad i fjella, men blei sitjande i køyretøyet.

Ingenting skjedde. Koval fekk inntrykk av at det hadde komme ein kontrabeskjed frå toppleiinga. 

OKKUPASJON: Her er umerkte militærkøyretøy på veg frå Feodosija til Simferopol i tidleg mars 2014. Området blei dette året annektert av Russland.

– Kvifor?

– Arrestasjonen skjedde med mange vitne til stades, seier han.

– For å kunne late som at eg hadde teke mitt eige liv eller mista det på andre vis, kunne det ikkje ha vore ei offentleg hending. Det var ikkje mogleg.

Mykhailo Koval i kamuflasje og rød beret snakker med to personer utendørs
VIL HA RETTSPROSESS: Koval krev at Russland sine handlingar under okkupasjonen av Krym etter at krigen er over.

Koval seier at han blei eskortert til fastlandet, og gjekk fri etter ein halv dag i fangenskap. Krym-halvøya blei, og er framleis, okkupert av Russland.

Blei forsvarsminister

Kort tid etter hendinga blei Koval utnemnd som fungerande forsvarsminister i Ukraina. Han hadde rolla i tre månader.

– Til og med den gongen, hadde forholdet mellom Ukraina og Russland rivna for godt, seier han.

– Det var ein veldig ny form for aggresjon, så det var ein veldig kompleks og vanskeleg situasjon for landet generelt.

Navnet Koval står på brystet på en militæruniform i grønn pikselkamuflasje
KOVAL: Den ukrainske toppgeneralen har namnet på brystkassa til den ukrainske uniforma, som har pikselkamuflasje.

Difor valde den ukrainske regjeringa å utnemne ein representant for militæret som minister, seier Koval. Han var representanten.

Koval opplevde at det var vanskeleg å vite kven ein kunne stole på i denne perioden.

– Det var mange som sympatiserte med Russland på det tidspunktet. Forsvarsdepartementet og Forsvaret var ingen unntak, seier han.

Han takkar patriotane i den generasjonen av ukrainsk militærpersonell for at «dei ikkje lét Ukraina døy», men forsvarte landet sitt.

Soldatar i ulike kamuflasjeuniformer står samla ved ein frosen innsjø
PÅ OMVISING: Den ukrainske delegasjonen fekk sjå fleire øvingar som norske rekruttar må igjennom på Sessvollmoen leir.

– Det var i løpet av dei åtte neste åra at Ukrainas væpna styrkar gav det ukrainske folket ei moglegheit til å leve i fred, seier han.

– Det gav dei ein sjanse til å tilpasse seg, bli sterkare, og lettare identifisere skjulte hybidtruslar.

Hendinga på Krym har blitt dokumentert av Ukraina. Etter krigen håpar Koval at dei ansvarlege blir framstilte for ein internasjonal domstol.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Forma av krigen

Sjølv etter starten av fullskalainvasjonen i 2022, har Det nasjonale forsvarsuniversitetet i Ukraina (NDUU) utdanna nye militærtilsette.

Dette er viktig for at kommandantane ein sender til fronten er førebudde på det som ventar dei der, meiner Koval, som i dag er kommandant på NDUU.

– Men det å trene opp framtidige leiarar, og framtidige soldatar, involverer også å ta dei bort frå frontlinja ei stund. Er kostnaden vesentleg for kampane som skjer no?

– Dette er noko vi har diskutert fleire gongar med generalmajor Aamodt under besøket. Dette er prioriteringa, og ideen bak korleis vi gjennomfører utdanninga, svarar Koval.

Militærtilsette helsar på kvarandre ved ein militær bygning og ein svart varebil
SAMARBEID: Kunnskapsutvekslinga med Noreg og Forsvarets høgskole har hatt stor verdi for Ukraina, seier Koval.

«Ekstreme» vendingar på slagmarka i Ukraina har likevel gjort at NDUU har gjort store endringar i utdanningsprogramma sine, legger han til.

Det at dei er tilpassingsdyktige, meiner han gjer ein enorm forskjell ved fronten.

– Sjå på Svartehavet. Ukrainarane har aldri hatt ei veldig sterk sjømakt, men til og med utan ei sjømakt og ved hjelp av ubemanna system, har vi klart å slå den russiske flåten, seier han.

HEIDRA: Medaljen frå Forsvaret blei overrekt av leiaren for Forsvarsstaben, generalløytnant Ingrid Gjerde.

Han viser vidare til at over 100 av deira avgangsstudentar har fått Ukraina si øvste æresmedalje for militære tilsette.

Måndag fekk Koval sjølv utdelt ein medalje – Forsvarsmedaljen frå forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

– Generaloberst Mykhailo Koval har sjølv spelt ei avgjerande rolle i utviklinga av forskingsprosjektet Total Defence, heiter det i pressemeldinga frå Forsvaret.

– General Koval si vilje til å dele erfaringar og innsikt, ofte henta frå krevjande operative kontekstar, er av særleg stor betydning for Forsvaret, Forsvarets høgskole, og norsk tryggings- og beredskapsutvikling.

Takkar Noreg

– Vi er inderleg takksame til det norske folket. Dette er ein brorstat, kan eg seie ope og sjølvsikkert, seier Koval.

– Støtta og bistanden frå landet dykkar er uvurderleg fordi den er kraftfull, og tru meg, Ukraina kjem ikkje til å gløyme den.

Leiaren for Forsvarets høgskole, Dag Rist Aamodt, skyt inn frå sida: 

– Det er eit privilegium og ei ære å vere i stand til å hjelpe.

Mykhailo Koval og Dag Rist Aamodt poserer fremfor en betongstruktur til stridsvognøvelser i et snødekt skogsområde
TRANDUM: Mykhailo Koval (venstre) med FHS-leiar Dag Rist Aamodt, framfor ei øvingsbane for stridsvogner i Trandumskogen.

– Det vi får ut av det er verdifull innsikt i korleis krigen på bakken i Ukraina endrar korleis militærmakt blir utøvd. Alt frå teknologi til korleis samfunnet held seg gåande.

Noreg har hjelpt til å utvikle ei løysing for digital læring som gjer styrkane meir tilpassingsdyktige i felt, fortel dei.

I tillegg har landa eit samarbeidsprogram for opptrening av ukrainsk personell.

– Eg er sikker på at arbeidet vi gjer militært saman vil føre til at angriparen blir tvungen til å stoppe å kjempe mot oss, seier han.

– Alle krigar sluttar ein gong. Det er eit spørsmål om tid.

Powered by Labrador CMS