Nyheter

Kva bestemmer Kongen
over i Forsvaret? 

Kongen er både general, admiral og har høgaste befalingsmakt over Forsvaret ifølge Grunnlova. Jussprofessor Eivind Smith forklarer Kongen si militære rolle.

EID: Kong Haakon 8 etter han avla eid på Stortinget.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene

I Grunnlova står det blant i §25 «Kongen har høgste befalinga over forsvarsmakta til riket.» og i §26 «Kongen har rett til å kalle saman troppar, byrje krig til forsvar av landet og slutte fred».

– Førestillinga om Kongen som øvste befalingsmann er på ein måte riktig, men og samtidig truleg noko misforstått. Vi lever i eit parlamentarisk demokrati, noko kongen sjølv veit veldig godt, seier Eivind Smith.

Han er professor i juss og har jobba med spørsmål knytt til Grunnlova og statsmaktene i ei årrekke.

Kongen i statsråd

Kongen er general i både Hæren og Luftforsvaret, samt admiral i marinen.

Kong Haakon er utdanna ved Sjøkrigsskolen og var nestkommanderande på missiltorpedobåten KNM Lom i 1995.

Men det er ikkje general Haakon, men kong Haakon, som er øvste befalingsmann.

Det same vil gjelde for ei framtidig dronning Ingrid – kva militær rang ho kan tenkast å få, er ikkje avgjerande her, forklarer Smith.

ØVING: Dåverander kronprins Haakon og Ingrid Alexandra under øvinga Joint Viking i 2025.

Professoren rammar inn kva teksten i Grunnlova betyr, når det står at Kongen har høgaste befaling.

– Dei nemnde føresegnene om Kongen si militære rolle må lesast i samanheng med andre føresegner i Grunnlova. Då blir det klart at det er Kongen i statsråd som har den øvste leiinga, seier han og fortset.

– Kongen er den øvste leiaren, men strengt tatt ikkje personleg, og slett ikkje Kongen åleine, men Kongen i statsråd, det vil seie kongen saman med regjeringa, seier UiO-professoren.

Kan stoppe vedtak

Kongens i statsråd er namnet på møtet der regjeringa under leiing av Kongen treffas for å gjere formelle vedtak.

Kongen i statsråd er leiaren av den utøvande statsmakta, og altså for statsforvaltninga i Noreg.

MØTELEIAR: Bildet frå tidlegare i år viser dåverande kronprins Haakong og kong Harald då dei leia kongen i statsråd saman med Støre-regjeringa.

Dette møtet skjer vanleg vis kvar fredag kl. 11. Kongen si rolle i denne samanheng er dels å leie møtet, dels å gjere vedtaka bindande ved å signere.

– Under desse regjeringsmøta er altså medverkinga til Kongen avgjerande. I prinsippet kan han stanse eit vedtak ved å nekte å skrive under. Men dette har ikkje skjedd nokon gong sidan 1905, og det er svært lite truleg at det vil skje under kong Haakon, forklarer Smith.

Har innflytelse

For at vedtaka skal vere gyldige, må altså Kongen, eller ho som no vert kronprinsesseregenten, vere til stades og signere.

Som døme viser Smith til då Noreg skulle sende jagarfly for å delta i militæroperasjonen i Libya i 2011. Flya blei sende til Kypros på førehand, men dei vart ikkje sett inn i angrepa før klarsignalet var gitt av Kongen i statsråd.

– Kan Kongen seie meininga si under møta i statsrådet?

– Ja, det kan han. Det er nok noko Kongen i mindre grad gjort i dei seinare åra, og sjølv om eg jo ikkje veit det sikkert, var truleg kong Haakon og kong Olav meir aktive i enkeltsakene enn kong Harald har vore. Men statsministeren har vore nokså tydeleg på at kongen kan ha innflytelse. Ikkje nødvendigvis ved å seie nei, men ved å stille spørsmål, seier Smith.

Kongens nei

Som eksempel på kva innflytelse Kongen kan ha, viser Smith til då nazistane angreip Noreg og det blei spørsmål om å legge ned våpena med ein gong.

FLUKT: Kong Haakon 7. saman med kronprins Olav på HMS Glasgow etter at kongen hadde nekta å godta tysk okkupasjon i 1940. Kong Haakon og kronprins Olav slo seg saman med regjeringa ned i London.

– Kongens «nei» i 1940 blir ofte misforstått i retning av at kong Haakon var den som formelt avgjorde spørsmålet om å utnemne Quisling til statsminister. I røynda overlét kong Haakon til regjeringa å treffe avgjerda. Men, han sa: Viss de vil utnemne han, då kan ikkje eg vere med og vil derfor måtte abdiserer som konge, seier Smith.

Han seier at Kongen i mange samanhengar har ei stemme rundt bordet i militære og andre spørsmål, men at den viktigaste rolla til Kongen i dag er symbolsk og seremoniell.

– Han kan ikkje bestemme eller beordre noko, men har klart nok noko han skulle ha sagt. 

 

Powered by Labrador CMS