Nyheter

Einige med Polen om tettare forsvarssamarbeid

Statsminister Jonas Gahr Støre og Polens statsminister Donald Tusk har signert avtale om strategisk partnarskap.

SIGNERT: Måndag signerte Jonas Gahr Støre og Donald Tusk avtalen om strategisk partnarskap i Warszawa.
Publisert Sist oppdatert

WARSZAWA (Forsvarets forum): – Noreg og Polen er allierte og nære partnarar. Derfor er dette partnarskapen viktig for oss. I ei tid med krig i Europa og alvorlege tryggingsutfordringar står vi saman i støtta til Ukraina og i arbeidet for å styrke tryggleiken i vår del av Europa, seier statsminister Jonas Gahr Støre på ei pressekonferanse.

Frå før har Noreg signert avtalar om strategisk partnarskap med Storbritannia, Canada, Frankrike, Ukraina, Nederland og Tyskland.

Gardering

Støre er på besøk i Polen og signeringa er ein del av det han kallar gardering, å sikre seg.

– Vi kallar den norske strategien for gardering. Vi garderer sikkerheita vår med våre nøkkelpartnarar i dei nordiske landa, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen og Canada. Vi sender eit tydeleg signal om at Europa tek si eiga sikkerheit på alvor. 

POLEN: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i samtale med statsministeren i Litauen, Mindaugas Sinkevičius.

– Trump har avtalt å kjøpe diesel av Russland, understrekar det behovet for individuelle avtalar mellom europeiske Nato-land?

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene. 

– Det er mange grunna for å signere avtalar som dette. Etter dette møtet er det eit tydeleg signal til diplomatane våre, kollegaene våre i regjeringa og sivilsamfunnet at dette er nivået for ønsket om samarbeid mellom Noreg og Polen, sa Støre.

Tettare samarbeid

Statsministeren deltok i dag på opninga av Warsaw Security Forum. Møtet med Polens statsminister, Donald Tusk, skjedde på den polske Statsministerens kontor.

Erklæringa om strategisk partnarskap har som mål å sikre eit tettare langsiktig samarbeid mellom Noreg og Polen, innan tryggingspolitikk, forsvar, beredskap, motstandskraft og støtte til Ukraina.

TUSK: Statsministeren i Polen, Donald Tusk, på sikkerhetskonferansen i Warszawa.

– Forholdet mellom Polen har utvikla seg veldig dei siste åra. Norsk forsvarsindustri investerer og samarbeider med Polen. Polen har forsterka forsvaret sitt med veldig mykje norsk teknologi, sa Støre til Forsvarets forum.

Polen har dei siste åra rusta kraftig opp og er EU-landet med størst hær. Regjeringa skriv i pressemeldinga at Noreg og Polen har felles interesser når det kjem til trygging i Østersjøregionen, beskyttelse av kritisk infrastruktur og styrking av samfunnssikkerheit og beredskap. 

Norsk EØS-støtte 

Over dei siste 20 åra er Polen det landet som har teke imot mest norsk EØS-støtte. I pressemeldinga peikar regjeringa på at støtta har gått til ei rekke polske organisasjonar og institusjonar som har styrka sivilsamfunnet. 

– EØS-midlane har vore ei av dei viktigaste bruene mellom Noreg og Polen dei siste 20 åra. Dei har bidrege til å styrke sivilsamfunnet, bygge robuste institusjonar og utvikle samarbeidet mellom Noreg og Polen. Vi har eit godt grunnlag for å vidareutvikle partnarskapen vår i ei tid der europeisk tryggleik og samhald er viktigare enn på lenge, sa Støre på pressekonferansen i Warszawa.

Powered by Labrador CMS