Så viktig er olje og gass for kriginga til Russland
Når oljeprisen går opp ser vi fleire russiske soldatar i Ukraina, seier ekspert på russisk økonomi.
AUKA: Eksporten av russisk flytande naturgass (LNG) har auka med 60 prosent sidan fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022. Det seier Ukraina sin ambassadør i Norge, Oleksiy Gavrysh. Bildet viser ein russisk gasstankar ved hamn i Prigorodnoye.Foto: AP, NTB
Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
ARENDAL (Forsvarets forum): Medan krigen i Ukraina rasar, har russiske skip lasta med gass til Europa segla rundt 300 gongar langs norskekysten det siste halvanna året. Det viser tal frå Nord universitet.
Annonse
– Russland har blitt kalla ein «bensinstasjon med atomvåpen», og det med god grunn, seier analytikar Erlend Bollman Bjørtvedt, ekspert på russisk økonomi, og siterer den amerikanske senatoren John McCain.
Bjørtvedt deltok i ein panelsamtale arrangert av Den norske Helsingforskomite under Arendalsuka. Temaet var korleis går det med den russiske økonomien, fem år etter fullskala invasjonen av Ukraina.
SANSKJONAR: Erlend Bollman Bjørtvedt er spesialist på effekten av sanksjonane mot Russland og har laga fleire rapportar om dette. Her under panelsamtale i Arendalsuka.Foto: Øystein Windstad, Forsvarets forum.
– Vi ser direkte link mellom inntektene frå olje og gass og antalet soldatar som blir rekruttert til fronten, seier Bjørtvedt til Forsvarets forum.
Spesialisten på russisk økonomi er dagleg leiar av analyseselskapet Corisk. Bjørtvedt har granska russisk økonomi og effekten av sanksjonane. Invasjonen av Ukraina er i stor grad gjort ved hjelp av frivillige soldatar.
– Dei som vervar seg får 20.000 dollar for å signere kontrakt. Det er svært mykje pengar i Russland. Om soldaten dør, får enka og familien opp til 50.000 dollar.
– Sanksjonar avgjerande for krigen
Bjørtvedt og Corisk har samarbeidd og laga rapportar om russisk økonomi med blant andre NUPI, Den norske Helsingforskomite og Handelshøgskulen i Stockholm (SITE). Han seier den russiske krigsøkonomien vakla.
– Då oljeprisane minska i 2024 og 2025, sleit fleire russiske regionar som Jakutsk med å betale vervingsbonusane. Vi ser at når oljeprisane har gått opp i andre kvartal i 2026, rekrutterer Russland fleire frivillige samanlikna med første kvartal i år. Dette er eit krigsmaskineri som er totalt avhengig inntektene frå eksport av olje og gass, seier Bjørtvedt.
Han meiner sanksjonar av russisk petroleum vil ha stor effekt.
– Sanksjonar her er svært viktig og avgjerande for å minske Russland sin angrepsevne.
EU med rekordimport av russisk gass i år
Medan importen av gass gjennom røyrleidningar har gått kraftig ned sidan 2022, er situasjonen noko anna når det kjem til russisk flytande naturgass (LNG).
Financial Times skriv at LNG-eksporten til EU-land har nådd rekordnivå i 2026 på rundt ti millionar tonn. Det er nesten 20 prosent opp samanlikna med første halvår i fjor. Frankrike, Belgia og Spania er dei største importørane. Det blir estimert at Russland har seld LNG til Europa til ein verdi av 60 milliardar kroner så langt i år.
KRITISK: Ukraina sin ambassadør til Norge, Oleksiy Gavrysh under Arendalsuka. Han er svært kritisk til at Russland har eksportert store mengder LNG til EU-land, sidan 2022.Foto: Øystein Windstad, Forsvarets forum
– EU har auka importen av flytande naturgass med 60 prosent fram til første del av i år, etter at fullskala-krigen starta, seier Oleksiy Gavrysh, Ukraina sin ambassadør i Noreg.
– Vi treng skikkelege sanksjonar av russisk olje og gass kombinert med meir eksport av norsk gass, det vil vere avgjerande og viktig.
Billig gass har kosta dyrt
EU har vedteke at det skal bli stopp på importen av russisk LNG i løpet av neste år. Ambassadøren meiner det er eit paradoks at det har blitt snakka om at det er sanksjonar mot russisk gass i rør, mens importen av russisk gass frakta i skip har eksplodert.
Gavrysh seier både Ukraina og EU har blitt blenda av billig russisk olje og gass.
– Vi har over fleire tiår blitt forgifta med billig russisk energi. Reknar du på all finansiell skade Ukraina har fått frå Russland opp mot den billige energien, vil du bli negativt overraska over kva faktisk pris vi har måtte betale, seier han og fortset.
– Russisk rimeleg energi er ikkje billig. Det kjem ei sluttrekning med ein samla pris som vil negativt overraske deg.