Debatt:
– Eit fly vi ikke har råd til
Cathrine Sandnes fryktar manglande forsvarsinteresse og nye kampfly vil knekke ryggen på Forsvaret.
Denne artikkelen er over syv år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
– Tidlegare kjende alle ein som hadde
vore i militæret, men no er det jo færre som
avtener verneplikt. Likevel har eg lenge lurt på
kvifor interessa for Forsvaret, som ein viktig
del av velferdsstaten, har vorte mindre hos
folk flest, seier leiaren for tankesmia Manifest.
– Sjølv ser eg på Forsvaret som den ytre
ramma rundt fellesskapet vårt, som ein pre-
miss og sikkerheit. Men eg meiner vi lenge har
hatt ei utvikling der samtalene om Forsvaret
førast av spesielt interesserte, og då er det fare
for å miste den demokratiske forankringa i
samfunnet.
Sandnes meiner Noreg skal ha eit sterkt invasjonsforsvar, men at prioritering av kampfly
vil føre til svært uheldige kutt for resten av
Forsvaret.
I boka «Angrep eller forsvar» har Cathrine
Sandnes og medforfattar Ingeborg Eliassen sett
på korleis kampflykjøpet vil påverke Forsvaret. Dei meiner auka utgifter for bygging av ny
kampflybase, uforutsigelige driftsutgifter ved
eit heilt nytt fly og ein skiftande dollarkurs vil
skape store vanskar for Forsvaret si evne til å
løyse oppgåvene i framtida – på toppen av ein
forsvarsøkonomi med svekka kjøpekraft og
stort etterslep.
– Både Hæren og Sjøforsvaret vil kome til å
lide sterkt som følgje av at nye fly skal prioriterast.
Konklusjonen vår er at dette kan knekke
ryggen på Forsvaret.
Ho understrekar at boka verken diskuterer
Noreg sitt Nato-medlemskap eller valet av
F-35 framfor dei andre flyalternativa som vart
vurdert.
– Dette handlar ikkje om å vere for eller i mot valet av eit fly frå USA. Hovudpoenget
vårt er at F-35 er eit fly vi ikkje har råd til.
Ho meiner kjøpet av F-35 føyer seg inn i rekkja av uheldige gigantprosjekt i offentleg regi.
– Vi ser det også til dømes ved bygging av
vegar, at det er ein lei tendens til å underbudsjettere driftskostnadene. Til drifta av dei nye
kampflya ser eg rett og slett ikkje kor midlane
skal takast frå – sjølv om vi akkurat no har den,
på papiret, mest forsvarsvenlege regjeringa på
lange tider.
Sandnes meiner Forsvaret er til for å forsvare
Noreg, på norsk jord, om naudsynt.
– Oppgåva vår er ikkje å kjempe stormaktene
sine krigar på framand territorium, seier ho.
– Støtta til Nato er meint å sikre vår eigen tryggleik. Men eg har vore kritisk til Noreg si
deltaking i Afghanistan, Irak og Libya, statar
som no er heilt øydelagde, der terroristane har fått fotfeste, medan folket flyktar. Desse krigane
har ikkje gjort verda tryggare.
Sandnes meiner Noreg kan yte støtte til Nato
på andre måtar enn med kampfly. Ho er svært
positiv til nye ubåtar for å erstatte Ula-klassen.
– Ut frå den geografiske plasseringa vi har,
med ei lang kystlinje, ser eg ikkje noko alternativ, vi må ha ubåtar.
– Ein av konklusjonane vi sit att med etter å ha skrive denne boka, er at gapet mellom dei
uttalte ambisjonane og den reelle forsvarsevna
er større enn vi trudde.
Sandnes seier ho ikkje har planer om fleire
bokprosjekt med det første. Ho fortel at det var
krevjande å skrive bok samstundes som ho var
sysselsett på fulltid i jobben som leiar av Manifest, men at ho kjende det var naudsynt.
.
– For folk utanfor Forsvaret er det ikkje lett
å forstå korleis Noreg kan bruke mellom 40 og
50 milliardar kroner i året på forsvar og likevel
få høyre at vi knapt har forsvarsevne. Eller at
vi allereie brukar meir pengar på forsvar per
innbyggjar enn noko anna Nato-land, men må
bruke meir.
– Vi må skape forståing for den norske geografien. Vi har lang kystline og grensar til Russland. Vi treng eit anna forsvar enn til dømes
Danmark. I tillegg trekkjer det norske lønnsnivået opp kostnadane. Og moderne teknologi er
kostbart.
bildetekst